Faktaboks

Bjarte Sindre
Fødd
4. juli 1936, Kinn, Vestland
Bjarte Sindre.
Av /Selja Forlag.

Bjarte Sindre er forfattar, lektor og lokalhistorikar. I sine romanar, med handling frå norrøn tid, kombinerer han kulturformidling og spenning.

Bjarte Sindre er fødd på øya Kinn i Sogn og Fjordane (no Vestland). Han er utdanna lektor, med nordisk hovudfag frå Universitetet i Oslo (1964), og har mellom anna vore rektor ved Flora vidaregåande skule frå 1980 til 1999. Sindre har skrive mange lokalhistoriske artiklar, vore leiar i Sogn og Fjordane Skrivelag og redaktør for ulike publikasjonar.

Bakgrunn

Sindre debuterte skjønnlitterært med romanserien Odins smykke (2010–2017), der handlinga er lagd til vikingtida. Han har vore tru mot den norrøne skrivestilen, og bøkene er handlingsrike, episodiske og inneheld lite indre monologar. Handlinga har sterk framdrift og spenning, og språkbruken gir historia ei truverdig ramme. Solid historisk kunnskap vert formidla, og forfattaren har lagt vekt på å ta utgangspunkt i faktiske hendingar og personar.

Den første boka i serien, Asgeir Åsason (2010), har tittel etter hovudpersonen, og handlinga er lagd til Sunnfjord på 900-talet. Asgeir har ikkje slekt, og ingen veit kven far hans er, noko som gir han svært låg status i eit samfunn basert på ætt og ære. Konfliktar og maktkamp står sentralt, og gjennom kløkt og dugleik posisjonerer hovudpersonen seg etter kvart som ein av kongen sine nærmaste menn. Gjennom serien skriv forfattaren Asgeir inn i historia, og i dei sju romanane reiser han på handelsferder til fjerne kystar, der han møter både berserkar, seidmenn og kongelege.

Utmerkingar

Sindre fekk tildelt Flora kommune sin kulturpris i 2011 for framifrå innsats for kulturlivet.

Bibliografi i utval

  • Asgeir Åsason (Roman, Selja forlag, 2010)
  • Berserken (Roman, Selja forlag, 2011)
  • Trollbøn (Roman, Selja forlag, 2011)
  • Møyfrid (Roman, Selja forlag, 2011)
  • Flypioneren: Thor Solberg (Sakprosa, Selja forlag, 2012)
  • Britannia (Roman, Eige forlag, 2016)
  • Miklagard (Roman, Eige forlag, 2017)
  • Odins rike (Roman, Eige forlag, 2017)
  • Nederlaget (Roman, Eige forlag, 2017)
  • Broderfreden (Roman, Eige forlag, 2017)
  • Seidkongen (Roman, Eige forlag, 2018)
  • Mordbrannen (Roman, Eige forlag, 2018)
  • Blodsbrør (Roman, Eige forlag, 2018)
  • Giftarmål (Roman, Eige forlag, 2018)
  • Herse (Roman, Eige forlag, 2020)
  • Utferder (Roman, Eige forlag, 2020)
  • Ny konge (Roman, Eige forlag, 2020)
  • Ættboren (Roman, Eige forlag, 2021)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg