Hopp til innhold
X
Innhald

Gabriel Øidne

Gabriel Øidne, geograf og historikar. Han analyserte regionale skilnader med omsyn til partival, og innsikta hans om motkulturar fornya norsk valforsking.

Gabriel Øidne var fødd 11. februar 1918 i Konsmo i Vest-Agder og døydde i Oslo 4. april 1991. Han blei cand.philol. med hovudfag i historie i 1951. Han var stipendiat ved Norsk historisk kjeldeskriftinstitutt i 1951–53 og ved Noregs allmennvitskaplege forskingsråd i 1955–59. Frå 1959 til 1973 var han lektor ved Kongensgate skole i Kristiansand. Frå 1973 var han statsstipendiat i historie.

 

I hovudfagsoppgåva Audnedalen (1950) tok Øidne for seg barnevandringane på 1800- og 1900-talet, då borna til fattigfolk drog heimanfrå om sommaren for å gjete. Han skreiv om dette også andre stader, og tekstane hans var viktige kjelder for filmen Yohan – barnevandrer (2010). Han skreiv fleire mindre artiklar om lokalhistorie og om politiske tilhøve i Noreg på byrjinga av 1900-talet. I 1973 gav han ut boka Østkant og Vestkant i Oslos politiske historie. Sosial og politisk struktur i Oslo 1909–69, der han la vekt på skilnadane mellom aust og vest i byen.

 

Ein vektig artikkel som kom til å fornye norsk valforsking, var «Litt om motsetninga mellom Austlandet og Vestlandet», som første gongen stod på prent i Syn og Segn i 1957. Øidne var ikkje sosiolog, men nytta her sosiokulturelle forklaringsmåtar på politiske og samfunnsmessige fenomen. Han freista å forklare stabiliteten i dei regionale skilnadene med omsyn til røysting ved val og politiske tradisjonar mellom Austlandet og Vestlandet. Artikkelen inspirerte den norske valforskinga og førte òg til forsking om regionale skilnader i Noreg. Øidne skilde mellom ulike kulturregionar på Sørlandet og Vestlandet: «den mørke kyststripa» der den pietistiske bedehuskulturen dominerte, og den lysare og meir frilyndte «folkehøgskuleregionen» i innlandet, i «fjell- og fjord-Norge». Øidne peika på fråhaldssak, målsak og pietisme som dei vestlandske motkulturane.

 

I 2011 blei artikkelen til Øidne plukka ut blant dei 25 viktigaste tekstane som kom med i ein sosiologisk kanon.

 

Kjelder

Andreas Hompland: «Litt om motsetninga mellom Austlandet og Vestlandet. Gabriel Øidne», Sosiologen 3/2010, s. 15–16

Trygve Juul Møller (red.): Studentene fra 1938. Oslo 1963

Pål Repstad: «Sørlendinger på sosiologi-toppen», kronikk i Fædrelandsvennen 25. oktober 2011

Først publisert: 25.04.2017
Sist oppdatert: 25.04.2017