Hopp til innhold
X
Innhald

Zhang Qian

Zhang Qian, død 113 f.Kr., var den første kinesiske diplomaten som besøkte Kinas naboar i Vest-Asia. Hans rapportar var avgjerande for at Han-riket kunne ekspandere, og for utviklinga av Silkevegen.

Zhāng Qiān (張騫) vart først send ut i 138 for å finne yuezhiane (tilsvarer truleg indo-skytarane i greske kjelder). Yuezhiane hadde vorte sende på flukt av xiongnuane i hundreåret før og hadde slått seg ned i Baktria i Sentral-Asia. Den nykrona og ambisiøse keisar Wu av Han-dynastiet var i gang med å planleggje krig mot xiongnuane og ønskte hjelp frå yuezhiane mot at dei fekk flytte tilbake. Dette var Zhang Qians mandat.

På vegen vart Zhang fanga av dei sjølvsame xiongnuane. Det gjekk ti år før han klarte å flykte. Deretter fann han yuezhiane, men han lukkast ikkje i å overtale dei til å støtte han. Likevel fekk Zhangs reise vesentlege historiske konsekvensar. Zhang besøkte nemleg også Da-yuan (Ferghana), Da-xia (Det gresk-baktriske riket) og Kangju (Sogdiana), og han rapporterte om desse og rika rundt då han endeleg vende tilbake til Chang’an i 125. Så vidt vi veit, var Zhang Qians rapportar dei første førstehandsforteljingane om rika vest for Kina, og dei vekte den ambisiøse keisar Wus interesse. Dei var truleg avgjerande for at Han-dynastiet ekspanderte til dette området politisk og økonomisk, og var dermed også viktige for at Silkevegen oppstod.

Zhang Qians skildringar er bevarte i Sima Qians Historiske nedteikningar frå 94 f.Kr. og er den dag i dag ei viktig kjelde til kunnskap om rika i Sentral-Asia den tida.

Først publisert: 07.11.2019
Sist oppdatert: 07.11.2019