Hopp til innhold
X
Innhald

Yao Wenyuan

Yao Wenyuan, 1924–2005, var ein kinesisk journalist og politikar. Han vart arrestert i 1976 som medlem av Firarbanden og dømd i 1981 til 20 års fengsel.

Yáo Wéyuán (姚文元) er særleg kjend for å ha skrive «Omtale av det nye historiske dramaet Hai Ruis avskjedigelse», ein artikkel som blir rekna for å ha sett i gang kulturrevolusjonen. I artikkelen, som vart publisert 10. november 1965, går Yao til angrep på teaterstykket og skuldar forfattaren Wu Han for indirekte kritikk av Mao. Han tolkar teaterstykket, som handlar om ein eksemplarisk embetsmann under Ming-dynastiet, som ein allegori på Maos fjerning av Peng Dehuai i 1959, etter at sistnemnde kritiserte «det store spranget».

Yao vart ein av Kinas mektigaste politiske figurar under kulturrevolusjonen, som del av den såkalla Firarbanden. I 1969 vart han medlem av politbyrået i kommunistpartiet. Yao vart arrestert i 1976, lauslaten i 1996 og døydde, som den siste av Firarbandens medlemmer, seint i 2005.

Først publisert: 07.11.2019
Sist oppdatert: 07.11.2019