Hopp til innhold
X
Innhald

Zhou-dynastiet

Zhou-dynastiet var ei kinesisk kongeslekt og ein historisk periode 1046–256 f.Kr. Det var ein formativ periode for kinesisk sivilisasjon. Tidsmessig blir han gjerne delt inn i det vestlege (1046–771 f.Kr.) og austlege Zhou (771–256 f.Kr.).

Dynastiet Zhōu (周) vart etablert i 1046 f.Kr. då Zhou-klanen sigra over Shang-dynastiet (ca. 1600–1046) i slaget ved Muye. Zhou hadde halde til langs Wei-elva, ei bielv til Huangelva, og hadde truleg vore vasallar under Shang-dynastiet. Etnisiteten og språket deira er omstridd, men dei var truleg i slekt med både kinesarar og såkalla «rong» som heldt til vest for Shangs territorium.

Etter sigeren over Shang delte Zhou-herskarane Shangs territorium og nyerobra område opp i len og delte dei ut til familie og viktige allierte. Dette føydalistiske systemet vart kimen til Zhous undergang. Etter kvart som tida gjekk, vart lojaliteten til Zhou-kongens vasallar utvatna. Alt i 771 f.Kr., då Zhou-hovudstaden vart plyndra, hadde det vorte tydeleg at Zhou-hoffet eksisterte på desse hertugdømma sin nåde. Dette året markerer overgangen frå vestre til austre Zhou. (Periodenamna refererer til flyttinga av hovudstaden.)

Austre Zhou vart ein ekstremt formativ periode for Kina. Sjølv dei kinesiske orda for eigen etnisitet og kultur stammar frå denne perioden. Den enorme utviklinga særleg innanfor idear blir gjerne tilskriven den tids politiske fragmentering. Viktige tenkjarar som Konfutse, Zhuangzi, Laozi, Mozi, Mengzi og Xunzi levde alle i denne perioden. Dei fleste hadde Kinas politiske kaos som utgangspunkt for si filosofering.

Zhou-hoffet hadde i namnet herredømme fram til 300-talet, då fleire av hertugane begynte å kalle seg kongar. Zhou-hoffet eksisterte heilt fram til 256 f.Kr., då Zhous direktestyrte len vart invadert av eit av desse kongedømma og den siste Zhou-kongen drepen. Dette kongedømmet var Qin, som samla Kina og oppretta keisarriket i 221 f.Kr.

Først publisert: 07.11.2019
Sist oppdatert: 07.11.2019