Avkolonisering
Avkolonisering vil seie at koloniar vert sjølvstendige. Tida frå seint i 1940-åra til 1970-åra var høgdepunktet for avkolonisering. Då vart ei lang rekkje tidlegare koloniar sjølvstendige, i ein del tilfelle etter blodige frigjeringskrigar.
Avkolonisering skjedde også tidlegare. USA vart avkolonisert i åra etter 1776. Størsteparten av Latin-Amerika følgde tidleg på 1800-talet. Etter første verdskrigen overtok sigersmaktene Storbritannia og Frankrike område som hadde høyrt til krigstaparane Tyskland og det tyskallierte osmanske riket, som såkalla mandatområde. Mandatområda vart styrte på vegner av Folkesambandet, forløparen til Dei sameinte nasjonane. Tidlegare tyske koloniar i Afrika og osmanske område i Midtausten vart slike mandatområde. Dei mest «utvikla» av dei – vurdert ut frå vestleg standard – vart lova sjølvstende fram i tid. Det gjaldt til dømes Mesopotamia (Irak), Syria og Libanon.
Etter første verdskrigen fekk avkolonisering aukande støtte i kolonimaktene. Mandatområdet Irak vart sjølvstendig i 1932, og Syria og Libanon fekk sjølvstende like etter andre verdskrigen. Dei sameinte nasjonane vart pådrivar for avkolonisering og overtok tidlegare mandatområde som såkalla tilsynsområde. Den største avkoloniseringsbølgja starta med India, Pakistan, Sri Lanka og Burma (frå 1947) og spreidde seg til Afrika, med Sudan (1956) og Ghana (1957). Etter andre verdskrigen var kolonimaktene på vestleg side i den kalde krigen. Den Sovjet-allierte austblokka støtta frigjeringsrørsler mot kolonimaktene. Slik vart mange frigjeringskrigar fletta inn i den kalde krigen. Eit døme er krigen mellom Frankrike og frigjeringsrørsler i fransk Indokina, ofte rekna som første fase i Vietnamkrigen. Frigjeringsrørslene vart ofte regjeringsparti i dei sjølvstendige statane.
Avkoloniseringa førte til statar med grenser trekte av kolonimaktene. Somme stader leidde det til omstridde kløyvingar. Det bidrog òg til manglande stabilitet i ein del nye statar. Der mange frå kolonimakta var fast busette (settlarkoloniar), vart avkoloniseringa ofte vanskeleg. Det gjaldt til dømes i fransk Algerie, der det var frigjeringskrig i 1954–62. I nokre settlarkoloniar leidde avkoloniseringa til kvitt mindretalsstyre, det gjaldt til dømes i Sør-Afrika i apartheidperioden. I ein del andre koloniar utvikla demokratiske krav om sjølvstende seg til autoritære eittpartistyre etter frigjeringa. Mange reknar økonomisk og kulturelt sjølvstende som del av avkoloniseringa. Dette er vanskelegare å oppnå enn politisk sjølvstende. Ei slik breiare forståing av avkolonisering inneber at mange tidlegare koloniar vil vere i avkoloniseringsfasen lenge etter den formelle frigjeringa.
Kjelder
Randi Rønning Balsvik: Det 20. århundrets historie – et globalt perspektiv. Oslo 2010
Dane Kennedy: Decolonization. A very short introduction. Oxford 2016
Eivind Heldaas Seland: Globalhistorisk atlas. Oslo 2019
Peikarar
Sist oppdatert: 24.02.2020