Hopp til innhold
X
Innhald

Lars Reinton

Lars Reinton, historikar og lektor. Gjennom fleire tiår var han ein av dei fremste innanfor norsk lokalhistorisk forsking og organisasjonsarbeid.
Lars Reinton var fødd 29. mars 1896 i Hol og døydde 15. oktober 1987 i Oslo. Han tok lærarprøva i 1917 og examen artium i 1919, men heldt fram utdanninga og vart cand.philol. med hovudfag i historie ved Universitetet i Oslo i 1928 og dr.philos. i 1940. Han arbeidde som lærar og lektor i den høgre skulen, først ved Buskerud folkehøgskole 1919–21, deretter i Arendal 1929–34 og seinare i Aker og Oslo. I 1955 vart han statsstipendiat for å arbeide med eit storstila forskingsprosjekt om det norske seterbruket.
Reinton var svært interessert i slekt og tradisjon, og bokverket for heimbygda i Hol i åtte band, som han delvis skreiv saman med broren Sigurd S. Reinton, var eit nybrotsarbeid på fleire måtar. Som bygdebok sette det ein ny standard, mellom anna med ei kronologisk inndeling. Også i doktoravhandlinga si arbeidde Reinton med slektsgransking på vitskapleg grunnlag. Gjennom ein mannsalder (frå 1945 til 1970) var han leiar for Landslaget for bygde- og byhistorie (no Landslaget for lokalhistorie), og i perioden 1955–66 redigerte han tidsskriftet Heimen. Han var òg ei drivkraft når det galdt å etablere Norsk lokalhistorisk institutt i 1955. Reinton vart i 1970 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.
Kjelder
Biografi om Lars Reinton, lokalhistoriewiki.no, sist oppdatert 12.03.2010, http://lokalhistoriewiki.no/index.php/Lars_Reinton [lesedato 17.04.2010]
Halvard Bjørkvik: «Lars Reinton», Biografi om Lars Reinton, snl.no, http://www.snl.no/.nbl_biografi/Lars_Reinton/utdypning [lesedato 17.04.2010]
Peikarar

Først publisert: 21.05.2010
Sist oppdatert: 21.05.2010