Hopp til innhold
X
Innhald

Zhou Enlai

Zhou Enlai, 1898–1976, var leiarfigur i den kommunistiske revolusjonen og Kinas nest viktigaste politikar i Mao-tida (1949–1976).

 

Zhōu Ēnlái (周恩來) vart radikalisert under studieopphald i Europa 1920–24, der han hjelpte til med å byggje opp den europeiske greina av Kinas kommunistparti (KKP). I 1924 vende han tilbake til Kina, der han vart leiar for det politiske departementet i det berykta Huangpu militærakademi, som hadde ei sentral rolle i samlinga av Kina i 1926–28. Zhou vart fjerna i 1926 som del av utreinskinga av kommunistar frå akademiet og Guomindang (GMD, nasjonalistpartiet).

Sidan var Zhou ein etterlyst mann, og i 1931 flykta han til Jiangxi-sovjeten, der han møtte og innleidde det nære forholdet til Mao. Gjennom den sentrale rolla i «den lange marsjen» og gjennom å støtte Mao stod han fram som den nest mektigaste personen i Kommunistpartiet og etter kvart i Folkerepublikken. Han vart statsminister etter revolusjonen i 1949 og beheldt denne posten til han døydde i 1976. Han var såleis ei av få moderate stemmer som kom seg heilskinna gjennom kulturrevolusjonen.

Zhou Enlai blir gjerne rekna som ein heiderleg, dyktig og pragmatisk politikar – ein viktig stabiliserande figur både innanfor og utanfor Kommunistpartiet. Mellom anna spela han ei sentral rolle i begge samarbeidsperiodane mellom KKP og GMD, han var den viktigaste modererande faktoren under kulturrevolusjonen og sørgde for å få oppretta diplomatiske samband mellom Kina og USA i 1972 – same år som han vart diagnostisert med blærekreft. Hans død i 1976, ni månader før Mao, utløyste landesorg, og vart ein viktig katalysator for motstand mot Mao og Firarbanden. Dermed markerte hans død også byrjinga på slutten for kulturrevolusjonen, og var opptakta til «reform og opning»-politikken som forma dagens statskapitalistiske Kina.

Først publisert: 07.11.2019
Sist oppdatert: 07.11.2019