Hopp til innhold
Foto: Ole Johs. Brye/Samlaget.
Foto: Ole Johs. Brye/Samlaget.
X
Innhald

Hallgrim Berg

Hallgrim Berg, politikar, har vore stortingsrepresentant for Høgre frå Buskerud. Han er òg kjend som folkemusikar. Det årelange arbeidet hans for å verne den norske kulturarven har i dei seinare åra dreia i retning av motstand mot islamisme.  

Hallgrim Berg er fødd i Ål i Hallingdal 28. januar 1945. Han blei cand.philol. med historie hovudfag frå Universitetet i Oslo i 1972. Etter å ha vore lektor på Geilo og Gol var han sjølvstendig næringsdrivande på Geilo frå 1974 til 1986. Han var vararepresentant til Stortinget frå 1977 til 1985, møtte fast frå 1982 til 1985, var stortingsrepresentant i perioden 1987–97 og vararepresentant i 1997–2001. Frå 1998 til 2002 var han dagleg leiar for reiselivsselskapet Fjell og Fjord Ferie på Gol, og seinare har han vore det han sjølv omtaler som «kulturist».

Berg var medlem av Ål kommunestyre i 1975–87 og i 1999–2003, i den siste perioden var han òg medlem av formannskapet. Han var medlem av Buskerud fylkesting i 1999–2007. Som stortingspolitikar var han mellom anna delegat til Europarådets parlamentarikarforsamling og leiar for Den europeiske demokratiske gruppa i 1992–97. Han var leiar av Foreininga av tidlegare stortingsrepresentantar 2012–19.

Berg har hatt ei rekkje offentlege verv, mellom anna var han medlem av Norsk Språkråd i 1972–78 og 1980–85, Kringkastingsrådet i 2002–09 og Norsk kulturråd i 2005–08. 2008–12 var han president i Nordmanns-Forbundet/Norwegians Worldwide. 

Berg har vore aktiv målmann gjennom mange år, med fleire verv i målrørsla. Han var styremedlem i Noregs Mållag 1968–72 og leiar av Løvebakken Mållag 1987–97. Han var redaktør av boka Me og uss, de og dikko – dialekt i Ål og Torpo som Ål og Torpo Mållag gav ut i 2005. 

Han har vore ein ivrig talsmann for folkemusikk, og har gitt ut og medverka i fleire CD-produksjonar. Han var sekretær i Landslaget for Spelemenn 1968–72. I 1976 var han med og starta Folkemusikkdagane i Ål (Folkemusikkveka), der han sat 30 år i programkomiteen.

Gjennom mange år har Berg vore fast skribent og spaltist i fleire aviser og teke del i den offentlege debatten med kronikkar og innlegg om aktuelle samfunnsspørsmål. Han var musikkritikar i Aftenposten i 1986–92.

I dei seinare åra har Berg skrive fleire bøker. I trilogien Når sevja stig (2004), Når lauvet sprett (2006) og Når flaumen går (2010) har han samla norsk humor frå ulike miljø. Parlamenturismen. Norske folkevalde på utflukt (2016) er ei humorbok om stortingsrepresentantar på reisefot, formidla i munnleg forteljarstil. Han har òg skrive biografien Olav Thon. Milliardær i anorakk (2008) og boka Rakfisk i godt lag (2009). I 2007 kom debattboka Amerikabrevet. Europa i fare (omsett til engelsk og publisert i USA), der Berg er kritisk til framveksten av islamismen i Europa. I oppfølgjaren Demokrati eller islamisme. Europa under islam (2013) held han fram med å åtvare mot den store muslimske innvandringa, som han hevdar vil føre til økonomiske, politiske og kulturelle problem.

Han er æresmedlem i Buskerud Mållag. Etter å ha leia Tubfrim i 20 år, 1989–2009, blei han utnemnd til æresmedlem i Nasjonalforeningen for folkehelsen.

Kjelder

Hallgrim Berg, e-post 13.5.2020

Herman Berthelsen (red.): Hvem er hvem i norsk kulturliv? Oslo 1987

Olaf Chr. Torp: Stortinget i navn og tall. Høsten 1993 – våren 1997. Oslo 1994

Hallgrim Berg, «Representanter og komiteer», stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=HBE [lesedato 10.1.2016]

Hallgrim Berg, forfattarbiografi, samlaget.no: http://www.samlaget.no/nn-no/forfattarar/b/hallgrim--berg.aspx [lesedato 10.1.2016]

Verk av Hallgrim Berg, orio.no: http://bibsys-almaprimo.hosted.exlibrisgroup.com/primo_library/libweb/action/dlSearch.do?institution=BIBSYS&vid=BIBSYS&search_scope=blended_scope&query=lsr39,exact,90131983 [lesedato 10.1.2016]

Først publisert: 02.05.2016
Sist oppdatert: 14.05.2020