Hopp til innhold
X
Innhald

Danmark-Noreg under napoleonskrigane

Danmark-Noreg prøvde lenge å halde seg utanfor napoleonskrigane, men vart i 1807 tvinga inn på fransk side. Britane sperra då for handel og kornforsyning til havs, medan svenskane sperra tilgangen til lands. Krigen førte til hungersnød og misstemning i Noreg og til slutt oppløysing av det dansk-norske statssambandet.

Napoleonskrigane er namnet på ei rad europeiske konfliktar frå 1792 til 1815, som ber namn etter det franske statsoverhovudet Napoleon Bonaparte. Før han kom til makta i 1799, hadde Napoleon som fransk hærførar leidd eit særleg vellukka felttog i Italia. Han bygde såleis makta si på det militære ryktet sitt, og som statsleiar heldt han fram med krigføringa. Fram til han endeleg fall i 1815, kjempa Napoleon mot eit stadig skiftande alliansar av europeiske statar.

 

Napoleon la under seg mykje av Europa, men til havs var den britiske marinen overlegen. Etter å ha lidd nederlag i slaget ved Trafalgar i 1805 prøvde Napoleon difor å hindre all britisk handel med det europeiske fastlandet, medan britane sperra for franske skip. Samtidig prøvde franskmennene å byggje opp att marinen. For å hindre at den store dansk-norske flåten kom i franske hender, gjekk britane difor i 1807 til eit førebyggjande angrep på København og rana med seg krigsskipa som låg der.

 

Danmark-Noreg var sommaren 1807 i skvis mellom dei to stormaktene, som ikkje lenger godtok at nokon stod utanfor krigen. For den danske krona var ein strid med Napoleon det største vondet, sidan det ville føre til ei hærsetjing av Jylland. Etter lenge å ha prøvd å halde seg nøytral, tvinga no det britiske angrepet Danmark-Noreg til å erklære krig. Overfallet kom likevel etter at den danske kongemakta det siste tiåret hadde utført handlingar Storbritannia meinte braut med nøytraliteten. Særleg hadde det eggja opp den britiske regjeringa at Danmark-Noreg verna handelsskipa sine med krigsskip, som skulle hindre britane i å undersøkje lasten. Kronprins Fredrik, som styrte i staden til den sinnssjuke kong Kristian 7., flytta ut av København og avgrensa kontakten med den britiske regjeringa, noko som bygde opp under motsetningane.

 

Fredrik 6. gjekk no inn ein allianse med Napoleons Frankrike. Danmark-Noreg vart del av fastlandssperringa, men den britiske marinen sperra til gjengjeld for sjøvegen til Noreg. Sverige var samtidig på britisk side, og krigserklæringa gjorde difor òg at det vart forsyningsstopp i aust. Saman med uår førte det til hungersnød i Noreg. Ein langvarig nordisk fred var til endes. Det skjedde berre små trefningar langs svenskegrensa, men den store europeiske konflikten skulle likevel gjere Noreg til ein kasteball i fredsforhandlingane. Til slutt enda det med at Sverige oppfylte eit fleire hundre år gamalt ønske om å leggje under seg Noreg.

 

Skrantande nøytralitet

Medan krigane herja i Europa på 1700-talet, hadde norske handelshus tent gode pengar på oversjøisk handel. Det var stor etterspørsel, særleg etter norsk tømmer, og Danmark-Noreg stod utanfor konfliktane. Frakt under dansk nøytralt flagg gjorde det òg mogleg for britane sine fiendar å frakte varer gjennom den britiske sjøsperringa under napoleonskrigane.

 

Med få reglar for internasjonal nøytralitet utnytta britane likevel sjømakta si ved å borde fleire dansk-norske skip og inndra last som skulle til fiendtlege land. Danmark-Noreg inngjekk difor avtalar med andre ikkje-krigande land om å forsvare handelsskipa med væpna flåtekraft, såkalla væpna nøytralitet. Væpninga skapte strid med britane, som òg hissa seg opp over at franske kaprarar fekk nytte dansk-norske hamner i kampen mot britiske skip.

 

Fram til 1797 hadde Danmark-Noreg, med utanriksminister Andreas Peter Bernstorff, avstått frå å nytte konvoiar. Etter at Bernstorff døydde, hadde kronprins Fredrik, den seinare kong Fredrik 6., festa grepet om utanrikspolitikken og ført ei meir utfordrande linje overfor Storbritannia. Det leidde til at britane sende flåtestyrkar til Danmark, først i 1800, og så på ny i 1801, der den britiske marinen knuste den dansk-norske krigsflåten i slaget på Københavns red. Ei statsomvelting i Russland skapte samtidig eit påskot for Danmark-Noreg til å slutte med væpninga.

 

Etter dette slutta Danmark-Noreg difor å nytte konvoiar. For å verne sørgrensa mot moglege franske angrep flytta så kronprinsen opphaldsstaden sin til Kiel i Holstein, men nekta utanlandske sendemenn å flytte etter. I staden måtte ambassadørane forhandle med kronprinsen gjennom utanriksdepartementet. Heller ikkje då forholda utanriks tilspissa seg sommaren 1807, tillét Frederik direkte forhandlingar om ein mogleg allianse med britane.

 

Inn i krigen

I 1806 hadde Napoleon lagt under seg store landområde og rådde over mykje av den europeiske kystlinja. For å ramme den sterkaste fienden, Storbritannia, sette han no opp ei sperring for den britiske handelen med fastlandet. Etter å ha nedkjempa russiske styrkar, slutta Napoleon fred med Russland i Tilsit 9. juli 1807. Dermed gjekk Russland over på fransk side og vart del av fastlandssperringa. I fråsegna heitte det at alle nøytrale land måtte slutte seg til sperringa, eller verte rekna som fiendar av Frankrike og Russland.

 

Det dansk-norske statssambandet rådde over den femte største marinen i verda og samtidig over innseglinga til Øresund, der britane dreiv mykje handel. For å hindre at Danmark-Noreg gav etter for fransk press, slik at krigsskipa kom i hendene på Napoleon og Danmark-Noreg vart del av fastlandssperringa, gjekk Storbritannia til angrep på København. I tre dagar bombarderte britiske krigsskip hovudstaden, heilt til kronprins Fredrik gav etter og utleverte flåten. Danmark-Noreg slutta seg så til Napoleons Frankrike, etter å ha vorte lova forsvar av heile staten. Til gjengjeld måtte den danske krona love å støtte opp om eit mogleg fransk-russisk angrep på Sverige. Det kom då Russland gjekk til angrep på finske område 21. februar 1808.

 

Eit dansk-norsk angrep lét derimot vente på seg våren 1808, då danskane ikkje kunne forsvare frakt av styrkar over Øresund, og norske strykar sleit med forsyningane i ein mogleg angrepskrig i Skåne. I staden kom eit svensk angrep på Noreg først, noko den svenske kongen valde framfor eit vanskeleg forsvar av Finland. Men dei svenske angrepa vart slått tilbake av norske styrkar. Eit svensk håp om å få støtte av britiske troppar vart heller ikkje oppfylt. Sverige retta dermed heller kreftene endeleg mot Finland, medan norske forsyningar var så dårlege at nordmennene ikkje følgde ordren om å angripe Skåne. Dermed enda kamphandlingane, men den svensk-norske krigstilstanden heldt fram til desember 1809.

 

Åtskiljing og nød

Etter krigsfråsegna frå Danmark-Noreg heldt britiske vaktskip oppsyn med skipsfarten til Noreg og stogga all korninnførsel, noko som var svært alvorleg i eit Noreg som var heilt avhengig av dansk korn. Sverige stengde forsyningane til lands og hindra òg den dansk-norske postruta, noko som skapte fullt samanbrot i kommunikasjonen mellom dei to rika. Åtskiljinga gjorde at styresmaktene oppretta ei eiga norsk styringsnemnd, regjeringskommisjonen.

 

Vinteren 1809 var kornlagera så snaue at regjeringskommisjonen bad Fredrik 6. om å få slutte særskild fred med England og Sverige, men fekk avslag. Dei komande åra sette norske sjømenn livet på spel ved å frakte korn gjennom den britiske sperringa. Mange hamna i britisk fangenskap, og mange forliste. I nokon grad kjempa statleg lisensierte sjørøvarar, «kaperar», mot dei britiske skipa, særleg på Sørlandet. Nord for Trondheim var forsyningane noko betre, på grunn av innførsel av russisk korn. Misvekst gjorde likevel forholda svært vanskelege. Folk åt borkebrød, og svolten var hard.

 

Forholdet til Sverige

Sommaren 1809 hadde russiske troppar hærsett heile det svensk-finske området. Då svenskekongen Gustav 4. framleis ikkje ville gå med på våpenkvile, avsette militæret han med makt. I fredsavtalen med Russland måtte Sverige avstå Finland. Etter den dansk-svenske freden vart svenskekrona tilbydd Kristian August, tidlegare leiar for den norske regjeringskommisjonen, som vart avskaffa etter freden. Det skjedde òg ei lemping av fastlandssperringa.

 

Valet om ikkje å gå inn i krigen på britisk side var til skade for viktig norsk handel med Storbritannia. Mektige handelsmenn tapte mykje pengar. Misnøya med krigen og det danske regimet voks, og fleire handelsmenn på Austlandet gjekk i 1809 inn i forhandlingar med svenske utsendingar om ei svensk-norsk politisk tilnærming. Hungersnøda og oppfatninga av at krigen var unødvendig, førte til misstemning òg mellom folk flest. Fleire norske stormenn håpa no som svenskane at Kristian August ville leggje til rette for eit svensk-norsk statssamband.

 

Den nye svenske tronfølgjaren gjekk derimot ikkje i bresjen for noka norsk lausriving. Dessutan døydde Kristian August før han vart konge, og svenskane måtte finne ein ny tronfølgjar. Valet fall på Napoleons feltmarskalk Jean Baptiste Bernadotte, den seinare kong Karl Johan. Han tok over mykje av styret for den sjuke kongen, og prøvde no å leggje Noreg inn under Sverige. Då Napoleon gjekk til angrep på Russland i 1812, gjorde Bernadotte difor ein avtale med Russland om å byte ut svenske krav på Finland mot russisk militær støtte til å overta Noreg.

 

Napoleon gjekk på eit kraftig nederlag mot Russland, og dei andre stormaktene forhandla fram ein angrepsavtale, der Sverige fekk tilslutning til kravet på Noreg. Etter Napoleons nederlag i Leipzig i oktober 1813 såg Fredrik 6. seg nøydd til å slutte opp om alliansen mot Napoleon og lova å gi frå seg Trondheim stift til Sverige. Karl Johan rykte derimot inn i Holstein med ein større hær for å tvinge danskekongen til å gi frå seg heile Noreg.

 

Frå eitt statssamband til eit anna

Forholda hadde betra seg noko i Noreg då Fredrik 6. i august 1809 inngjekk ein avtale med Storbritannia om å gi til løyve ein viss handel med trelast. Samtidig skipa norske stormenn «Selskapet for Norges Vel», som arbeidde for norske saker. I møte med dette selskapet, den sterkaste norske stemma sidan riksrådet vart oppløyst ved reformasjonen, oppfylte kongen eit gamalt norsk ønske om eige universitet.

 

I 1812 vart det slutt på løyvet om trelasthandelen, og britane sperra igjen sjøen. Ny hungersnød førte til opptøyar. I 1813 braut også det dansk-norske pengevesenet heilt saman. Den alvorlege stillinga gjorde at Fredrik 6. sende kronprins Kristian Fredrik som statthaldar til Noreg. Han heldt krigen på avstand, med å nekta å angripe Sverige.

 

Då danskekongen gav frå seg Noreg ved fredsavtalen i Kiel 14. januar 1814, fekk Kristian Fredrik med seg nordmennene på eit opprør mot avtalen. Med riksforsamlinga på Eidsvoll vart grunnlaget for ein eigen norsk stat lagt. Etter den norske sjølvstendefråsegna i mai 1814, gjekk svenske troppar derimot på ny til angrep og tvinga igjennom det nye statssambandet.

 

Napoleonskrigane stokka såleis om på statsgrensene i Norden. Noreg gjekk frå eit 434 år langt statssamband med Danmark inn i ein 91 år langt samband med Sverige, men med langt større grad av politisk fridom, med grunnlag i den nye Grunnlova. Finland, som hadde lege under Sverige sidan høgmellomalderen, kom i union med Russland fram til 1917, også det med mykje sjølvstende. For Noreg innebar den nye stillinga ei omvelting frå strengt einevelde til representativt demokrati, og samtidig ei gryande nasjonal oppvakning, som etter kvart danna grunnlaget for ein eigen norsk stat.

 

Kjelder

Ståle Dyrvik: Norsk historie 1625–1814. Vegar til sjølvstende. Oslo 1999

Ole Feldbæk: Nærhed og adskillelse 1720–1814, bd. 4 av Danmark-Norge 1380–1814. Oslo 1998

Bård Frydenlund og Rasmus Glenthøj: 1807 og Danmark-Norge. På vei mot atskillelsen. Oslo 2009

Rasmus Glenthøj og Morten Nordhagen Ottosen: 1814. Krig, nederlag, frihet. Danmark-Norge under Napoleonskrigene. Oslo 2014

Øystein Rian: «1536–1814: Foreningen med Danmark», i Narve Bjørgo, Øystein Rian og Alf Kaartvedt (red.): Selvstendighet og union. Fra middelalderen til 1905. Oslo 1995

 

Peikarar

Morten Nordhagen Ottosen: «Krigen 1808–09», norgeshistorie.no

Magne Njåstad: «Norge under napoleonskrigene», snl.no 

Øystein Rian: Danmark-Norges utenrikspolitikk 1797–1807», norgeshistorie.no 

Århus Universitet: «Kapitulationen efter Københavns bombardement 7. september 1807», danmarkshistorien.dk 

Århus Universitet: «Den fransk-danske alliance 1807–14», danmarkshistorien.dk 

Kildenett: «Napoleonskrigene», kildenett.no 

«Københavns bombardement», 1807.dk

Først publisert: 31.03.2017
Sist oppdatert: 18.05.2018