Hopp til innhold
X
Innhald

Song-dynastiet

Song-dynastiet var ei kinesisk keisarslekt og ein historisk periode 960–1279. Det var Kinas økonomiske, industrielle og til dels kulturelle gullalder. Dynastiet sleit militært gjennom heile perioden, og siste rest vart utradert av mongolane i 1279.

Dynastiet Sòng (宋) vart oppretta av Zhao Kuangyin i 960 då han kuppa trona frå den siste keisaren av det austlege Zhou. Zhao Kuangyin hadde vore ein framståande general i det nemnde Zhou, ein av fleire kortlevde småstatar under den kaotiske «fem dynasti og ti kongedømme»-perioden (907–960). Som keisar Song Taizu sigra han over desse andre statane og samla dermed Kina igjen. Han oppretta også Songs omfattande og effektive byråkrati, mellom anna gjennom ei utviding av det kinesiske eksaminasjonssystemet. 

Denne verdsetjinga av administrasjonen over det militære var noko av oppskrifta til Song-dynastiet sin suksess, men blir òg rekna som opphavet til Songs kroniske militære problem. Ein unngjekk mektige generalar og militærkupp av den typen som førte Song til makta, men også kreativt spelerom for driftige militære leiarar. I 1127 erobra jursjenarane, eit tungusisk stammefellesskap, hovudstaden Kaifeng og store delar av Nord-Kina. I perioden som følgde, kalla Søre Song (1127–1279), var Songs territorium avgrensa til sør for Yangtze-elva. Økonomisk og kulturelt blomstra Song-Kina likevel som før. Hangzhou, den nye hovudstaden, overtok Kaifengs plass som truleg den mest folkerike byen i den tida. I tråd med den innovative ånda i Song-dynastiet vart det utvikla ei rekkje militære nyvinningar, som krutvåpen, kompass, hjulbåt og blide (kastevåpen).

Til slutt klarte ikkje Song-dynastiet lenger å motstå den nye trusselen i nord – mongolane. I 1276 fall hovudstaden og i 1279 den siste resten av motstand. Kina vart dermed sameint under mongolsk herredømme i Yuan-dynastiet.

Trykking var ei anna viktig oppfinning som først vart teken i utstrekt bruk under Song. Dermed er heile tre (dei to andre er krutet og kompasset) av Kinas «fire store oppfinningar» knytte til Song-dynastiet.

Først publisert: 07.11.2019
Sist oppdatert: 07.11.2019