
Napoleonskrigane
Napoleonskrigane er namnet på ei rad europeiske konfliktar i kjølvatnet av den franske revolusjonen, fram til 1815, oppkalla etter den franske statsleiaren Napoleon Bonaparte. Under Napoleon la Frankrike under seg store landområde, men måtte til slutt gi tapt for ei større samanslutning av europeiske statar.
Den franske revolusjonen i 1789 skapte spenningar mellom det nye republikanske Frankrike og dei gamle europeiske kongedøma, som frykta at den nye styreforma skulle breie om seg. At dei støtta den rojalistiske motstanden mot revolusjonen internt i Frankrike, forsura tilhøva endå meir. I 1791 utferda den tysk-romerske keisaren Leopold 2. og Fredrik Vilhelm 2. av Preussen Pillnitz-fråsegna, der dei lova å forsvare kongehuset til Ludvig 16. Fråsegna vart oppfatta som ei krigshandling av den franske riksforsamlinga, som i 1792 erklærte krig.
Franske troppar var ved utbrotet av krigen
dårleg organiserte, og mange soldatar rømde frå tenesta. Landet greidde likevel
å stå imot ei tidleg framrykking frå Preussen og det habsburgske Austerrike si
side. Etter avrettinga av Ludvig 16. i januar 1793, kom så Spania, Nederlanda
og Storbritannia med i samanslutninga mot Frankrike. På grunn av innføring av verneplikt
greidde Frankrike å mønstre større styrker enn motstandarane. Frå 1794 fekk den
franske revolusjonære hæren stadig meir overtak. I 1795 hærtok franske styrkar
Dei sameinte nederlanda, oppretta Den bataviske republikken og gjorde såleis ende
på den over to hundre år gamle nederlandske staten.
På dette tidspunktet hadde den unge
korsikanaren Napoleon Bonaparte vorte fransk general. Han utmerkte seg
ytterlegare gjennom å slå ned eit britisk-støtta kuppforsøk og så gjennomføre vellukka
felttog i Italia. I 1799 var han med på maktovertakinga i Frankrike som gjorde
han sjølv til statsleiar, frå 1804 som eineveldig keisar. Napoleon gjennomførte
fleire reformer i statsforfatninga, men makta hans bygde mykje på det militære.
Under styret til Napoleon heldt difor Frankrike fram med angrepskrigen, gjorde
fleire vellukka framstøytar og la mykje av det europeiske fastlandet under seg.
Til sjøs hadde derimot Storbritannia overtaket
og utgjorde dermed Napoleon sin største fiende. Landet nytta stillinga mellom
anna til å støtte eit opprør mot Josef, bror til Napoleon, i Spania. Dette
opprøret varte frå 1808 til 1814. Napoleon hadde sett slektningar til å styre i
dei landa han hærtok, men landområda var vanskelege å styre og var prega av
uro. For å svekkje Storbritannia prøvde Napoleon å opprette ein sjøblokade, men
lukkast ikkje.
I 1812 gjekk Russland, den tidlegare
forbundsfellen til Frankrike, saman med dei landa som kjempa mot Napoleon. I
håp om å nedkjempe Russland gjekk Napoleon til angrep med ein svær hær, men
felttoget vart totalt mislukka, og nesten heile hæren fall. Ein all-europeisk allianse
gjekk no inn for å knuse Napoleon, og i august 1813 vart dei franske troppane
påført eit stort nederlag ved Leipzig. Året etter måtte Napoleon gå av, etter
press frå eit krigstrøytt folk.
Då Napoleon kom att i 1815 og på ny prøvde
å hærta europeisk område, vart han endeleg slått i slaget ved Waterloo. På
fredskongressen i Wien vart europakartet teikna på nytt, med store
landutvidingar, særleg for Russland og Preussen. Avtalen sikra ein betre maktbalanse
i europeisk politikk og skapte europeisk fred i nær førti år framover.
Napoleons
revolusjonskrigar
Napoleon Bonaparte var løytnant i den
franske hæren då revolusjonen braut ut, men hadde tenestefritak og oppheldt seg
på Korsika, der han var fødd. Her støtta han først eit opprør for sjølvstende,
men rauk så uklar med leiaren for sjølvstenderørsla og måtte flykte. Dermed tok
han opp att militærtenesta. Han steig raskt i gradane. Etter vellukka innsats
ved gjenvinninga av Toulon frå rojalistane og etter å ha uttrykt støtte til den
radikale rørsla, jakobinarane, vart han utnemnd til general i 1794.
Året etter leidde Napoleon forsvaret av
Paris mot eit rojalistisk opprør mot styringsgruppa Direktoriet. For det vart
han utnemnd til hærførar i den såkalla innanrikshæren. På grunn av eit godt ry
som strateg og gode kontaktar vart han i 1796 sett til å leie eit felttog mot
habsburgarane i Nord-Italia. Etter eit svært vellukka hærtokt, slutta
Austerrike fred i 1797, noko som langt på veg gjorde slutt på krigstilstanden. I
1798 erobra Napoleon Egypt, men måtte så gi tapt for den britiske flåten.
Då kamphandlingane hardna til i Europa i
1799, vende Napoleon tilbake til kontinentet. 9. november (18. brumaire i den
franske revolusjonskalenderen) tok han del i ei maktovertaking, der han ved hjelp
av militærmakt truga riksforsamlinga til å kasta Direktoriet. Dette «18.
brumaire-kuppet» gjorde ende på den franske revolusjonen. Ei ny grunnlov vart
vedteken, og Napoleon lét utnemne til «førstekonsul». Det innebar at gjorde at
han i røynda vart statsleiar. I 1804 utnemnde han seg sjølv til eineveldig keisar,
og då var det slutt på den første franske republikken.
Europeisk
allianse til angrep
Den skjøre freden frå 1797 vart broten då
ein allianse av Storbritannia, Austerrike og Russland i 1799 gjekk til angrep i
Italia, Tyskland og Nederlanda. I Nederlanda og etter kvart i tyske område var angrepa
mislukka, men i Italia lukkast det å drive franske styrkar tilbake.
I 1800 vann derimot Frankrike ein viktig
siger ved Marengo, i det som i dag er Piemonte, eit slag som styrkte Napoleons
rykte i stor grad. Austerrike trekte seg då heilt ut av Italia. Hærføraren Jean
Moreau rykte fram mot Wien og fekk den habsburgske keisaren, Frans 2., til å
leggje ned våpna i 1801, etter eit avgjerande slag ved Hohenlinden i Bayern.
Freden isolerte Storbritannia. Med omsyn
til eit krigstrøytt britisk folk inngjekk den britiske regjeringa våpenkvile i
1802. Avtalen enda eit tiår med krig, men det fanst enno fleire stridsemne. Britisk
hærsetjing av Malta braut med avtalen, fransk militært nærvær i Sveits og
Nederlanda likeins. I mai 1803 erklærte Storbritannia dermed krig på ny.
Fransk-britiske
spenningar
Felttoga før 1803 hadde utvida det franske
landområdet og styrkt den franske makta over varebytet. Også utanfor Europa truga
Frankrike britiske interesser. Det var del av ein langvarig, verdsomspennande strid
om land og handel, der Storbritannia i løpet av 1700-talet hadde teke ei rekkje
franske oversjøiske område. For å ramme den britiske handelen prøvde Napoleon i
1806 å innføre ein blokade mot all britisk handel med det europeiske fastlandet.
Då krigen braut ut att i 1803, voks òg ambisjonane
til Napoleon. Som keisar Napoleon 1. av Frankrike samla han ein svær hær på 200 000
mann, La Grande Armée, og gjorde seg klar til å angripe England. Storbritannia
var likevel framleis sterke til havs, og under leiing av Lord Nelson senka den
britiske flåten i 1805 mykje av den franske i slaget ved Trafalgar sørvest for Spania.
Erobringa
av Europa
Napoleon gav dermed opp angrepet på
England. Hæren vart vend austover, mot Austerrike, som hadde gått til krig då
Napoleon utnemnde seg til konge over Italia i 1805. Franske troppar hærsette
Wien, og ved «trekeisarslaget» nær Austerlitz vann dei ein ny stor siger over russisk-austerrikske
troppar. Keisar Frans 2. slutta fred på ny. Denne gongen var nederlaget så omfattande
at det nesten tusen år gamle tysk-romerske riket gjekk i oppløysing.
Dei neste par åra vann franske styrkar ytterlegare
fram. I slaget ved Jena og Auerstedt i oktober 1806 sigra dei over prøyssiske
og saksiske troppar. Saksarane la ned våpna, og våpenkvile vart inngått med Preussen
og Russland i juli 1807, etter eit overhendig slag i Friedland, i dagens Polen.
Napoleon hadde no lagt under seg mykje av Vest-Europa.
Lukka
snur
Det veldige riket var vanskeleg å styre,
og særleg i Spania gjorde folk opprør. Den motstanden Napoleon møtte frå den spanske
geriljaen oppmuntra i 1809 Austerrike til å gå til krig på nytt for å vinne
tilbake dei områda dei hadde mist. Dei tapte på nytt, men gjorde tidvis god
motstand og påførte Napoleon det første større tapet som hærførar. Den franske
keisaren var likevel no på høgda av makta si, men møtte òg tydelegare motstand.
For å kome ovanpå igjen, mønstra Napoleon
den største hæren verda hadde sett, og starta ei hærferd mot Russland i 1812. Det
førte i staden til eit katastrofalt nederlag. Av 680 000 soldatar kom berre
10 000 attende til Frankrike, resten fall eller fraus i hel på dei
russiske slagmarkene. I eit nytt katastrofalt nederlag ved Leipzig i 1813
døydde 100 000 franske soldatar. Året etter hærsette motstandarane Paris
og tvinga Napoleon til å abdisere 11. april 1814.
Nederlag
og europeisk fred
Napoleon vart no sett i fangenskap på Elba,
ei øy i Middelhavet. I februar 1815 rømte han derifrå og vart teken godt imot i
Frankrike, vel omtykt for dei tidlegare sigrane sine. For å kome dei europeiske
statane i forkjøpet og hindre dei i å samle ein ny hær, gjekk Napoleon straks
til angrep på britiske styrkar ved Waterloo, i dagens Belgia. Slaget gjekk først
bra, men då den prøyssiske hæren slutta seg til, vart overmakta for stor.
Napoleon tapte, måtte abdisere på nytt, og vart forvist til øya St. Helena i
Atlanterhavet.
Ein fredskongress vart sett i gang i Wien
i 1814, og då Napoleon vende tilbake i 1815, vart det særleg fart i
fredstingingane. Europa vart delt mellom dei sigarande landa. Polen vart delt
mellom Russland og Preussen, som òg fekk andre store utvidingar i vest og aust,
og som gjorde landet til ei europeisk stormakt. Russland heldt på Finland, hærteke
i 1809 frå Sverige, som då var på fransk side. Austerrike fekk nye landområde i
Italia.
Landdelingane skapte større likevekt
mellom dei europeiske statane og ein betre maktbalanse. Ein europeisk fred følgde,
ein fred som varte fram til Krim-krigen i 1853, og i ein viss grad fram til den
første verdskrigen. At Spania fekk ei svekt stilling etter krigane, la grunnlag
for vellukka søramerikanske fridomskampar dei neste tiåra.
Dei europeiske landa heldt fram med å vere
styrte av bakstreverske styresmakter. I Frankrike vart huset Bourbon på ny innsett
på trona. Statsjuridiske reformer innført under Napoleon gjorde det likevel vanskeleg
å vende heilt attende til eit eineveldig kongedøme, og det oppstod opprør i
1830 og 1848, som til slutt gjorde slutt på det franske kongedømet. Også i andre
land pressa politiske reformer seg på. Det gjorde òg nasjonale haldningar, i
eit Europa med svekt adeleg makt og ei veksande middelklasse. Dei komande
hundre åra skulle det leie til nye statsdanningar, mellom anna den tyske, den italienske
og den norske – men til slutt òg ein ny europeisk krig.
Kjelder
T.C.W.
Blanning: The French Revolutionary Wars
1787–1801. London og New York 1996
Michael
Broers, Peter Hicks og Agustín Guimerá (red.): The Napoleonic Empire and the New European Political Culture. Basingstoke,
Hampshire 2012
Owen
Connelly: The Wars of the French
Revolution and Napoleon, 1792–1815. London og New York 2006
Charles J. Esdaile: «Popular Resistance
to the Napoleonic Empire», i Philip G. Dwyer
(red.): Napoleon and Europe. Harlow 2001
Charles J. Esdaile: The French Wars 1792–1815. London 2001
Alan
Forrest, Karen Hagemann og Jane Rendall (red.): Soldiers, Citizens and Civilians. Experiences and Perceptions of the
Revolutionary and Napoleonic Wars, 1790–1820. London
2009
Peikarar
Tim Greve og David Brégaint: «Napoleonskrigene» (med oversikt over viktige slag), snl.no
Encyclopædia Britannica: «Napoleonic Wars», britannica.com
Sist oppdatert: 21.04.2017