Hopp til innhold
X
Innhald

Kolonialisme

Kolonialisme vil seie at ein stat legg under seg område utanfor sitt eige territorium – det vi kallar koloniar. Portugal og Spania var dei første europeiske landa som tok seg koloniar i andre verdsdelar, særleg etter at Columbus «oppdaga» Amerika i 1492.

Omgrepet kolonialisme viser ofte til systemet med kolonimakter og koloniar, til dømes Portugal som tidlegare kolonimakt og Brasil som tidlegare portugisisk koloni. Andre gonger viser det til ideologien som «rettferdiggjer» dette systemet, men kolonialisme kan òg vere eit periodeomgrep – kolonialismens tidsalder. Koloniimperia femna om store delar av verda.

Ein kan òg tale om koloniar tidlegare. Til dømes kan vikingbusetnaden på Grønland og i Nord-Amerika verte omtalt som norrøn kolonisering. Det er viktige skilnader mellom dette og den seinare koloniseringa, der etablerte statsdanningar stod bak.

Imperiebygginga til statar som Storbritannia, Tyskland, Frankrike, Belgia og Italia med kappløp om og oppdeling av Afrika, var òg kolonialisme. Det er vanleg å kalle dette imperialisme, og tida 1870–1914 vert ofte kalla imperialismens tidsalder. Størstedelen av Latin-Amerika var då alt avkolonisert.

Koloniseringa skjedde ved okkupasjon og ved at nybyggjarar slo seg ned i kolonien som fast busette (settlarkolonialisme). I begge tilfella var militær og teknologisk overmakt (våpen, skip, medisinar) viktige føresetnader. Kolonistane førte med seg sjukdomar som dei innfødde ikkje kjende frå før. Kolonialismen hadde ofte kulturelle og politiske langtidsverknader. Dei tidlegare spanske og portugisiske koloniane i Latin-Amerika er spansk- og portugisiskspråklege i dag, og urfolka i denne delen av verda er framleis stort sett utan politisk makt.

Mange stader gav koloniane godt økonomisk utbytte frå handel eller utvinning av råvarer, til dømes sølv frå Argentina (namnet på landet kjem av det latinske Argentum, 'sølv'). Dei første koloniane som vart sjølvstendige, var dei som etter kvart vart USA, sjå oppslagsordet «Avkolonisering». Seinare koloniar vart anten styrte av innfødde på vegner av kolonimakta (indirekte styre) eller sivile og militære frå kolonimakta (direkte styre). Svært ofte vart urfolk som til dømes indianarar eller andre innfødde, grovt utnytta som arbeidskraft. Ein del koloniar var òg direkte involverte i slavehandel, jamfør den kjende trekanthandelen mellom det afrikanske kontinentet, Vestindia og Europa.

 

Kjelder

Randi Rønning Balsvik: Det 20. århundrets historie – et globalt perspektiv. Oslo 2010

Tore Linné Eriksen: Globalhistorie 1750–1900. En sammenvevd og delt verden. Oslo 2010

Jarle Simensen: Vesten erobrer verden. 1870–1914, bd. 12 i Aschehougs verdenshistorie. Oslo 1986

Niels Steensgaard: Verdensmarked og kulturmøter. 1500–1750, bd. 9 i Aschehougs verdenshistorie. Oslo 1986

 

Peikarar

Nanna Paaske: «Kolonialisme, sentrale begreper», fagartikkel med lenkjer, ressursar og kjelder, ndla.no

Dan Robert Larsen: «Urfolk vil avskaffe feiringen av Columbusdagen», nrk.no

Tidsskriftet Historie: «Kolonisering: Oppdagelsen av Amerika endret verden», historienet.no

Først publisert: 24.02.2020
Sist oppdatert: 03.03.2020