Hopp til innhold
X
Innhald

Ståle Dyrvik

Ståle Dyrvik, historikar og forskar ved Universitetet i Bergen og ein av pionerane i norsk historisk demografi. Han har dessutan lokalhistorie, økonomisk historie og tidleg moderne historie som spesialfelt.

Dyrvik er fødd i Vågan 26. oktober 1943. Han tok utdanning som cand.philol. ved Universitetet i Bergen, med hovudfag i historie, der han skreiv hovudoppgåva Befolkningsutvikling og sosiale tilhøve i Etne prestegjeld 1665–1801 (1971). Etter at han var ferdig utdanna, hadde han ei tid stipend frå Noregs forskingsråd for å arbeide vidare med demografiske spørsmål. Mellom anna studerte han i 1971–72 i Paris hos Louis Henry, som vert rekna som grunnleggjaren av faget historisk demografi.
 
Sidan 1975 har Dyrvik vore fast knytt til Historisk institutt ved Universitetet i Bergen, først som førsteamanuensis og frå 1988 som professor. Han har undervist hovudsakleg i tidleg moderne historie (1500–1800). Dyrvik har interessert seg for og forska mykje på tilhøvet mellom Danmark og Noreg i denne perioden.
 
Demografiforskar lokalt, nasjonalt og globalt
Dyrvik tok tidleg til å arbeide med det som skulle verte det særskilde interessefeltet hans. I hovudoppgåva si tok han som den første i Noreg i bruk familierekonstitusjonsmetoden, som går ut på å bruke demografiske kjelder som til dømes kyrkjebøker, manntal og folketeljingar for å studere familieskipnad, mortalitet og fertilitet i eit område over ein viss periode. Dyrvik prøvde ut denne metoden på bygda Etne. Parallelt med at han skreiv hovudoppgåva i historie, tok han til å arbeide med ei bygdebok for det same området, og her formidla han forskingsresultata i popularisert form. Etnesoga, som han fullførte med femte og siste bandet i 1995, har vorte eit verk som ruvar i lokalhistorisk samanheng.
 
Også i andre samanhengar har Dyrvik gjort demografiske djupdykk i avgrensa område, til dømes i Gjennombrotet for fødselsregulering i Stavanger 1900–1935 (1987, skriven saman med Marit Karin Alsvik). Samstundes har han arbeidd med faget både på nasjonalt og globalt nivå, mellom anna gjennom studiar av Thomas Malthus si befolkningslov og utviklingstendensar i den norske befolkninga. Han har skrive læreboka Historisk demografi. Ei innføring i metodane (1983), og i Den demografiske overgangen (2004) gir han ei innføring i teorien om bakgrunnen for skiftet frå høge fødsels- og dødsratar i førmoderne tid til låge fødsels- og dødsratar i moderne tid.
 
Som pioner i fagdisiplinen demografi møtte Dyrvik tidleg utfordringane med å analysere store datamengder som forskingsmateriale. Han har seinare vore med i arbeidet med å leggje til rette programvare for slektsforsking og bygdebokarbeid, mellom anna som medlem av Edb-utvalet ved Norsk lokalhistorisk institutt.
 
Mangfaldig forfattar
Dyrvik har skrive ei lang rekkje artiklar, lærebøker og bøker som del av generelle historieverk for eit breiare publikum. Her nemner vi berre nokre av dei viktigaste: Norsk økonomisk historie 1500–1850 (1979), Norsk historie 1625–1814 (1999) og Eldre historie (2007). I Cappelen si 15-binds noregshistorie skreiv han bind 8, Den lange fredstiden 1720–84, og i Aschehougs Norgeshistorie (1996) skreiv han bind 7, Mellom brødre 1780–1830, saman med Ole Feldbæk. I trebindsverket om Danmark-Noreg 1380–1814 skreiv han bind 3, Truede tvillingriker 1648–1720 (1998).
 
I sine breiare framstillingar er Dyrvik sterkt oppteken av korleis dei demografiske og økonomiske forholda har prega den historiske utviklinga, men han går heller ikkje av vegen for politisk analyse. I Truede tvillingriker oppsummerer han med det han kallar «ei gamal historikarsanning», nemleg at oppslutninga kring hæren og krigsinnsatsen var mykje større i Noreg enn i Danmark. I Året 1814 tek han utgangspunkt både i lengre og kortare politiske konjunkturar og legg fram ei nytolking av 1814 som byggjer på ei systemteoretisk tilnærming. 
 
Kjelder
Astri Andresen, Yngve Flo og Tore Grønlie (red.): Historie som historie 1957–2007. Bergen 2007
Petter Henriksen (red.): «Ståle Dyrvik», Store norske leksikon, bd. 4. Oslo 2005
 
Peikarar
Bibliografi på BIBSYS 
Om bokverket Truede tvillingriker 
 

Først publisert: 30.06.2009
Sist oppdatert: 03.05.2013