Hopp til innhold
Krona i fylkesvapenet for Vestfold er ættekrona til Ynglingeætta som Gudrød var ein del av
Krona i fylkesvapenet for Vestfold er ættekrona til Ynglingeætta som Gudrød var ein del av
Bruken av fylkesvapenet er gjort etter avtale med Vestfold fylkeskommune
X
Innhald

Gudrød Halvdansson Veidekonge

Gudrød Halvdansson Veidekonge, son av kong Halvdan Øysteinsson Kvitbein og konge over Vestfold, Romerike og delar av Vingulmark kring år 800, ifølgje Snorre.

Namnet Veidekonge tyder jegerkonge. Gudrød skal først ha vore gift med Alvhild, dotter av Alvarin, konge over Alvheim, som i dag er Bohuslän.

Etter at Alvhilds døydde, fridde Gudrød ifølgje Snorre til Åsa, dotter av kong Harald Granraude på Agder. Då Gudrød vart avvist, drap han Harald og tvang Åsa til å ekte seg likevel. Det resulterte i sonen Halvdan Svarte, far til Harald Hårfagre. For mordet og valdtekta fekk Åsa Gudrød drepen, ifølgje Snorre.

Dei historiske faktuma som er knytte til Gudrød, er usikre, men han er kjend frå kvadet «Ynglingatal» og frå verket Íslendingabók frå 1120-talet.

Først publisert: 30.01.2017
Sist oppdatert: 27.02.2017