Hopp til innhold
X
Innhald

Wang Hongwen

Wang Hongwen, 1935–92, var ein kinesisk politikar. Han vart sett på som ein mogleg etterfølgjar av Mao. I 1976 vart han arrestert som medlem av Firarbanden, og i 1981 vart han dømd til livsvarig fengsel.

Wáng Hóngwén (王洪文) var den yngste medlemmen av Firarbanden, og blant dei yngste som nokon gong hadde sete i den ståande komiteen i politbyrået (i ein alder av 37). Etter at Lin Biaos døydde i ein flystyrt i 1972, gjekk det rykte om at Wang var utpeika som Maos etterfølgjar.

Wang Hongwen døydde av leverkreft i fengsel i 1992.

Først publisert: 07.11.2019
Sist oppdatert: 07.11.2019