Hopp til innhold
X
Innhald

Shang-dynastiet

Shang-dynastiet (Yin-dynastiet) er den eldste sikre kinesiske kongeslekta. Usikker datering er ca. 1556–1046 f.Kr. Med kjerneområde omkring Huangelva strekte riket seg frå det austlege Shaanxi i vest til det sentrale Shandong i aust, frå det sørlege Hebei i nord til det nordlege Hubei og Anhui i sør. Ca. 1046 f.Kr. nedkjempa fyrst Wu av Zhou den siste Shang-overkongen.

Shāng (商) er ifølgje tradisjonen det andre kinesiske dynastiet, etter Xia. Ettersom det ikkje finst skriftlege leivningar frå Xia-dynastiet, er Shang det første historiske kinesiske dynastiet. Både namnet Shang og namnet på fleire kongar som er nemnde i seinare historieverk, finst i (og blir dermed stadfesta av) dei såkalla «orakelbeina», som stammar frå denne perioden.

I tillegg til at dei er det tidlegaste funnet av kinesisk skrift, er orakelbeina ein av fleire indikasjonar på ein kompleks sivilisasjon. Andre viktige arkeologiske funn er graver, bymurar og bronseartefaktar. Shang blir rekna som høgdepunktet for kinesisk bronsemetallurgi. Rituelle bronsekar, jadekunst og forfedredyrking er eksempel på aspekt ved Shang-samfunnet som sidan vart viktige kjenneteikn på kinesisk kultur. Ein del andre aspekt, slik som menneskeofring, vart det ikkje, og ein kan trygt seie at Shang er langt fjernare frå tradisjonell kinesisk kultur enn det følgjande Zhou-dynastiet.

Sjå også artikkel om Anyang, den siste hovudstaden i Shang-riket.

Først publisert: 07.11.2019
Sist oppdatert: 07.11.2019