Hopp til innhold
X
Innhald

Sun Yat-sen

Sun Yat-sen (Sun Zhongshan, Sun Wen), 1866–1925, var ein kinesisk revolusjonshelt og Kina sin første president.

 

Sun Yat-sen (孫中山) vart fødd 12. november 1866 i Guangdong i Sør-Kina. 13 år gammal flytte han til Honolulu, der han fekk ei vestleg utdanning og konverterte til kristendomen. Sun vart eksponert for vestlege idear også då han flytte til Hong Kong i 1886 for å studere vestleg medisin.

På 1890-talet la han legevirket til side for å konsentrere seg om dei stadig veksande revolusjonsambisjonane. Forutan ei rekkje mislukka revolusjonsforsøk bestod den tidlege politiske karrieren til Sun i nettverksbygging og pengeinnsamling i eksil. I 1905 var han med på å stifte Tongmenghui i Japan, forløparen til Guomindang.

10. oktober 1911 lukkast endeleg revolusjonsforsøka i Wuchang, Hubei. Opprøret spreidde seg og felte Qing-dynastiet før året var omme. Sun var i eksil og ikkje direkte involvert i opprøret. Han kom til Kina 21. desember 1911. 1. januar 1912 vart han innsett som provisorisk president for Republikken Kina.

Dei første åra av Republikken var kaotiske og prega av maktkamp. 10. mars 1912 overlét Sun presidentskapet til Yuan Shikai, ein general som hadde vore viktig i revolusjonen, og som var lova presidentskapet viss Qing-keisaren abdiserte. Guomindang vann det første lovforsamlingsvalet i 1912, men Yuan Shikai erklærte seg som keisar i 1915, og Sun måtte igjen gå i dekning. I 1916 døydde Yuan Shikai, og Kina vart delt mellom ei rekkje krigsherrar (krigsherretida, 1916–1928). I 1917 returnerte Sun til Kina og begynte å planleggje ein militær ekspedisjon mot krigsherrane frå basen sin i Nanjing. Sun døydde i 1925 og opplevde dermed ikkje den vellukka ekspedisjonen 1926–1928 og samlinga av Kina. 

Ideologisk er Sun særleg kjend for «dei tre folkeprinsippa».

Først publisert: 07.11.2019
Sist oppdatert: 19.02.2020