Hopp til innhold
X
Innhald

Brynjulv Gjerdåker

Brynjulv Gjerdåker er historikar og har særleg arbeidd med norsk jordbrukshistorie. Han var historieprofessor ved Høgskulen i Volda frå 2002 til 2013.

Brynjulv Ivar Gjerdåker er fødd på Voss 29. august 1943. Han blei cand.philol. med hovudfag i historie ved Universitetet i Oslo i 1974 og dr.philos. ved Universitetet i Trondheim i 1991.

Gjerdåker var arkivar og førstearkivar ved Statsarkivet i Trondheim frå 1976 til 1994 og var timelærar i historie ved Universitetet i Trondheim/Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i åra 1976 til 2001. Han var tilsett som professor i historie ved Høgskulen i Volda frå 2002 til 2013.

Hovudfagsoppgåva hans frå 1974 tok for seg geografisk og sosial mobilitet i Ullensaker på 1800-talet og var knytt til historieprosjektet «Norsk samfunnsutvikling ca. 1860–1900» ved Universitetet i Oslo. I doktoravhandlingsarbeidet frå 1991 studerte Gjerdåker kulturutviklinga i kystsamfunna Hitra og Frøya på Trøndelagskysten i etterkrigstida. Seinare har han særleg arbeidd med jordbrukshistorie og har skrive ei rekkje artiklar med lokalhistoriske tema.

Gjerdåker skreiv det andre bandet i tobandsverket om historia til Noregs Bondelag, Bygdesamfunn i omvelting 1945–1996 (1995). Han var sentral i arbeidet med bokverket Norges Landsbrukshistorie, som kom ut på Samlaget i fire band i 2002. I det tredje bandet, Kontinuitet og modernitet, tek Gjerdåker for seg utviklinga frå 1814 til 1920, ein periode med store omveltingar i det norske jordbruket. Han har òg skrive Hamars byhistorie frå 1930-åra og fram til om lag 1990: Stiftstad og bygdeby. Hamars historie 1935–1991 (1998).

Det aller meste av den faglege produksjonen har Brynjulv Gjerdåker forfatta på nynorsk. Han var ei sentral drivkraft bak opprettinga av masterstudiet i kulturmøte ved Høgskulen i Volda.

Kjelder

«Landbruk er meir enn bønder (Om Norges Landbrukshistorie I–IV, Samlaget)», Dag og Tid 1.2.2003

Heimesida til Høgskulen i Volda: http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/avdelingar/samfunnsfag-og-historie/tilsette-ash/tilsette-1/gjerdaker_-brynjulv&PHPSESSID=2a6h4sjcq6pmbetiuc8ughrjd0 [lesedato 18.9.2016]

Peikarar

Per Propell: «Historia om ei tapt livsform», klassekampen.no

Først publisert: 02.03.2017
Sist oppdatert: 15.11.2017