Hopp til innhold
X
Innhald

Qi

Qi er namnet på diverse kinesiske småstatar opp gjennom historia, alle med base i Shandong-halvøya i Aust-Kina.

Den første og kanskje mest kjende av Qí-statane (Chi, 齊) var ein av dei sju mektigaste statane under det austlege Zhou-dynastiet (771–221 f.Kr.), Kinas lengste periode med faktisk splitting. Saltproduksjon og transitt for metallhandelen gav staten eit godt økonomisk grunnlag. Staten var også eit intellektuelt sentrum, i ei tid då Kinas store idétradisjonar voks fram, deriblant daoismen, konfutsianismen og mohismen. 679–632 f.Kr. var kongen av Qi anerkjend som «hegemon» (ba) av dei andre kinesiske kongane. I 221 f.Kr. vart Qi, som siste sjølvstendige kinesiske stat, erobra av Zheng, kongen av Qin. Dette markerte starten på det kinesiske keisarriket.

Først publisert: 07.11.2019
Sist oppdatert: 07.11.2019