Hopp til innhold
X
Innhald

Erling Lae

Erling Reidar Lae, historikar, journalist, politisk rådgivar og tidlegare byrådsleiar i Oslo for Høgre. I perioden 2010–16 var han fylkesmann i Vestfold.

Erling Lae er fødd 6. mars 1947 i Oslo og bur i Tønsberg. Han er utdanna cand.philol., med hovudfag i historie frå Universitetet i Oslo i 1977, der han skreiv hovudfagsoppgåva om svenske samar sine rettar i Noreg. Han har òg grunnfag i psykologi og mellomfag i nordisk i fagkrinsen, i tillegg til pedagogisk seminar (no PPU).

Lae arbeidde som journalist i Høgres Pressebyrå i 1978–80, var politisk sekretær i Høgres Hovudorganisasjon i 1980–81 og politisk rådgivar for statsråd Astrid Gjertsen i 1981–86. I 1986–87 var han informasjonssjef i Norges Industriforbund, deretter i Norsk Hjelpepleierforbund (1987–93) og Sparebanken NOR (1992–93). Lae var redaktør i medlemsbladet til Norsk Helse- og Sosialforbund i 1993–97, og i 1997–2000 var han byråd for eldre og bydelane i Oslo. Mellom 2000 og 2009 var han byrådsleiar i Oslo. Han blei utnemnd til fylkesmann i Vestfold i 2010 og er no pensjonist.

Lae var bystyrepresentant for Høgre i Oslo frå 1992 til 2011. Han var andre nestleiar i Høgre i 2008–10. Politisk har han vore sentral i arbeidet for rettane til homofile.

I mange år har Lae hatt si eiga spalte på nynorsk i avisa Hallingdølen. Han var styremedlem i Den Norske Turistforening i Oslo i 2010–16, er leiar av rådet i Norsk kulturarv frå 2011, styremedlem i JustUnity frå 2015, styreleiar i Norsk institutt for kulturminneforsking frå 2015 og i Norsk Friluftsliv frå 2016.

Han fekk Regnbueprisen i 2007 og blei kåra til den mektigaste homofile mannen i Noreg tre gonger på rad av nettstaden Gaysir. I 2016 fekk han St. Hallvard-medaljen.

Kjelder

«Erling Lae utnevnt til fylkesmann i Oslo»: hoyre.no: https://hoyre.no/aktuelt/arkiv/erling-lae-utnevnt-som-fylkesmann-i-vestfold/ [lesedato 24.10.2016]

«Erling Lae blir ny styreleder», norskfriluftsliv.no: http://www.norskfriluftsliv.no/erling-lae-ny-styreleder-i-norsk-friluftsliv/ [lesedato 24.10.2016]

Peikarar

Erling Lae: «Kvardagsfordommar», aftenposten.no

NTB: «Erling Lae ny styreleder i Norsk Friluftsliv, rbnett.no

Wasim Riaz: «Erling Lae og Martin Mæland får St. Hallvard-medaljen», aftenposten.no

Kjetil Sviland: «Erling Lae går av», tv2.no

Først publisert: 24.03.2017
Sist oppdatert: 24.03.2017