Hopp til innhold
X
Innhald

Olav Riste

Olav Riste var historikar og professor emeritus ved Institutt for forsvarsstudier (IFS). Gjennom arbeidet viste han samanhengen mellom maktforholda i internasjonal politikk og utforminga av norsk tryggings- og utanrikspolitikk.

Olav Riste var fødd 11. april 1933 i Volda og døydde 21. juli 2015. Han tok til å studere ved Universitetet i Oslo i 1951. Som 23-åring blei han teken opp ved eit utdanningsprogram ved FN i New York. Opphaldet (1956–57) styrkte interessa for FN, og i 1969 blei Riste cand.philol. ved UiO med hovudfagsoppgåva «Norway and the founding of the United Nations». Fire år etter leverte han doktorgradsavhandlinga si ved universitetet i Oxford, ein studie av norsk nøytralitet under den første verdskrigen.

Frå nittenårsalderen skreiv Riste regelmessig for norske aviser, først og fremst i Sunnmørsposten, men òg i osloavisa Dagbladet. I 1964 blei han tilsett ved Forsvarets krigshistoriske avdeling (FKA). Samstundes skreiv han artiklar, bokmeldingar og underviste ved Universitetet i Oslo. I åra 1979–80 leidde han avviklinga av FKA og skipinga av Forsvarshistorisk forskingssenter (FHFS), seinare IFS. Han var leiar i åra 1980–95, forskingssjef i 1996–2003, professor II ved Universitetet i Bergen frå 1980 og i Oslo frå 1997. Han er no professor emeritus.

Brorparten av forskinga til Riste handlar om norsk tryggings- og utanrikspolitikk under dei to verdskrigane og den kalde krigen. Riste brukte i større grad enn forgjengarane sine internasjonale kjelder i tillegg til dei norske. Dette nybrotsarbeidet plasserte norsk politikk i ein større, internasjonal samanheng.

Fire bøker høyrer til hovudverka: The Neutral Ally (1965) er ein inngåande studie av norsk utanrikspolitikk under den første verdskrigen og viser at Noreg gjennom handel med Storbritannia blei drege inn i krigen, trass i offisielt norsk nøytralitet. London-regjeringa. Norge i krigsalliansen 1940–1945 (i to bind, 1973 og 1979) er eit av hovudverka i historia om Noreg under den andre verdskrigen. «Strengt hemmelig». Norsk etterretningsteneste 1945–1970 (1997, saman med Arnfinn Moland) er basert på arkiva til e-tenesta, som framleis var i bruk. Boka erstatta til dels konspiratorisk litteratur om dei hemmelege tenestene med ein nøktern analyse. Norway’s Foreign Relations – A History (2001) er Riste si samanfatning av norsk utanrikspolitisk historie.

Olav Riste var òg ein aktiv samfunnsdebattant, norsk redaktør for tidsskriftet Scandinavian Journal of History (1976–81) og ein viktig institusjonsbyggjar, sentral i skipinga av IFS.

Kjelder

Sven G. Holstmark, Helge Ø. Pharo og Rolf Tamnes (red.): Motstrøms. Olav Riste og norsk internasjonal historieskriving. Oslo 2003

Thorbjørn L. Knutsen, Gunnar M. Sørbø og Svein Gjerdåker (red.): Norges utenrikspolitikk. Bergen 1997

Peikarar

Olav Riste og Arnfinn Moland: «Strengt hemmelig». Norsk etterretningsteneste 1945–1970. Oslo 1997. Digital versjon på bokhylla.no

Om Riste og publikasjonane hans på nettsida til IFS


Holtsmark, Svein: minneord https://forsvaret.no/ifs/olav-riste-1933-2015

Først publisert: 04.08.2014
Sist oppdatert: 03.08.2015