Vinbeholder
Frå Xia-dynastiet 2100-1600 fvt.
Av .
Lisens: CC BY 3.0

Xia-dynastiet var etter tradisjonen det første kinesiske dynastiet, frå ca. 2200 til 1800–/1700-talet fvt.

Faktaboks

Uttale
kjia, IPA: [çja]
Også kjend som

Pinyin: Xià

Wade-Giles: Hsia

Kinesiske teikn: 夏

Ifølgje legenda vart det grunnlagt av Yu, som gjorde herskarmakta arveleg. Han skal ha gjort seg fortent til trona ved å ha temt ei rekkje katastrofale flaumar rundt Guleelva ved hjelp av demmings- og dreneringsteknologi. Tradisjonen namngir ei rekkje herskarar. Den siste, Jie (桀), skal ha vore styrta av Tang (湯), truleg grunnleggjar av Shang-dynastiet.

Den historiske statusen til Xia-dynastiet er usikker, ettersom det ikkje finst nokon skriftlege leivningar frå den tida. Men det er gjort ei rekkje arkeologiske funn frå perioden, til dømes av bronseartefaktar, som tyder på ein spirande sivilisasjon. Såleis kan ein kalle dynastiet semi-mytologisk. Den arkeologiske kulturen ved Erlitou i provinsen Henan blir gjerne kopla saman med det mytologiske Xia. Kulturen eksisterte rundt Guleelva og innleier bronsealderen i Kina.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg