Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Tord Lien

Tord André Lien, historikar, stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Sør-Trøndelag og olje- og energiminister i Solberg-regjeringa frå oktober 2013.

Tord Lien er fødd 10. september 1975 i Øksnes i Nordland. Han gjekk på Sortland videregående skole i 1991–94, tok mellomfag i statsvitskap ved Høgskolen i Bodø i 1994–96 og to mellomfag, i internasjonal politikk og historie, ved NTNU i Trondheim i 1997–99. Han blei cand.philol. i 2003 same staden, med hovudfag i historie. Hovudfagsoppgåva handla om norsk forsvarspolitikk og debatten om grensefestningane i 1901–05. Lien var fylkessekretær i Sør-Trøndelag Framstegsparti i 2000–02, rådgivar ved Norsk Privatøkonomi i 2003–05 og stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Sør-Trøndelag i periodane frå 2005 til 2013. Han hadde fått direktørstilling i TrønderEnergi då han blei olje- og energiminister i Solberg-regjeringa i 2013. Det var han til 2016.
Lien var medlem av styret for Øksnes Frp i 1991–93, leiar av Trondheim FpU i 1997–99 og formann i Trondheim Frp i 1999–2003 og 2007–09. I 2003–05 var han bystyremedlem i Trondheim for Frp. Tord Lien var vald inn på Stortinget for Sør-Trøndelag Framstegsparti i 2005–13. I den første perioden var han medlem av energi- og miljøkomiteen, og i den andre perioden var han andre nestleiar i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen.
Lien er ein omgjengeleg politikar, med gode samarbeidsevner, og som olje- og energiminister får han ansvaret for å sikre høg verdiskaping og miljøvenleg forvaltning av energiressursane. Han vil arbeide for at trykket i olje- og gassnæringa blir halde oppe, samtidig som han vil leggje til rette for satsing på fornybar energi i Noreg.
Han var leiar for Sør-Trøndelag Volleyballkrets i 2003–05, medlem av Utvalget for Organisasjonsutvikling i 2004–05 og leiar av valkomiteen i Norges Volleyballforbund i 2009–13.
Kjelder
Tord Lien, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=TALI [lesedato 20.10.2013]
Peikarar
«Frps Tord Lien blir direktør i Trønderenergi», adressa.no

Først publisert: 04.02.2014
Sist oppdatert: 21.02.2017