Hopp til innhold
X
Innhald

Halvard Bjørkvik

Halvard Bjørkvik, historikar, forskar og museumsmann. Han har lagt ned ein stor innsats for norsk lokalhistorisk forsking, formidling og kulturvern.
Bjørkvik er fødd 9. oktober 1924 i Finnøy. Han er utdanna cand.philol. med historie hovudfag ved Universitetet i Oslo i 1951. Her vart han tilsett ved Institutt for sammenlignende kulturforskning, før han i 1961 vart dosent i historie ved Norges lærerhøgskole (frå 1968 Universitetet i Trondheim). Frå 1975 til 1989 var han direktør for Norsk Folkemuseum, deretter professor og seniorforskar i historie ved Universitetet i Oslo fram til 1994.
 
Bjørkvik sine spesialfelt er lokalhistorie og eldre jordeigedomshistorie. Over lang tid samarbeidde han med Andreas Holmsen, nestoren i norsk lokalhistorisk forsking, om undersøkingar av garden og gardssamfunnet i Noreg. I 1970–79 var han leiar for Landslaget for by- og bygdehistorie. Han har dessutan vore formann for Norske kunst- og kulturhistoriske museer (1977–82) og styreleiar i Norsk Utvandrermuseum (1988–93).
 
Bjørkvik har skrive ei mengd artiklar og bøker, mellom anna ei gards- og ættesoge for heimkommunen Finnøy og bind 4 av Aschehougs noregshistorie. I 2006 fekk han kongens fortenestemedalje i gull for innsatsen sin.
 
Kjelder
Jørn Sandnes: «Halvard Bjørkvik», Norsk biografisk leksikon, bd. 1. Oslo 1999
 
Peikarar
Bibliografi i Bibsys

Først publisert: 30.06.2009
Sist oppdatert: 13.04.2010