Hopp til innhold
Symbolet IS brukar, ofte brukt på flagg. Foto: © Zbitnevs / Shutterstock.
Symbolet IS brukar, ofte brukt på flagg. Foto: © Zbitnevs / Shutterstock.
X
Innhald

Den islamske staten (IS)

IS er ein ekstrem islamistisk organisasjon som i 2014 tok styring over store område i Irak og Syria og har fått avleggjarar i fleire andre land. Organisasjonen arbeider for å opprette eit islamsk kalifat (styre) og er kjent for brutal terror og undertrykking av annleis truande. Organisasjonen har òg trekt til seg tilhengjarar frå Europa.

Den islamske staten, IS, òg kjend under forkortingane ISIS og ISIL og under nemninga Daesh, var opphavleg ei grein av jihadistorganisasjonen al-Qaida. IS oppstod i Irak rundt 2006, tok del i krigen i Syria frå 2012 og braut ut frå al-Qaida i 2013.

IS skil seg frå andre jihadistorganisasjonar, mellom anna al-Qaida, ved at dei prøver å skape ein islamsk stat her og no, i staden for å ha det som eit framtidsmål. Dei administrerer området dei kontrollerer, ut frå ein streng islamsk justis, basert på ei puritansk tolking av den islamske lova, sharia, og utviser eller undertrykkjer ikkje berre ikkje-muslimar, men òg andre muslimske grupper, mellom anna sjiittar, i sine område. Særleg er dei kjende for dei brutale og vel publiserte metodane sine, med masseavrettingar lagde ut på internett.

IS blir fordømde av muslimske leiarar over heile verda, men har greidd å rekruttere tilhengjarar blant ekstreme jihadistar både i andre muslimske land og i resten av verda. I tillegg har IS greidd å byggje alliansar med sunnittiske stammar i Syria og Irak som er motstandarar av regima i dei to landa.

IS kallar statsdanninga si eit «kalifat». Dette kalifatet er ikkje anerkjent av andre enn dei som alt støttar IS politisk. IS-leiaren Abu Bakr al-Baghdadi utnemnde seg til kalif under namnet Ibrahim.

Gatekunstportrett av IS-leiaren Abu Bakr al-Baghdadi. Foto: thierry ehrmann, Flickr.com CC BY 2.0.

Gatekunstportrett av IS-leiaren Abu Bakr al-Baghdadi. Foto: thierry ehrmann, Flickr.com CC BY 2.0.

Ideologi og politikk

IS er mellom dei mest ytterleggåande islamistgruppene i vår tid og høyrer til retninga salafisme. Islamisme er ein politisk eller samfunnsmessig ideologi som vil forme samfunnet etter religiøse prinsipp. Salafistar går lenger enn dette og ser den tida profeten Muhammad levde og dei første generasjonane etterpå (al-salaf), rundt 622–710 e.Kr., som modell også for dagens samfunn. Dei vil byggje samfunnet så nært som mogleg opp mot Profetens samfunn, også når det gjeld reint konkrete ting som klesdrakt og samværsformer. Dei ser denne tida som idealet, sidan Guds openberring då var verksam gjennom Profeten. I nyare tid godtek likevel dei fleste salafistar moderne teknologi og nyvinningar dei meiner ikkje står i motstrid til Profetens modell.

Salafisme er ei hovudretning innanfor islamismen, meir konservativ enn den andre hovudstraumen, som er knytt til Det muslimske brorskapet og i større grad aksepterer det moderne samfunnet. Dei fleste salafistar er upolitiske og arbeider med misjonering (da’wa) for å fremje den individuelle moralen. I mange land i Midtausten reknar ein med at islamistparti kan oppnå om lag ein femdel av røystene i frie val, medan salafistar kanskje har ein storleik på ein firedel eller mindre av det dei politiske islamistane kan oppnå. Salafisme kan i teorien finnast både i fleirtalsretninga sunniislam og hos mindretalet sjiaislam, men i praksis finst tendensen berre hos sunnittane, og dei fleste salafistar er sterkt kritiske til sjiaislam.

I tillegg til dette finst det salafistgrupper som heilt motsett dei «pietistiske» salafistane legg all vekt på politikk og stat, og då i revolusjonær og valdeleg retning. Dei kallar revolusjonen sin «jihad», og blir derfor kalla jihadistiske grupper. Mange av dei reknar dagens muslimske leiarar som «vantru», fråfalne frå islam, sidan jihad etter definisjonen er ein kamp mot ikkje-muslimar. Slike salafistar blir gjerne kalla takfiris (frå takfir, det å kalle ein muslim vantru), eller jihadistar. Dei har ofte eit religiøst syn som er likt dei pietistiske salafistane, men står på motsett side i synet på verkemiddel for å oppnå det jihadistiske samfunnet.

Den mest kjende jihadistgruppa er al-Qaida (eigentleg Qa’idat al-Jihad), skipa av Osama bin Laden. Jihadistar deler seg i to grupper, med to ulike strategiar: dei som legg mest vekt på den lokale kampen mot muslimske herskarar og styresmakter (den «nære fienden»), og dei som meiner at ein først må gå til åtak på USA og vestmaktene, sidan dei støttar opp om dei lokale herskarane (den «fjerne fienden»). Osama bin Laden og al-Qaida stod for det siste synspunktet og tok i bruk dramatisk terror mot vestlege mål. Hos IS har vekta i større grad vore på den «nære fienden», og IS har slik først og fremst bede sympatisørar kome til Syria og Irak for å byggje «kalifatet» der. I seinare tid har dei likevel òg støtta eller organisert større åtak i utlandet, slik som i Frankrike i 2015, og har òg inspirert lokale terroristar til å gjere åtak i heimlanda sine.


Video: «USA drepte Osama bin Laden», klipp frå Dagsrevyen 8.5.2011, NRK Skole.

Oppbygginga av kalifatet er no det viktigaste skiljet mellom IS og al-Qaida. Dei siste meiner, slik som jihadistgrupper flest, at ein nå må leggje hovudvekta på kampen mot fienden, og at ein ikkje kan ha eit kalifat før den islamske verda er samla under jihadistisk styre. Dette får store konsekvensar for til dømes alliansar mellom jihadistgruppene, sidan IS under kalifens styre krev underkasting, medan al-Qaida lettare kan samarbeide med andre jihadistar på like fot og la det langsiktige samfunnsmålet stå på vent.

For IS skal det området dei styrer i Irak og Syria, vere ein islamsk «modellstat». Dei har sett opp ein administrasjon og eit lovverk som skal fylle dei oppgåvene ein vanlig stat har, og som skal fremje ordinær handel og økonomi. Samtidig skal administrasjonen og lovverket moralsk og juridisk så langt som råd byggje på profeten Muhammads praksis frå 600-talet. Lovverket blir praktisert puritansk og hardt, og med brutale straffemetodar. Motstandarar og dei som høyrer til religiøse minoritetar, blir avretta, gjerne ved halshogging eller på liknande måtar, og slike avrettingar og fornedring av andre blir brukt i propagandaen overfor tilhengjarar og sympatisørar. Gruppa har her innført sine eigne reglar, som blir avviste og fordømde av islamske lærde, som meiner dei er i strid med Muhammads praksis og god lovtolking.

Gruppa er spesielt aggressiv mot sjiittar, som er i fleirtal i Irak, særleg i sørlege og sentrale delar av landet, medan IS er konsentrert i nord. Sjiittar blir av IS rekna som vantru, og dei blir fordrivne. Men gruppa er òg særleg kjend for undertrykking av massakrar mot ein kurdisk religiøs minoritet, jesidiane, i 2014. Spesielt vekte den seksuelle valden mot kvinner frå denne minoriteten, som blei selde som slavar, oppsikt og avsky.

Forholdet mellom religion og politikk hos IS har vekt debatt også i Noreg, i spørsmålet om IS primært er ei religiøs eller ei politisk rørsle. Svaret er avhengig av politisk ståstad, men det er truleg grunnlag for å seie at IS er begge delar: Gruppa grunngir tydeleg samfunnssynet sitt i religion og religiøse idear, med tilvising til kjelder frå islamsk teologi i deira eiga fortolking, men IS er òg politisk og bruker politiske argument frå dagens konfliktar til å grunngi terroren sin og kampen mot Vesten.

Historie

Opphavet til IS finn vi i Irak etter den amerikanske innmarsjen der i 2003. Jordanaren Abu Musab al-Zarqawi oppretta ei motstandsgruppe mot dei amerikanske troppane der, ei gruppe som så slutta seg til al-Qaida. Etter først å ha møtt motstand blant dei lokale sunnittiske stammane, greidde han å knyte band til dei ved å hevde at sjiittar var vantru, og at ein måtte gå til åtak mot dei, ei oppfatning som bin Laden delte, men som ikkje hadde vore viktig for al-Qaida tidlegare. Etter at al-Zarqawi blei drepen i 2006, tok ein irakar som blei kalla Abu Omar al-Baghdadi over leiinga, og han endra namnet på gruppa til «Den islamske staten i Irak», ISI. Han blei så drepen i 2010, men den nye leiaren, Ibrahim al-Sammarai (fødd 1971), tok etternamnet hans som dekknamn og kallar seg no Abu Bakr al-Baghdadi.

Året etter kom protestane i «den arabiske våren» til Syria og utvikla seg fram mot sommaren 2011 til full borgarkrig. Opprørsgruppene var i byrjinga ikkje dominerte av religiøse eller jihadistiske grupper, men i 2012 sende ISI ei gruppe erfarne krigarar under leiing av syraren Abu Muhammad al-Jawlani til Syria, der dei oppretta «Nusrafronten» (Jabhat al-Nusra) som lokal avdeling av al-Qaida. Nusrafronten gjorde seg raskt gjeldande, både ved å ta i bruk bombeaksjonar og kjende terrormetodar og ved å vere effektive og erfarne, og dei oppnådde respekt frå dei andre opprørarane. Sjølv om Nusrafronten ikkje samarbeidde med dei andre, retta dei våpna sine mot den felles fienden, styresmaktene i Syria.

Tunisia, feiring 17. desember 2011. Foto: Seif Allah Bouneb, Flickr.com CC BY-NC-ND

Den arabiske våren førte i nokre land til regimeskifte eller borgarkrig, i andre til meir fredelege reformer. Foto frå Tunisia av feiring av eitårsdagen for den tunisiske revolusjonen, 17. desember 2011. Foto: Seif Allah Bouneb, Flickr.com CC BY-NC-ND

Nusrafronten trekte slik til seg mange syriske opprørarar og blei snart ei vel så viktig gruppe som opphavet sitt i Irak, ISI. I 2013 erklærte derfor al-Baghdadi at dei to gruppene skulle slå seg saman til ei, no under namnet Den islamske staten i Irak og Syria, ISIS, og under hans leiing. Nusrafronten og den syriske leiinga rundt al-Jawlani nekta å godta denne ordren og heldt fram som ei sjølvstendig gruppe. Den sentrale leiinga i al-Qaida prøvde å mekle mellom dei to avdelingane, men då det viste seg nyttelaust, valde dei å halde seg til Nusrafronten. Abu Bakr al-Baghdadi braut derfor med al-Qaida og erklærte dei for å vere forelda og svake både i tru og i praksis. Frå då av, i oktober 2013, var dermed ISIS, seinare IS, ein rival til al-Qaida, men med det same jihadistiske grunnsynet, og dei rekna seg som dei sanne arvingane etter bin Laden.

Dei utvikla likevel snart ein annan praksis. Der Nusrafronten la hovudvekta på kampen mot Assad-regimet, parallelt med kampen dei andre opprørarane førte, byrja ISIS å leggje meir vekt på å vinne eit territorium for seg sjølve og å byggje opp ein islamistisk idealstat der. Dei kjempa òg mot styrkane til Assad, men kom snart vel så mykje i konflikt med andre opprørarar, som ikkje delte den strenge ideologien deira. Desse opprørarane blei jaga bort eller tvinga til å underkaste seg ISIS i dei områda dei styrte i det austlege Syria. Også andre islamistar og uavhengige salafistar, som det var fleire grupper av, blei erklærte som vantru dersom dei ikkje underkasta seg ISIS. På denne måten utvida dei området sitt like mykje på kostnad av dei andre opprørsgruppene som av regjeringsstyrkane.

Våren etter, i 2014, var dei sterke nok til å vende blikket mot Irak, der statsapparatet i Bagdad no var blitt meir og meir sekterisk, dominert av det sjiittiske fleirtalet. Særleg kjende den sunnittiske minoriteten i nordvest at regjeringshæren, med for det meste sjiittiske soldatar, oppførte seg som ei undertrykkjande okkupasjonsmakt. ISIS greidde slik å vinne støtte blant sunnittiske stammar og opprørsgrupper til ein felles offensiv, som førte til at dei på kort tid tok styring over den tredje største byen i Irak, Mosul, der regjeringshæren kollapsa og rømde utan å gjere motstand. ISIS følgde etter, og berre etter noen veker ekspanderte dei langt sørover i Irak. Snart stod dei berre nokre kilometer frå Bagdad, men greidde aldri å nærme seg storbyen meir enn det.

Erobringa av Mosul var uhyre viktig for ISIS (som no skifta namn til IS). Dei fekk her tilgang til store ressursar og pengar, og ikkje minst avanserte amerikanske våpen som regjeringshæren hadde late etter seg. IS tok desse våpna med seg tilbake til Syria og brukte dei til å utvide området sitt der. Dei trekte til seg andre opprørsgrupper, anten frivillig eller med tvang.

Med denne suksessen bak seg, kunne så leiaren av IS, al-Baghdadi, i juni 2014 erklære at han oppretta eit «kalifat», ein verdsomfattande islamsk stat, med han sjølv som kalif, under namnet kalif Ibrahim. Etter klassisk tenking kan det berre vere éin kalif i islam. al-Baghdadi kravde dermed underkasting frå andre muslimar, i det minste frå dei jihadistgruppene som hadde eit slikt kalifat som eit framtidsmål. Dei leiande religiøse autoritetane i sunniislam, både i Egypt og Saudi-Arabia, avviste tanken om at eit kalifat var rett styreform i vår tid og retta harde åtak mot IS, som mot andre jihadistar, og fordømde dei. Også al-Qaida og andre jihadistgrupper nekta for at IS hadde rett til å krevje ei slik leiarrolle og nekta å underkaste seg. IS såg derfor desse gruppene som fråfalne og fiendar. Erklæringa om kalifatet førte derfor ikkje til noka større samling rundt IS. Likevel var det nokre al-Qaida-grupper i ulike land som delte seg, der somme støtta leiarskapen til al-Qaida, medan andre svor truskap til kalifatet og IS, og eit par større grupper slutta seg til IS. I all hovudsak har likevel IS ikkje greidd å få dominans over jihadistmiljøa i Midtausten, men har hatt større hell med å rekruttere krigarar til å kome til kalifatet og ta del i kampane der.

Mot slutten av 2014 blei også konflikten internasjonalisert, ved at ein internasjonal koalisjon under leiing av USA starta ein bombekrig mot IS sine område. Ved sida av USA var òg nokre vestlege land med, særleg Storbritannia, men berre på den irakiske sida av grensa. Noreg gav òg eit mindre bidrag her. Frankrike og fleire USA-allierte arabiske land, slike som Saudi-Arabia, Dei sameinte arabiske emirata og fleire, var òg med i bombekrigen i Syria. I 2015 gjekk også Russland og Tyrkia kvar for seg inn med bombing av IS sine område i Syria, sjølv om begge la meir vekt på å ramme andre grupper (andre anti-Assad-grupper for Russland, kurdarar for Tyrkia). Dette sette IS noko tilbake, men fekk ikkje avgjerande innverknad på konsolideringa deira i områda dei heldt i nordaust-Syria og nordvest-Irak.

galleri

Namnet

IS har vore kjent under mange namn. Under grunnleggjaren al-Zarqawi kalla dei seg berre al-Qaidas avdeling i Irak: Qa’idat al-Jihad fi Bilad al-Rafidayn (al-Qaida i Mesopotamia). Frå 2006 tok dei namnet al-Dawla al-Islamiya fi al-Iraq, Den islamske staten i Irak, og etter brotet med al-Qaida i 2013 la dei til Syria: al-Dawla al-Islamiya fi al-Iraq wa al-Sham, der dei brukte det gamle arabiske namnet på Syria, «al-Sham». Nokre journalistar omsette dette siste namnet med det opphavleg franske omgrepet «Levanten», som er eit eldre namn på det indre Middelhavsområdet. Slik blei gruppa i europeiske medium av og til kalla ISIL, «Den islamske staten i Irak og Levanten», og andre gonger ISIS, «Den islamske staten i Irak og Syria».

I 2014 fjerna så organisasjonen dei geografiske markørane og kalla seg berre «Den islamske staten», IS, og då dei litt seinare utnemnde seg til kalifat, tok dei sjølve i bruk namnet «kalifatet» (al-Khilafa) om gruppa si og det området dei kontrollerer. Forkortinga IS har no festa seg i norske medium, men særleg styresmaktene held fast på varianten ISIL.

Frå det arabiske namnet (al-Dawla al-Islamiya fi al-Iraq wa al-Sham) blir òg den forkorta nemninga Daesh nytta. Denne nemninga er mest brukt på arabisk, men òg i vestlege land. Det er ei allmenn oppfatning at IS mislikar denne nemninga, av ikkje heilt klarlagde grunnar, men dette er ikkje sikkert påvist. Somme ønskjer òg å bruke dette namnet, eventuelt ISIL, for ikkje å legitimere IS som ein «islamsk stat». Men som vi ser, er fellesnemninga i alle desse forkortingane førsteleddet «Den islamske staten i ...» («al-Dawla al-Islamiya ...» på arabisk), så dette er i hovudsak ei mistyding. IS sjølv føretrekkjer namn som «Staten» (al-Dawla) eller «kalifatet» (al-Khilafa).

Tilhengjarar

Det er ulike tal for kor mange aktive krigarar IS no har til rådvelde, tala varierer frå 20 000 til 50 000 og meir. Ein reknar med at mellom ein tredel og ein halvdel kan vere «framandkrigarar». Dei fleste av dei kjem frå andre arabiske og muslimske land, men ein god del kjem òg frå Europa og andre vestlege land, kanskje nokre tusen. Gruppa er særleg kjend for ein avansert bruk av moderne medium for å rekruttere i Vesten, og ikkje minst for å reklamere med brutale bilete av avrettingar og drap. Størstedelen av dei aktive er likevel truleg lokale syrarar og irakarar.

Det er ein markert forskjell mellom Syria og Irak når det gjeld i kor stor grad IS har greidd å oppnå støtte lokalt. I Irak hadde dei lang tradisjon for felles kamp med lokale stammar mot amerikanarane og har greidd å trekkje til seg mange som støtta det gamle, om enn sekulære, styret til Saddam Hussein. Dei har òg på denne måten oppnådd støtte hos lokale sunnittiske stammar, i felles motstand mot styresmaktene i Irak, som er heilt dominerte av den sjiittiske majoriteten i landet og blir oppfatta som sekterisk og undertrykkjande av svært mange av sunnittane.

I Syria har dei ikkje på same måten greidd å feste lokale røter, ikkje minst på grunn av konfliktane med dei andre opprørsgruppene, som i større grad representerer lokale sunnittiske krefter. Dei har likevel greidd å oppnå noko støtte på grunn av slagkrafta si, som dei òg har sett inn mot styrkane til Assad-regimet. Oppslutninga i Syria er derfor noko uklar. I hovudsak er likevel den lokale støtta til IS både i Syria og Irak politisk, på grunn av motstand mot regima i dei to landa, og berre i mindre grad ei oppslutning om det religiøse grunnlaget til IS, sjølv om nokre nok også blir tiltrekte av det religiøse.

Utbreiing

Det faktiske området som IS styrer, har uklare grenser, sidan det er stadige kampar rundt dei. Dei har likevel mest innverknad og kontroll i eit samanhengande område frå nord- og aust-Syria og søraustover mot det sentrale Irak, i all hovudsak langs elveløpa til Eufrat frå den tyrkiske grensa i nord og Tigris frå Mosul og eit stykke sørover. Det finst òg lommer som slepp unna IS sin kontroll i dette området, men IS-området utgjer likevel langt det største området noka jihadistgruppe nokon gong har kontrollert. Raqqa i Syria blir rekna som «hovudstad» for kalifatet, sjølv om Mosul i Irak er ein større by. Den tredje større byen i området, Deir ez-Zor i Syria, er omstridd. I tillegg tok IS kontroll over område langs ørkenkanten mot det sentrale Syria, med Palmyra som den mest kjende byen.

I 2015 og 2016 kom IS under sterkare press frå lokale styresmakter, med internasjonal støtte. I Syria tok regimestyrkar tilbake Palmyra, og USA-støtta kurdiske grupper dreiv IS bort frå grenseområda mot Tyrkia i nord. I Irak tok regimet tilbake viktige byar midt i landet, og starta seint 2016 ein offensiv for å ta tilbake Mosul.

Utanfor kjerneområdet i Irak og Syria har fleire grupper erklært lydnad til kalifatet. Det er likevel uklart i kor stor grad det er kontakt mellom desse gruppene og hovudområdet. I hovudsak er det snakk om lokale radikale grupper som har kjempa på eiga hand og så vedteke å bruke «merkenamnet» til kalifatet. Dei fremste av desse gruppene er Boko Haram i nordaust-Nigeria, Ansar Bayt al-Maqdis i Sinai i Egypt, og to–tre grupper i Libya. Dei er no omdøypte til wilayat, provinsar i kalifatet, til dømes «wilayatet Vest-Afrika», «wilayatet Sinai» og «wilayatet Aust-Libya».

Organisasjon

Lite er sikkert kjent om leiinga i IS. Den sentrale personen er kalifen, al-Baghdadi, men han har vore lite synleg, og det har òg vore rapportar om at han skal vere skadd etter eit bombeåtak. Rundt seg har han ei leiargruppe på åtte–ti personar, som alle skal vere irakarar, og med i IS frå den første tida, og i tillegg eit militærråd på rundt eit dusin personar frå ulike frontavsnitt. Ifølgje rapportar er minst to av dei nærmaste medarbeidarane til kalifen tidlegare offiserar i den irakiske hæren, og skal dermed ha gitt IS sin militære strategi eit profesjonelt preg.

Symbolet IS brukar, ofte brukt på flagg. Foto: © Zbitnevs / Shutterstock.

Symbolet IS brukar, ofte brukt på flagg. Foto: © Zbitnevs / Shutterstock.

Etter at IS tok namnet «stat» har dei òg begynt å byggje ein sivil struktur som skal tilsvare ein normal stat. Mellom anna har dei oppretta ulike «departement», med kvar sin minister for ulike militære og sivile arbeidsfelt. Etter at dei har teke kontroll over eit større territorium, har dei òg utnemnt lokale guvernørar for kvar gruppe. Denne strukturen ser ut til å vere bygd over same lest som den administrative strukturen i Irak under Baath-regimet, noko som tyder på at tidlegare offiserar og administratorar i dette sekulære regimet har slutta seg til IS og har fått ei leiande rolle i oppbygginga av staten. Også intern etterretning og kontroll skal vere bygd opp etter mønster frå Saddams styre i Irak. Militært er dei òg oppdelte i einingar på same måten som ein vanleg hær.

Økonomisk har IS heile tida skaffa seg inntekter ved utpressing, gisseltaking og andre kriminelle metodar. Særleg har svartebørshandel med olje frå Syria vore ei viktig inntektskjelde. Men etter at dei har etablert seg i Syria og Irak, har dei òg arbeidd med å utvikle ein meir normal økonomisk basis i desse områda. Handel og jordbruk blir prioritert, og IS tillèt og tilskundar òg at innbyggjarane i deira område handlar med andre delar av Syria. Denne økonomiske aktiviteten blir så skattlagd på normal måte og gir IS høve til å tilby lokale stammar økonomiske insentiv til å slutte seg til statsdanninga deira. IS legg òg vekt på å byggje infrastruktur: matforsyning, elektrisitet og vegar – i tillegg til sosiale tenester til innbyggjarane i områda dei rår over.

Ein viktig grunn til at IS blir akseptert av mange lokale innbyggjarar i Syria, trass i hardstyret dei praktiserer, er at dei skaper ro og ein relativ stabilitet i eit land der borgarkrig og vald pregar kvardagen. IS har eit rettsapparat som praktiserer streng sharia, med forbod mot tobakk, alkohol, vestleg musikk og totalt kjønnsskilje i det offentlege rommet, reglar som var ukjende i det ganske sekulære Syria og Irak. Men mange føretrekkjer dette framfor lovløysa som rådde tidlegare. Det skaper likevel uro at IS ikkje greier å leve etter sine eigne reglar, og at framandkrigarar og andre tek seg til rette utan å bli stansa. På same måten har IS oppretta skular og klinikkar, men også her har ideologien deira vore til hinder for normal verksemd, til dømes ved at mannlege legar blir hindra i å operere kvinnelege pasientar. IS tillèt òg formelt at kristne og andre minoritetar kan bu i deira område dersom dei godtek ein underordna dhimmi-status, men i realiteten blir desse gruppene fordrivne og får eigedelane sine konfiskerte av IS-soldatane.

IS er slik eit jihadistisk eksperiment, det første forsøket på å skape ein moderne stat etter mønster frå 600-talet. Dei er omringa av mektige fiendar på alle kantar og har ingen allierte i andre delar av verda, men likevel har dei i hovudsak greidd å stå imot den militære kampanjen mot dei. Det er likevel eit spørsmål om indre spenningar og ytre press vil gjere det mogleg for IS å etablere ei varig statsdanning i regionen.

Litteratur

Charles R. Lister: The Syrian Jihad. Al-Qaeda, the Islamic State and the Evolution of an Insurgency, London 2015

Loretta Napoleoni: The Islamist Phoenix. The Islamic State (ISIS) and the Redrawing of the Middle East, New York 2014

Michael Weiss og Hassan Hassan: ISIS. Inside the Army of Terror, New York 2015

Fawaz A. Gerges: ISIS. A History, Princeton 2016

Først publisert: 12.01.2017
Sist oppdatert: 01.02.2017