Faktaboks

Morten Andreas Strøksnes
Fødd
30. november 1965, Kirkenes
Morten Andreas Strøksnes.
Av /Gyldendal.

Morten Andreas Strøksnes er ein prisvinnande forfattar og journalist som skriv slagkraftige avisartiklar og litterære reportasjar i boklengd.

Bakgrunn

Morten A. Strøksnes er fødd i Kirkenes. Han er utdanna idéhistorikar, med hovudfag frå Universitetet i Oslo (1996). Strøksnes fekk stipend for å reise til Cambridge, og han skreiv hovudfagsoppgåva om tidleg opplysningstid og modernitet i England.

Journalistikken

Strøksnes byrja å skrive i Morgenbladet allereie i studietida. Etter studia blei han fast journalist i avisa, og han arbeidde der fram til 2004. Seinare har han vore skribent i fleire aviser og har hatt faste spalter i mellom anna Dag og Tid, Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad og Avisa Nordland. Strøksnes er ein kritisk og tydeleg skribent, som ikkje er redd for å utfordre maktposisjonar i det politiske og kulturelle Noreg. I tillegg har han skrive ei rekkje bøker, dei fleste reiseskildringar.

Forfattarskapen

Strøksnes gav i 1999 ut boka Politisk manifest 2000 saman med Sten Inge Jørgensen og Erling Fossen. Året etter debuterte han med ei reiseskildring frå Midtausten, Hellig grunn (2001). Sidan har han skrive reiseskildringar frå Nord-Noreg så vel som frå kontinenta Europa, Afrika og Amerika. Et mord i Kongo (2010) er ei spenningsfylt sakprosaforteljing om Joshua French og Tjostov Moland, som blei fengsla i Kongo i 2009 og seinare dømde for drap.

I 2015 gav Strøksnes ut Havboka eller Kunsten å fange en kjempehai fra en gummibåt på et stort hav gjennom fire årstider. Boka låner skjønnlitterære grep og verkemiddel for å fortelje historia om to menn som prøver å fange ei håkjerring utanfor øya Skrova i Vestfjorden. Like mykje er dette ei bok om sjølve havet, og om alt det vedunderlege og ukjende som gøymer seg der. Strøksnes blandar fakta og vitskap med poesi og mytologi – og skaper ei fascinerande faktaforteljing.

Utmerkingar

I 2011 fekk Strøksnes Språkprisen for framifrå bruk av bokmål i sakprosa av Språkrådet. For Havboka fekk han både Kritikarprisen og Brageprisen (begge i 2015), og boka har fått ei brei og positiv mottaking som er sjeldsynt for sakprosa. I 2016 delte han Petter Dass-medaljen med Ottar Brox, utdelt av Nordlændingenes Forening i Oslo.

Bibliografi

  • Politisk manifest 2000. Morten A. Strøksnes, Sten Inge Jørgensen, Erling Fossen (1999)
  • Hellig grunn. En reiseskildring fra Midtøsten (2001)
  • Snøen som falt i fjor (2004)
  • Automobil – Gjennom Europas Bakgård (2005)
  • Hva skjer i Nord-Norge? (2006)
  • Rett vest – Cape Cod til Big Sur (2009)
  • Et mord i Kongo (2010)
  • Tequiladagbøkene – Gjennom Sierra Madre (2012)
  • Havboka eller Kunsten å fange en kjempehai fra en gummibåt på et stort hav gjennom fire årstider (2015)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg