Hopp til innhold
X
Innhald

Qianlong-keisaren

Qianlong-keisaren, 1711–99, var keisar av Kina under Qing-dynastiet. Med sine 60 regjeringsår (1735–1796) er han blant dei lengst regjerande statsleiarane i verdshistoria.

Qiánlóng (乾隆) er eigentleg namnet på herskarperioden til Qianlong-keisaren frå 1735 til 1796 og betyr «himmelsk velstand». Det mandsjuiske namnet hans var Aisin Gioro og det kinesiske namnet Hongli. Tempelnamnet hans var Gaozong. Han hadde ei allsidig utdanning og utmerkte seg på mange felt, mellom anna som kunstnar. Under hans regime nådde Kina si største utstrekning.

Qianlong-keisarens regjeringstid spente over både gullalderen til Qing-dynastiet og den begynnande tilbakegangen. Han var både administrativt, militært og intellektuelt svært kapabel og vart utpeika som etterfølgjar sjølv om han var fjerde son i rekkja. Militært sørgde han for å fullføre kolonialiseringa av Tibet. Dessutan makta han endeleg å slå ned dzungarane, ei samling mongolske folkeslag i vest, som vart straffa for det tolmodige opprøret sitt ved å bli offer for folkemord. Deira område vart til Xinjiang. Med desse og andre erobringar nådde Kina den største utstrekninga nokosinne under Qianlong-keisarens styre, og Kina nyt godt av dei territoriale erobringane hans den dag i dag.

Korrupsjon, ein ekstravagant livsstil ved hoffet og massive byggjeprosjekt førte etter kvart til økonomiske vanskar. Ein motvilje mot politiske reformer skapte dessutan eit gammaldags og tungrodd system. Ein trur òg at Qianlong-keisaren var ramma av senilitet i seinare år. Qing-dynastiet kom seg aldri etter nedgangen som begynte under hans styre.

Qianlong-keisaren abdiserte i 1796, av respekt for bestefar sin, Kangxi-keisaren, som hadde styrt i 60 år då han døydde. I praksis beheldt Qianlong-keisaren likevel makta til han døydde i 1799.

Først publisert: 07.11.2019
Sist oppdatert: 07.11.2019