Hopp til innhold
Kronprins Haakon (2016). Foto: Jørgen Gomnæs / Det kongelige hoff (fri til redaksjonell bruk).
Kronprins Haakon (2016). Foto: Jørgen Gomnæs / Det kongelige hoff (fri til redaksjonell bruk).
X
Innhald

Haakon Magnus

Haakon Magnus er kronprins i Noreg. Han er gift med kronprinsesse Mette-Marit. Kronprins Haakon har engasjert seg i internasjonale utfordringar og har vore oppteken av å tilpasse den kongelege rolla til si tid.

Haakon Magnus er fødd 20. juli 1973. Foreldra hans er kong Harald og dronning Sonja, som var kronprinspar då Haakon Magnus blei fødd. Dei gjorde kjent at arveprinsen til dagleg skulle bruke namnet Haakon. Haakon blei kronprins i 1991, då bestefaren, kong Olav 5., døydde.

 

Kronprins Haakon og Mette-Marit Tjessem Høiby gifta seg 25. august 2001. Saman har dei to born, prinsesse Ingrid Alexandra, fødd 21. januar 2004 og prins Sverre Magnus, fødd 3. desember 2005. Kronprinsesse Mette-Marit har ein son frå eit tidlegare forhold, Marius Borg Høiby, som har vakse opp saman med prinseborna.

 

Kronprins Haakon er den tredje i arverekkja etter kong Haakon 7. og høyrer til «huset» Glücksborg, ei sidegrein av kongeslekta Oldenborg av Danmark-Noreg. Han har ei to år eldre syster, prinsesse Märtha Louise. Begge voks opp på garden Skaugum i Asker, der kronprinsfamilien bur i dag.

Kong Olav og kronprins Harald på Slottsbalkongen 17. mai 1964. Foto: ukjend, kjelde: Oslo Museum / oslobilder.no (biletnr. (OB.F13498) CC BY-SA 3.0.

Kong Olav og kronprins Harald, Haakon Magnus sin farfar og far, på Slottsbalkongen 17. mai 1964. Foto: ukjend, kjelde: Oslo Museum / oslobilder.no (biletnr. (OB.F13498) CC BY-SA 3.0.

 

Militær og sivil

Kronprins Haakon har både ei militær og ei sivil utdanning. Grunnskule og vidaregåande skule tok han på Smestad skole og Kristelig Gymnasium i Oslo. Offisersutdanninga tok han i marinen, og han tok eksamen ved Sjøkrigsskolen i Bergen i 1995. Praksisåret etterpå tok han på eit større marinefarty, der han var nestkommanderande.

 

Hausten 1996 reiste han til USA for å studere ved University of California, Berkeley, der han tok ein Bachelor of Arts-eksamen (BA) i statsvitskap våren 1999. Hausten same året blei han immatrikulert ved Universitetet i Oslo, der han følgde førelesingar i statsvitskap og juss. Etter det tok han eit år på Utanriksdepartementet sitt aspirantkurs, før han reiste til London, der han tok ein mastergrad i utviklingsstudiar ved London School of Economics and Political Science. Han spesialiserte seg i bistand og internasjonal handel.

 

Kronprins Haakon har sjølv fortalt at han var i tvil om det militære var noko for han. Han hadde prinsipielle motførestillingar til det å ta liv. Han drøfta dette med faren, kong Harald. Tvilen blei svekt medan han gjekk befalsskulen og krigsskulen, og han har eit positivt syn på forsvar og militærteneste i dag. Som kronprins er han general i Hæren og Luftforsvaret, og admiral i Sjøforsvaret.

 

Internasjonalt arbeid

Haakon har ved mange høve gitt uttrykk for at han kunne tenkje seg å arbeide med oppgåver utanfor det kongelege og konstitusjonelle. Han er sterkt interessert i internasjonale utviklingsspørsmål, særleg i miljø og klima. Hausten 2003 blei han utnemnd til UNDP-ambassadør, som har gitt han høve til å reise i ei rekkje land i Afrika og Asia for å fremje tiltak i samsvar med FNs tusenårsmål.

 

Han var òg aktiv i nettverket Young Global Leaders frå 2005 til 2010. Han leidde nettverket sitt arbeid med World Economic Forums Global Redesign Initiativ i 2009–10. I 2006 var han med og grunnla Global Dignity, saman med amerikanaren John Bryant og finnen Pekka Himanen. Kronprins Haakon har vore ein aktiv deltakar på Dignity Day-arrangement ved norske skular. Føremålet med Global Dignity Day er å bevisstgjere ungdom på kva vørdnad er, og utruste dei med kunnskap og haldningar slik at dei kan bruke vørdnad som det styrande prinsippet for det dei gjer. Eit viktig mål er å motarbeide mobbing og diskriminering. Global Dignity Day kan knytast til mål i undervisninga. Mange skular integrerer òg Global Dignity Day i arbeidet for å betre det psykososiale miljøet til elevane.

Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit var på offisielt besøk i Ghana 12.–14. april 2011, saman med miljø- og utviklingsminister Erik Solheim. Her får dei sjå korleis myggnetting kan hindre malaria. Foto: Ragnhild H. Simenstad, Utenriksdepartementet DU på Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit var på offisielt besøk i Ghana 12.–14. april 2011, saman med miljø- og utviklingsminister Erik Solheim. Her får dei sjå korleis myggnetting kan hindre malaria. Foto: Ragnhild H. Simenstad, Utenriksdepartementet DU på Flickr.com CC BY-ND 2.0. 

 

I lære for å bli konge

Stortinget endra Grunnlova i 1990 slik at kvinner og menn har lik arverett til trona, men det skulle ikkje gjelde borna til kong Harald. Haakon Magnus har gått i lære hos faren og farfaren, kong Olav, for å få innblikk i kva kongerolla inneber. Kronprinsen var oppteken av at han ikkje berre skulle arva rolla, men at han verkeleg ønskte å vere tronarving og framtidig konge.

 

I studietida ved Universitetet i Oslo diskuterte han halvoffentleg styreforma ved fleire høve og synte at han hadde ei reflektert haldning til spørsmålet om republikk eller monarki. Han kjende det slik at han sette monarkiet i fare då han gifta seg med den ikkje-kongelege Mette-Marit, som hadde vore aktiv i eit spesielt festmiljø. Mellom anna fekk ho eit barn utanom ekteskap. Kronprinsen sjølv brukte omgrepet «utagerande» om ungdomstida hennar. Dette blei eit tema i den offentlege samtalen. Om rolla som kongeleg har Haakon sagt at det er meir enn ein jobb, «det er jo eit heilt liv». I eit intervju sa han om den kongelege oppgåva at han først og fremst måtte prøve å skape ein mest mogleg positiv situasjon for Noreg og verda. Så fekk monarkiet kome i andre rekkje og han sjølv i tredje.

 

Kronprins Haakon har møtt i statsråd sidan han blei myndig i 1991, og har leidd statsrådet som regent ved ei rekkje høve. Då kong Harald blei operert for kreft i november 2003 og fekk ein lang rekonvalesens, heldt Haakon òg den tradisjonelle nyttårstalen i radio og fjernsyn. Saman med kronprinsesse Mette-Marit reiser han på turar til nye fylke kvart år. Dei to har fleire gonger òg vore vertskap på Skaugum for ulike sosiale grupper.


Kronprins Haakon på besøk i Aasen-tunet i samband med opning av den nye utescena 30. april 2008. Bak står direktør i Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad. Foto: Rune Sæbønes / Ivar Aasen-tunet.

Kronprins Haakon på besøk i Aasen-tunet i samband med opning av den nye utescena 30. april 2008. Bak står direktør i Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad. Foto: Rune Sæbønes / Ivar Aasen-tunet. 

 

Filosofisk og viljesterk

Haakon Magnus var frå tidleg barndom ein tenksam gut. Han stilte vanskelege spørsmål til både foreldre, barnepleiarar og lærarar. Han hadde eit hissig temperament og kunne vere sta og viljesterk. Men han var òg oppteken av kunst, spela sjølv gitar i band og er framleis sterkt oppteken av både musikk og litteratur. Han er ein framifrå talar. På vidaregåande sette han opp Ibsens «En folkefiende». Det var på Quart-festivalen i Kristiansand han første gongen blei sedd saman med Mette-Marit Tjessem Høiby.

 

Kronprins Haakon har synt at han ønskjer å tilpasse den kongelege rolla til si tid. Han gifta seg utanfor dei kongelege rekkjene med ei einsleg mor, budde saman med henne i eit vanleg husvære i småborgarlege omgivnader midt i Oslo utan å vere gift. Familien reiser på campingferie til Danmark og kjøper pizza på pizzabar. Men som far sender han borna sine til ein privat skule. Han har hytte både på fjellet og på Sørlandet, der familien ønskjer å kunne trekkje seg tilbake frå offentleg merksemd. Når rolla krev det, er han både formell og verdig, slik ein ventar av eit kongsemne.


Kronprins Haakon  og kronprinsesse Mette-Marit (2016). Foto: Jørgen Gomnæs / Det kongelige hoff (fri til redaksjonell bruk).

Kronprins Haakon  og kronprinsesse Mette-Marit (2016). Foto: Jørgen Gomnæs / Det kongelige hoff (fri til redaksjonell bruk).

 

Kjelder

Fredrik Wandrup: Haakon. Et portrett av kronprinsen som ung mann. Oslo 1998

Geir Molnes: «Kronprins Haakon fyller 40 år», Vårt Land 19. juli 2013

Hugin & Munin: «Kongelig kost», Vårt Land 24. juli 2017

 

Det norske kongehus: «H.K.H. Kronprins Haakon», kongehuset.no, sist oppdatert 20.8.2017: http://www.kongehuset.no/artikkel.html?tid=27659 [lesedato 27.8.2017]

Først publisert: 06.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017