Blekk på papir
Rullen fra Yuan-dynastiet finnes på Palace Museum i Beijing.
Khubilai-khan

Dynastiet Yuan vart grunnlagt av Khubilai-khan, ein soneson av Dsjengis-khan, i 1271. Khubilai-khan er måla like etter sin død i 1294, slik han såg ut på 1260-talet, av Anige, ein nepalesisk astronom målar og venn av Khubilai-khan.

Yuan-dynastiet er perioden i kinesisk historie frå 1279 til 1368, då mongolane herska over heile Kina. Namnet refererer òg til den austlegste delen av det mongolske verdsriket, som forutan Mongolia og Kina femnde Korea, Tibet og Mandsjuria.

Yuan-dynastiet vart grunnlagt i 1271 av Khubilai-khan, ein soneson av Dsjengis-khan, men starten på perioden blir tradisjonelt datert til 1279, då mongolane sigra over siste rest av det føregåande Song-dynastiet. Beijings fall og erklæringa av Ming-dynastiet i 1368 markerer slutten.

Den samla dommen over Yuan-dynastiet har tradisjonelt vore negativ. Særleg får det skulda for å ha avbrote det politiske mangfaldet og den industrielle og økonomiske framdrifta i det storslåtte Song-dynastiet.

Styringsstil

Kina, mongoler

Mongolane erobra Kina 1279. Det var første gang eit nomadefolk tok heile Kina. Grunnlaget for mongolanes styrke var blitt lagt av Dsjengis-khan, som hadde foreint dei mongolske stammene i 1206.

Av /NTB Scanpix ※.

Samanlikna med andre nomadiske herskarar i Kina var mongolane relativt lite sinifiserte, det vil seie påverka av kinesisk språk og kultur. Her låg kimen til både den vellukka erobringa og den kortvarige og relativt mislukka styringa. Den nomadiske livsførselen til mongolane var som skreddarsydd for krigføring og erobring, men var mindre eigna for styringa av eit rike basert på jordbruk. Dessutan var det vanskeleg å byggje bru over det kulturelle gapet mellom dei og kinesarane. Dei mongolane som makta dette, vart ofte motarbeidde av meir konservative, «ekte» mongolar.

På grunn av desse utfordringane nytta mongolane seg av folkeslag frå andre delar av det mongolske verdsriket til å administrere Kina, særleg vest-asiatar, persarar og arabarar. Hui-minoriteten i dagens Kina er i hovudsak etterkomarar av desse. Sidan lærde kinesarar i hovudsak heldt seg borte frå statsapparatet, blomstra sivilsamfunnet på lokalt plan.

Næringsliv og teknologi

Kina var på denne tida ein leiande del av det mongolske verdsriket, som (delt i fire khanat til) strekte seg frå Korea til Donau. Eit omfattande varebyte mellom dei veldige områda innan verdsriket førte med seg ei rik utveksling av kulturverdiar. Arabiske og venetianske kjøpmenn dreiv handel i kinesiske hamner, kinesiske byar voks fram i Moskva og Novgorod, og kinesiske tekstilar stod høgt i kurs i Italia.

Nye matvekstar i Kina på denne tida var durra og mandlar. Sukkerraffinering og destillasjon vart kjent. Nye reiskapar som abakus, astronomiske instrument og eldvåpen (kanonar vart brukte under omleiringa av Xiangyang i 1272) vart tekne i bruk. Krutkjerringar er ei kinesisk oppfinning frå 500-talet. Fargetrykk er kjent frå 1340. Staten oppretta kornmagasin for å sikre forsyningane.

Kultur og diplomati

I religiøs samanheng merkar ein for første gong innverknad frå Tibet (lamaismen), og kristendommen dukkar opp att for ei tid, både i form av nestorianismen og katolisismen (1293). For kunsten var Yuan-dynastiet inga mørketid, særleg for målarkunsten og kinesisk drama.

Ikkje få legatar, diplomatar og andre reisande frå Europa (mellom anna Marco Polo i 1271–1292) besøkte Kina under Yuan-dynastiet. Fransiskanaren Monte Corvino vart erkebiskop av Beijing i 1307. Det herska ein vid toleranse. Mongolar vart gjerne plasserte i leiande stillingar, kinesarar i meir underordna, der dei lettare kunne kontrollerast. Utlendingar vart tilsette i høge stillingar, slik som til dømes Marco Polo, som skal ha vore guvernør i Yangzhou i tre år.

Beijing vart hovudstad i eit samla Kina for første gong under Yuan-dynastiet. Mongolane raserte først byen i 1215, men Khubilai-khan sytte for at han vart bygd opp att (under namna Dadu 大都/Khanbalik) og flytta hoffet sitt dit. Ein oppførte talrike praktbygningar i byen og samla kunstnarar og lærde frå mange land.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg