Hopp til innhold
X
Innhald

Qing-dynastiet

Qing-dynastiet var Kinas siste keisardynasti, 1644–1911. Herskarslekta var mandsjuar, eit folkeslag som opphavleg heldt til nordaust for det som då var Kina. Dynastiet hadde ei stordomstid på 1700-talet, med nedgang frå og med 1800 særleg på grunn av ytre vestleg og etter kvart japansk press.

Aisin Gioro, ein mandsjuisk stamme, oppretta dynastiet Qīng (清) i 1636 i området som i dag blir kalla Mandsjuria. Då hadde dei alt kasta av seg Kinas overherredømme, samla alle mandsju-stammane, inngått samarbeid med mongolar i vest og begynt å erobre små område nordaust i Kina. Ming-dynastiet var då alt så godt som dødsdømt, hovudsakleg på grunn av indre kaos. I 1644 fall Beijing for indre opprør. På merkeleg vis utnytta mandsjuane kaoset som oppstod, til å okkupere hovudstaden og etter kvart heile Kina.

For å legitimere styret sitt hegna mandsjuane om både kinesiske institusjonar og tradisjonar. Ironisk nok vart Qing-dynastiet meir kinesisk enn noko kinesisk dynasti. Det oppstod ein streng konfutsiansk ortodoksi med lite rom for avvik. Denne ortodoksien vart del av banen for dynastiet, då dei møtte utfordringa frå dei stadig mektigare europearane med avfeiing og sidan apati.

I 1912 abdiserte den siste Qing-keisar, og Kina vart republikk.

Først publisert: 07.11.2019
Sist oppdatert: 07.11.2019