Hopp til innhold
X
Innhald

Hans Henrik Holm

Hans Henrik Holm, diktar, språkgranskar og folkelivsgranskar. Med ein litterær produksjon på dialektblanda nynorsk og riksmål utforska han den norske folkesjela og kulturarven.

Hans Henrik Holm var fødd 18. januar 1896 i Oslo og døydde der 27. september 1980. Han studerte jus, norsk og folkeminnevitskap ved Universitetet i Oslo. Han var styremedlem i Norsk Måldyrkingslag. I 1920-åra samla han folkeminne, særleg i Setesdal og Telemark.

galleri

Debuten i 1933 var eit lyrisk epos, Jonsoknatt, illustrert av Frøydis Haavardsholm. Under andre verdskrigen skreiv Holm dikt i Heimefronten sitt illegale organ «Norsk Front» og andre hemmelege aviser under pseudonymet «ein uppdøl». Han nytta dette også i diktsamlinga Raudt nordlyse, som vart trykt av Heimefronten våren 1944. To bibliofilutgåver av denne boka kom ut etter frigjeringa i 1945 og 1946. Dei var illustrerte av Frøydis Haavardsholm og Håkon Stenstadvold. I 1950 følgde samlinga Illversrid, illustrert av Hans Gerhard Sørensen, med fleire dikt som hadde sirkulert under krigen.

Motstandsdikta, eller krigsvisene som Holm kalla dei, var rike på ironi, allegoriar og symbol. Dei fekk talande titlar som «Galtar i kålgarden», «Blodvitne» og «Hoggskifte». Diktet «Ei malmfuru», først prenta i 1933 og tonesett av Ludvig Irgens Jensen ti år seinare, vart populært i motstandsmiljø over heile Noreg.

I storverket Norsk folkeepos 1–7 (1965–71) var det første bandet ei revidert utgåve av debutboka. Holms prosjekt, som var inspirert av folkediktinga sitt univers, var både vitskapleg, didaktisk og lyrisk. På leit etter det han kalla den norske folkesjela undersøkte han samspelet mellom natur, folketradisjonar og språk i bygdesamfunnet. I dette arbeidet synleggjorde han motivvandring og intertekstualitet, altså tekstar som refererer til andre tekstar, på tvers av landegrenser.

Det uvanlege ordtilfanget, med islett av setesdalsdialekt, forklart i systematiske ordlister og kommentarar, var ein viktig del av prosjektet. Holms språk vert ofte kritisert for å vere vanskeleg, men nokre av tekstane hans er like fullt omsette til dansk, nederlandsk, engelsk og tysk. Sjølv gjendikta han nederlandske mellomaldertekstar til norsk saman med Kåre Langvik-Johannessen. Samarbeid med biletkunstnarar resulterte i mange bibliofilutgåver, og komponistar som Arne Dørumsgaard, Klaus Egge og Geirr Tveitt tonesette fleire av Holm sine dikt.

Holm fekk statsstipend i kulturgransking frå 1957 og kunstnarløn frå 1961. Diktarverkstaden vart flytta til Setesdalsmuseet og opna 14. mai 1994. Hundreårsjubileet vart feira i Valle i jonsokhelga to år seinare. Holm er gravlagd på Vår Frelsers gravlund.

Kjelder

Harald og Edvard Beyer: Norsk litteraturhistorie. Oslo 1970

Willy Dahl: «Innledning», i Hans Henrik Holm: Trakkferd i fjøllgrendom. Et utvalg fra diktsyklusen Bygdir i Solrøyk, ved Willy Dahl. Oslo 1977

Willy Dahl: «Hans Henrik Holm og det nasjonale», i Ånund K. Homme (red.): Hans Henrik Holm 1896–1996. Foredrag omkring 100-årsminnet. Valle kommune 1996

Olav Dalgard ofl. (red.): Hans Henrik Holm og det bygdenorske. Dikting og gransking gjennom 25 år. Med bibliografi av Kaare Haukaas. Oslo 1958

Hans Henrik Holm: Jonsoknatt. Oslo 1933 og 1965

Hans Henrik Holm: «Kring 'Jonsoknatt' og fyremålet med 'Norsk folkeepos'», i Hans Henrik Holm: Jonsoknatt. Oslo 1965

Hans Henrik Holm: «Om norsk folkesjel» (1940), i Hans Henrik Holm: Jonsoknatt. Oslo 1965

Hans Henrik Holm: Hard-røynd frå havland og dalsògur. Litt ettergruning ved sluttboki av «Norsk folkeepos». Oslo 1972

Hans Henrik Holm og Kåre Langvik-Johannessen: Frå borg og torg. Mellomalderspel frå Nederlanda. Oslo 1975

Hans Henrik Holm: Soldryss i vårskogen, med eit føreord av forfattaren frå september 1945. Posthumt. Oslo 1984

Ånund K. Homme (red.): Hans Henrik Holm 1896–1996. Foredrag omkring 100-årsminnet. Valle kommune 1996

Kåre Langvik-Johannessen: «Hans Henrik Holm», Norsk biografisk leksikon, bd. 4. Oslo 2001

Marie Lindblad Holm: «Innledning», i Hans Henrik Holm: Soldryss i vårskogen. Posthumt. Oslo 1984

Marie Lindblad Holm: «Hans Henrik Holm slik jeg kjente ham, i alders år», i Ånund K. Homme (red.): Hans Henrik Holm 1896–1996. Foredrag omkring 100-årsminnet. Valle kommune 1996

Amund Myhre: «Død og fornying. Religiøst livssyn i Hans Henrik Holms diktning», Kirke og kultur 1958

Peikarar

Digitaliserte bøker av Hans Henrik Holm på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Først publisert: 08.06.2018
Sist oppdatert: 08.06.2018