Hopp til innhold
X
Innhald

Taiping-opprøret

Taiping-opprøret var eit storstilt bondeopprør i Kina 1850–64, retta mot Qing-dynastiet. I dødstal var det truleg den blodigaste borgarkrigen gjennom tidene.

Starten på Taiping-opprøret (tàipíng tiānguó zhī luàn, 太平天國之亂) blir datert til slutten av året 1850, då Qing-Kinas styrkar begynte å forfølgje ei lita kristen sør-kinesisk sekt kalla Læra om gudstilbeding (Bai Shangdi jiao). Leiaren, ein sør-kinesar ved namn Hong Xiuquan, meinte han var Guds son og Jesu yngre bror. Han var også kritisk til dei mandsjuiske herskarane i Qing-dynastiet, og i 1851 erklærte han Himmelriket Taiping eller «Himmelriket for den ultimate freden» (taiping tianguo), i open opposisjon til Qing-dynastiet.

Taipingane praktiserte ei form for egalitet og nasjonalisme som raskt tiltrekte seg følgjarar. Etter tre år hadde dei okkupert store delar av den fruktbare Yangtze-dalen, inkludert Nanjing, som under namnet «Himmelbyen» (Tianjing) fungerte som hovudstad i himmelriket frå 1853 til opprøret var over. Opprørarane mislukkast så vidt i å ta Beijing seinare same år. Dermed mista opprøret noko av framdrifta, og borgarkrigen gjekk inn i ein fase der styrkeforholdet mellom Taiping- og Qing-styrkane var nokolunde jamt, med fleire millionar soldatar på begge sider.

Opprøret vann tilbake noko av framdrifta med tilførselen til Nanjing i 1859 av den ambisiøse statsmannen Hong Rengan, som prøvde å modernisere Himmelriket etter vestleg modell. Qing-dynastiet i denne perioden stritta imot all modernisering. Hong Rengan vekte vestlege makters nysgjerrigheit, men dei fall til slutt ned på å støtte Qing-dynastiet. Kanskje var det dette som vippa vektskåla i favør av Qing-dynastiet. I 1864 fall endeleg Nanjing, og Hong Xiuquan døydde. Utan nokon leiarskap ebba opprøret ut i åra som følgde.

Først publisert: 07.11.2019
Sist oppdatert: 07.11.2019