Hopp til innhold
X
Innhald

Christian Frederik

Christian Frederik, 1786–1848, var norsk konge i perioden 17. mai til 10. oktober 1814.

Han kom som statthaldar til Noreg i 1813 og vart svært populær. Etter Kielfreden 14. januar 1814 prøvde han å verte akseptert som arvekonge, men gjekk med på å stille til val etter råd fra notabelmøtet 16. februar 1814 på Eidsvoll. Christian Frederik var regent til 17. mai, då den grunnlovgivande forsamlinga på Eidsvoll valde han til konge. Han sa frå seg kongeverdet friviljug etter Mossekonvensjonen med Sverige 14. august og forlét Noreg 28. oktober. Christian Frederik vart konge av Danmark i 1839 med namnet Christian 8.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.04.2017
Sist oppdatert: 05.04.2017