Hopp til innhold
Jacob Aaland. Foto: Ukjend. Frå Norsk Allkunneboks arkiv. Nytta etter avtale med Nynorsk kultursentrum og Det Norske Samlaget.
Jacob Aaland. Foto: Ukjend. Frå Norsk Allkunneboks arkiv. Nytta etter avtale med Nynorsk kultursentrum og Det Norske Samlaget.
X
Innhald

Jakob Aaland

Jakob Aaland, historikar, lærar og forfattar. Gjennom heile livet dreiv han lokalhistorisk gransking, særleg i Nordfjorddistriktet.

Jakob Aaland var fødd 27. april 1865 i Randabygda i Stryn og døydde 18. oktober 1950 på Sandane i Gloppen. Han var elev ved amtsskulen i Gloppen 1881–82 og tok eksamen ved Stord lærarskule i 1884. Seinare gjekk han mellom anna på Den gymnastiske Centralskole i Kristiania. Aaland arbeidde som lærar i folkeskulen først i Sigdal, Brevik og Kragerø fram til 1892, deretter ved ulike skular i Bergen fram til 1932. I 1917–19 redigerte han avisa Fjordenes Blad på Nordfjordeid.
Den store interessa til Aaland var lokalhistorie, og han busette seg i Bergen for å kunne vere nær kjeldematerialet i Stiftsarkivet (no Statsarkivet). Han var med på å starte Nordfjord historielag i 1907 og skreiv ei rekkje lokalhistoriske bøker og artiklar. Frå 1909 til 1943 arbeidde han med hovudverket sitt, Nordfjord fraa gamle dagar til no (1909–43), ei bygdebok i fem bind om bygdene frå Stryn i aust til Selje og Vågsøy i vest, som på folkemunne berre vert kalla «Aalandsboka». Frå 1914 til 1919 fekk han statsstipend for å halde på med dette arbeidet. Aaland refererte først og fremst historiske fakta, han var mindre oppteken av å skrive samanfattande verk med eigne tolkingar.
Aaland var òg politisk engasjert og aktiv i organisasjonslivet. Ei tid var han representant for Venstre i bystyret i Bergen, og han var leiar mellom anna for Bergens lærersamfund.
Kjelder
Arne Espeland (red.): Norske skolefolk. Stavanger 1934
Hans Tveitnes: «Jakob Aaland», Norsk Allkunnebok, bd. 10. Oslo 1964
 
Ola Alsvik: «Jakob Aaland», Store norske leksikon, snl.no, http://www.snl.no/.nbl_biografi/Jacob_Aaland/utdypning [lesedato 20.04.2010]
Biografi om Jacob Aaland på lokalhistoriewiki.no, sist oppdatert 25.09.2009, http://lokalhistoriewiki.no/index.php/Jacob_Aaland [lesedato 20.04.2010]
Peikarar

Først publisert: 21.05.2010
Sist oppdatert: 02.05.2013