Hopp til innhold
X
Innhald

Ola Svein Stugu

Ola Svein Stugu, professor i historie ved NTNU i Trondheim. Han er ein profilert historieformildar og har gitt ut ei rekkje bøker om byhistorie og kulturhistorie.

Ola Svein Stugu er fødd 27. mars 1947 på Oppdal i Sør-Trøndelag. Han har studert ved Universitetet i Oslo, der han skreiv hovudfagsoppgåve i historie om bakgrunnen for Nordenfjelske Treforedling AS (1976). I åra 1979–94 var han lektor ved Ringve videregående skole i Trondheim. Sidan 1994 har han vore tilsett ved Institutt for historiske studiar, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, sidan 2001 som professor.

Som profilert historieformidlar har Stugu gitt ut ei rekkje bøker innanfor fleire område. Han står bak artiklar og bøker om historiedidaktikk, historiebruk, kulturhistorie og ikkje minst by- og regionhistorie.

I 2008 gav Stugu ut Historie i bruk, og her drøftar han kva for meiningsskapande funksjonar historie kan ha. Han viser at forteljingar om fortida ikkje er nøytrale, men at dei kan brukast på godt og vondt.

I Norsk historie etter 1905 (2012) skriv Stugu om korleis det har gått til at Noreg i åra etter 1905 vart ein velferdsstat, og han viser korleis internasjonale tilhøve har vore med på å leggje føringar for den norske utviklinga fram til i dag.

Stugu har òg vore medforfattar av ei rekkje bøker og publikasjonar. Med Trondheims historie (1997), Fabrikken (2004), Trøndelags historie (2005) og Norsk byhistorie. Urbanisering gjennom 1300 år (2005) har han vore ein viktig bidragsytar for å få fram sentrale delar av norsk by- og regionhistorie.

Kjelder

E‑postar frå Ola Svein Stugu 4.10. og 5.10.2015

Ola Svein Stugu, fagprofil, ntnu.no: https://www.ntnu.no/ansatte/ola.stugu [lesedato 1.10.2015]

Ola Svein Stugu, forfattarside, samlaget.no: http://www.samlaget.no/nn-no/forfattarar/s/ola-svein-stugu.aspx [lesedato 3.10.2015]

Peikarar

Bibliografi i BIBSYS

Først publisert: 19.01.2016
Sist oppdatert: 19.01.2016