Hopp til innhold
X
Innhald

Narve Fulsås

Narve Fulsås, historikar og forskar ved Universitetet i Tromsø som har arbeidd særleg med nyare tids kultur- og mentalitetshistorie.

Fulsås er fødd i 1953 og kjem frå Dalen i Telemark. Cand.philol. med historie hovudfag 1983, dr.philos. 1994 og frå 1998 professor i historie ved Universitetet i Tromsø. Som historikar har han vore meir oppteken av åndsliv og kulturhistorie enn materiell utvikling. Eit av hovudfelta hans har vore historieskriving og vitskapshistorie i Europa på 1800- og 1900-talet. I biografien Historie og nasjon. Ernst Sars og striden om norsk kultur (1999) syner han det nære tilhøvet mellom historieskrivinga og nasjonsbygginga.
 
Mentalitetsendringane ved overgangen til det moderne samfunnet er eit anna hovudtema hjå Fulsås. I Havet, døden og vêret. Kulturell modernisering i Kyst-Noreg 1850–1950 (2003) skildrar han korleis det førmoderne fatalistisk livssynet etter kvart vart utradert av den teknologiske utviklinga. Fulsås har publisert ei rekkje bøker og artiklar. Han er medredaktør for Henrik Ibsens skrifter, som vart påbyrja utgjevne i 2005.


Sist oppdatert: 07.05.2013