Hopp til innhold

Edvard Ruud

Edvard Jentoft Ruud, gardbrukar, folkeminnesamlar, songar og forfattar frå Elgsnes ved Harstad i Troms. Ruud var mest kjend som formidlar av nordnorsk tradisjonsstoff, og då særleg song.

Edvard Ruud var fødd 6. november 1907 på Trondenes i Troms og døydde 5. august 2001 i Harstad. Han voks opp på garden Ytre Elgsnes, som han sjølv dreiv mellom 1932 og 1974. I 1926–27 gjekk Ruud på Trondarnes folkehøgskule. Han hadde inga formell utdanning utover dette. I fleire periodar var han kommunestyrerepresentant i Trondenes kommune.

Frå 9. september 1944 til 10. mai 1945 var Ruud NS-oppnemnd ordførar i Trondenes kommune. Han var òg medlem av det NS-oppnemnde styret for Noregs Ungdomslag frå 1943 til 1945. Ruud vart dømd til nokre månaders fengsel etter krigen, men vart ikkje dømd for NS-medlemskap, og han hevda sjølv at han ikkje var medlem i NS.

Frå 1974 var Ruud statsstipendiat med særleg ansvar for å samle inn stad- og médnamn og gamle ord og uttrykk. Han var initiativtakar til å få reist Elgsnes kapell (Hans Egedes Minne), som stod ferdig i 1961. Kyrkja brann i 1982, men Ruud arbeidde for å få bygd kyrkja opp att. Den nye kyrkja vart innvigd i 1985.

Med plateinnspelinga Båra ho bryter så vide. Viser og stubbar frå Nordland og Troms (1968) gav Ruud eit viktig tilskot til å dokumentere nordnorsk vokal folkemusikk. På plata finn vi mellom anna mellomalderballaden «Julgeitsonen» frå Beiarn og skjemtevisa «Kallen og staven». I NRKs folkemusikkarkiv er Ruud representert med 182 songopptak.

Boka Det mørke landet (1980), illustrert av Karl Erik Harr, inneheld nordnorske eventyr og segner som Ruud samla og skreiv ned. Mellom informantane var faren Edvard Ruud (1854–1932).

Som lyrikar var Ruud tradisjonell i forma, inspirert av mellom andre Anders Hovden. Ruud skreiv mange høvesdikt og prologar, og han skreiv på nynorsk, ofte med nordnorske språktrekk. Ruud skreiv om eit breitt sett av emne, frå vorter og abort til Petter Dass, hurtigruta og finlandskrigen. Han skreiv òg mange dikt med religiøse over- og undertonar. I nokre av tekstane kjem eit konservativt livssyn til syne, til dømes i diktet «Abort», frå samlinga Tankar og ord frå landet i nord (1998).

Ruud fekk fleire utmerkingar for arbeidet med formidling av nordnorsk kulturarv, mellom anna Elias Blix-prisen i 1980, Harstad Sparebanks kulturpris i 1989 og Petter Dass-medaljen i 1991.

Kjelder

Ingrid B. Aronsen: «50 år med Hans Egedes Minne», Harstad Tidende 4.8.2011

Hans Kr. Eriksen: «Diktarbonden på Elgsnes», Nordnorsk magasin nr. 5/1999

Rolf Myklebust: Femti år med folkemusikk. Oslo 1982

Kåre Pedersen: «Kulturpris», Nordlys 15.2.1989

Kåre Pedersen: «Petter Dassmedaljen», Nordlys 12.2.1991

Ronny Spaans: «Diktet», Dag og Tid 9.2.2018

Nils Magne Knutsen: «Edvard Ruud», Norsk biografisk leksikon, publisert 13.2.2009, nbl.snl.no: https://nbl.snl.no/Edvard_Ruud [lesedato 26.6.2018]

Peikarar

Digital versjon av Tankar og ord frå landet i nord, nb.no 

Digital versjon av Dikt frå Elgsnes, nb.no 

Digital versjon av Det mørke landet. Nordnorske eventyr og segner, nb.no 

Båra ho bryter så vide på Spotify, open.spotify.com 

Først publisert: 10.12.2018
Sist oppdatert: 10.12.2018