Hopp til innhold
X
Innhald

Den arabiske våren

Den arabiske våren er eit samleomgrep for ei bølgje av protestar som gjekk gjennom den arabiske verda i 2011–12. I nokre land førte oppreistane til regimeskifte eller borgarkrig, i andre til meir fredelege reformer.

Før 2010 hadde mange av arabarlanda ikkje opplevd noka politisk endring på over ein generasjon. Dei same leiarane hadde styrt eineveldig sidan 1970- eller 1980-åra (Mubarak i Egypt, Ben Ali i Tunisia, Gaddafi i Libya osv.). Fleire av desse diktatorane stod no framfor eit generasjonsskifte, der dei ville setje inn sine eigne søner til å ta over. Samtidig med økonomiske nedgangstider førte dette til store folkelege protestar for demokratiske reformer, først i Tunisia i desember 2010, deretter i Egypt og så i nesten alle arabisktalande land utover vinteren og våren 2011.
Tunisia, feiring på eitårsdagen for den tunisiske revolusjonen, 17. desember 2011. Foto: Seif Allah Bouneb, Flickr.com CC BY-NC-ND
Protestane tok ulik form i kvart land. I Tunisia og Egypt førte fredelege massedemonstrasjonar til at det gamle regimet fall, og det vart etter ei tid opna for frie val, og nye krefter kom til makta. I Libya og Syria førte protestane til borgarkrigar med dramatisk utfall, medan det i Jemen, der det også tidligare hadde vore opprør i mange delar av landet, oppstod sivile protestar i hovudstaden. Det gjorde at den gamle presidenten Salih måtte tre til sides. I andre land førte mindre omfattande protestar til meir beskjedne reformer, men utan at det skjedde ei regimeendring.
(Artikkelen held fram under videoen)
Video: «Slik startet den arabiske våren», NRK Skole

Arabiske medium

Den arabiske våren var både ei politisk rørsle mot «systemet» og ei sosial rørsle for betre økonomiske kår, ikkje minst hos middelklassen, som var ramma av finanskrisa. Ei av årsakene til at vi fekk ei slik felles arabiskspråkleg rørsle for demokrati, var likevel utan tvil utviklinga i arabiske medium.
Frå 1990-åra hadde det vakse fram ein serie felles-arabiske medium, først aviser som vart selde i alle arabisktalande land, seinare satellittfjernsyn, der særleg kanalen al-Jazeera braut grunnen for kritisk journalistikk og kvasse debattar, heilt ulikt dei tradisjonelle lokale media. Dei fekk seinare følgje av ei mengd liknande felles-arabiske fjernsynsstasjonar, og også lokale fjernsynsstasjonar vart nøydde til å opne seg meir. Her vart dei tilstivna einevaldsstyra sterkt kritiserte, og det voks fram krav om demokratiske reformer, utan at regima var i stand til å kvele ytringane. Desse krava fann ein att i parolane til demonstrantane.

Islamisme og borgarkrig

Denne felles-arabiske rørsla fall saman med konkrete krav i kvart land, men gjekk i ulike retningar. I dei landa som opna for demokrati, kunne islamismen, ei opposisjonsretning som dei gamle styra hadde frykta og derfor hadde undertrykt, no ytre seg fritt. Og denne opposisjonen vann dei første frie vala. Det var eit vonbrot for dei meir liberale og sekulære kreftene, som meinte at deira eigne demokratiske ideal vart undergravne av dei konservative islamistane. I Egypt førte denne motsetninga til eit nytt kupp i 2013, der dei militære saman med liberale sivile tok over makta att.
 Tahrirplassen 25. januar 2012. Foto: Hossam el-Hamalawy, Flickr.com CC BY-NC-SA
Tahrirplassen 25. januar 2012.
Foto: Hossam el-Hamalawy, Flickr.com CC BY-NC-SA
I Bahrain var det òg folkelege massedemonstrasjonar for demokratiske reformer, men dei leid nederlag då kongen, med saudiarabisk støtte, slo protestane ned.
Krigen i Libya vart internasjonal då vestmaktene (mellom dei Noreg) gav flystøtte til opprørarane og hjelpte dei til siger, medan den langt meir blodige krigen i Syria ikkje førte til ein liknande intervensjon. I begge landa styrkte etniske, lokale og religiøse identitetar seg gjennom krigen og truga med å splitte landa opp, ved at sentralmakta forvitra til fordel for lokale militsar.

Reformer

Det var òg protestar og krav om meir demokrati i andre arabiske land. I Marokko utfordra dei kongen si einemakt, og det vart vedteke ei ny grunnlov, som gav litt større rom for parlamentarisme, men utan å rokke grunnleggjande ved kongemakta.
I andre land, til dømes Algerie og Oman (og til dels Saudi-Arabia), vart tilsvarande demonstrasjonar dels slått ned, men dei førte òg til økonomiske reformer, ikkje minst store lønsaukar for statstilsette, noko som fekk protestbølgja til å stilne.
I nokre land stod lokale krav sentralt i protestane. I Palestina kom det til spontane demonstrasjonar for at dei to stridande politiske partia, PLO på Vestbreidda og Hamas i Gaza, skulle leggje bort striden seg imellom og finne ei samla politisk løysing.
Den arabiske våren var i hovudsak «arabisk» ved at han omfatta nesten alle arabisktalande land, men i hovudsak berre dei. Protestbølgja fekk eit ekko i Iran, der reformistrørsla i landet demonstrerte, og i Israel, der sosiale protestar for bustadreformer til dels var inspirerte av dei arabiske naboane.

Kjelder

Foreign Affairs: http://www.foreignaffairs.com/ [lesedato 10.3.2014]
al-Akhbar: http://english.al-akhbar.com/ [lesedato 10.3.2014]
al-Masry al-Youm: http://www.egyptindependent.com/staff/al-masry-al-youm [lesedato 10.3.2014]
al-Ahram online: http://english.ahram.org.eg/ [lesedato 10.3.2014]

Peikarar

Ikhwanweb. The Muslim Brotherhood Official English web site

Først publisert: 10.03.2014
Sist oppdatert: 25.01.2017