Hopp til innhold
X
Innhald

Qin

Qin var opphavleg ein kinesisk småstat som oppstod i vestdelen av riket då Zhou-dynastiet vart oppløyst frå ca. 800 f.Kr. Den fjerde herskaren i Qin-riket samla det meste av Kina til eitt rike i 221 f.Kr. og grunnla med det det kinesiske keisardømmet.

Staten Qín (Chin, Tsin, 秦) hevda seg i «dei krigande statars periode» (481–221 f.Kr.) fordi han ikkje var føydalisert, det vil seie at han hadde eit meir sentralisert styre. Frå ca. 350 f.Kr. skapte førsteminister Shang Yang ein sentralisert embetsadministrasjon og ein hær av tvangsutskrivne bondesoldatar som gradvis la under seg naboområda.

I perioden 230–221 f.Kr. erobra kong Zheng dei andre kinesiske statane og tok keisarnamnet Qin Shi Huangdi. Heile Kina fekk felles mål, vekt, mynt, skrift og kalender. Etter at Qin Shi Huangdi døydde i 210 f.Kr., vart det opprør i dei nyleg erobra områda både blant bønder, adel og dei militære. I 207 f.Kr. gjekk Qin-dynastiet under, men keisardømmet overlevde. Qins organisering av staten vart definerande for all kinesisk statsdanning sidan.

Qin er truleg opphavet til namnet «Kina». 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.11.2019
Sist oppdatert: 07.11.2019