Hopp til innhold
H.M. Kong Harald (2011). Foto: Sølve Sundsbø / Det kongelige hoff (fri til redaksjonell bruk).
H.M. Kong Harald (2011). Foto: Sølve Sundsbø / Det kongelige hoff (fri til redaksjonell bruk).
X
Innhald

Harald 5.

Harald 5. er konge i Noreg og den første norske kongen som er fødd her i landet sidan 1380. Kong Harald har vore konge sidan 1991. Saman med dronning Sonja har kong Harald vidareført og modernisert det norske kongedømet, og han nyt stor respekt som ein inkluderande konge.

Harald 5. blei fødd på garden Skaugum i Asker 21. februar 1937. Foreldra var kronprins Olav, seinare kong Olav 5., og kronprinsesse Märtha. Kong Harald blei konge då Olav 5. døydde 17. januar 1991.

Berre tre år gamal flykta prins Harald saman med familien då krigen braut ut. Etter å ha reist til London via Sverige, budde prins Harald og familien i USA. Etter fem år kom han til Noreg att i 1945. I dei neste åra gjekk han på ein offentleg skule, noko som ikkje var vanleg for kongelege. I 1955 tok han examen artium på reallina ved Oslo katedralskole.

Harald blei kronpris i 1957, då bestefaren, kong Haakon 7., døydde. Harald var kjærast med Sonja i fleire år før det blei offentleg kjent. Forholdet fekk blanda mottaking, sidan Sonja ikkje var kongeleg. Dei gifta seg i 1968, etter at faren, kong Olav, til slutt gav sitt samtykke til ekteskapet. I 1991 døydde kong Olav, og Harald blei kong Harald 5.

Gjennom det meste av livet har kong Harald vore oppteken av idrett og har sjølv hevda seg i segling.

Kong Harald har nytt stor respekt som ein inkluderande konge. Etter terroren som råka Noreg 22. juli 2011, stod kongen og kongehuset fram som samlande. Kongen sjølv var sterkt merkt av hendinga og gret ope under markeringa i Oslo domkyrkje eit par dagar etter terroren. Kongen rørte mange med ein sterk og personleg tale under den nasjonale minnemarkeringa i Oslo Spektrum i august same året. «Tragedien har minnet oss om det grunnleggende som binder oss sammen i flerkulturelle og mangfoldige samfunn», sa han mellom anna. Ved fleire høve kom han attende til setninga om at fridomen er sterkare enn frykta. Og i nyttårstalen dette året oppmoda han til omsorg og tryggleik i kvardagen. Då hylla kongen òg dei overlevande etter tragedien, redningsmannskap, vanlege menneske og den politiske leiinga i landet.

Eittårsdagen for terrorangrepa 22. juli 2011. Ingrid Schulerud, Dronning Sonja, Statsminister Jens Stoltenberg og Hans Majestet Kong Harald i Regjeringskvartalet under minnemarkeringa. Foto: Statsministerens kontor, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Eittårsdagen for terrorangrepa som råka Noreg 22. juli 2011. Ingrid Schulerud, Dronning Sonja, Statsminister Jens Stoltenberg og Hans Majestet Kong Harald i Regjeringskvartalet under minnemarkeringa. Foto: Statsministerens kontor, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Slekt og fødsel

Kong Harald er av kongeleg slekt, med anar attende til mellomalderen. Han høyrer til fyrstehuset Glücksburg, ei sidegrein av huset Oldenburg. På mannssida går ei slektslinje attende til Kristian 3. av Danmark-Noreg, konge frå 1534 til 1559. Farmora hans var dronning Maud, dotter av kong Edvard 7. av Storbritannia og dronning Alexandra, prinsesse av huset Glücksburg. Edvard 7. var son til dronning Victoria.

Fødselen til Harald blei gjort kjend gjennom eit kommuniké underteikna av to legar, professor Anton Sunde og Hans Ludvig Carl Huitfeldt: «Hennes Kongelige Høyhet Kronprinsessen fødte i dag 21. februar kl. 12.45 en velskapt sønn. Fødselen forløp normalt. Så vel Kronprinsessen som den lille prins befinner seg vel. Skaugum, 21. februar 1937».

Kommunikeet var så knapt som det kunne vere. Ikkje noko om vekt og lengd, ikkje noko om at faren var til stades under fødselen. Det var uvanleg i dei dagane. Faren, kronprins Olav, sa heller ikkje noko om dette før langt seinare. Men statsministeren, Johan Nygaardsvold, fekk melding om fødselen, slik Grunnlova fastset. Fødselen til ein arveprins skal òg registrerast i statsråd, og det blei gjort dagen etter. Stortinget fekk så ei erklæring frå statsministeren: «I henhold til Grunnlovens paragraf 6 tilkjennegis herved for Norges storting at Hennes Kongelige Høyhet Kronprinsesse Märtha i går klokken 12.45 er nedkommet med en velskapt sønn. Den nyfødte arveprins vil bli døpt under navnet Harald.»

Slik blei arveprinsen teken imot av det norske samfunnet som den heilt spesielle personen han var og er. At prins Harald blei fødd, var ei historisk hending i Noreg.

Kong Haakon 7., kronprins Olav 5. og barna Harald 5., Ragnhild og Astrid i 1939. Foto: ukjend, kjelde: Oslo Museum / oslobilder.no (biletnr. (OB.F06299a) CC BY-SA 3.0.

Kong Haakon 7., kronprins Olav 5. og barna Harald 5., Ragnhild og Astrid i 1939. Foto: ukjend, kjelde: Oslo Museum / oslobilder.no (biletnr. (OB.F06299a) CC BY-SA 3.0.

Knytt til Noregs historie

Prins Harald budde saman med foreldra og dei to prinsessene Ragnhild og Astrid på Skaugum fram til 9. april 1940, då dei måtte røme unna den tyske okkupasjonsmakta. På Elverum skilde han, kronprinsesse Märtha og dei to prinsessene lag med faren, kronprins Olav, og farfaren, kong Haakon 5. Dei drog over grensa til Sverige, der kronprinsessa hadde nær familie. Då kongen og regjeringa var komne til London i juni, bestemte dei at Harald og dei andre familiemedlemene i Sverige skulle reise til USA. Dei ville hindre at prinsen blei ei brikke i eit politisk spel med okkupasjonsmakta, som hadde tankar om å avsetje kong Haakon og gjere prinsen til barnekonge.

Dei neste fem åra budde prins Harald saman med den vesle familien i Pooks Hill, eit par mil nord for Washington D.C. Dei fekk bu i ein staseleg villa, med 24 rom og stor hage. Her hadde han og systrene god plass til leik og sport. Familien blei teken hand om av presidenten i USA, Franklin Delano Roosevelt. Kronprins Olav kom òg ofte på lengre vitjingar frå London. Prins Harald hadde dessutan stor glede av turar til dei norske styrkane i Toronto i Canada, og Little Norway, som etter ei tid blei flytta nokre mil utanfor Toronto. Her kunne han fiske og bade, og blei ein maskot for dei norske flygarane.

Skulegang i USA

Han fekk òg den første skulegangen sin i USA, frå 1943 gjekk han på The White Hall Country School i Connecticut, ikkje langt frå Pooks Hill. Her fekk han undervisning i engelsk, men heime insisterte kronprinsesse Märtha på at dei skulle snakke norsk.

Då tyskarane kapitulerte i mai 1945, reiste familien først til London, og derifrå til Edinburgh i Skottland, der kryssaren «Norfolk» låg klar til å ta dei saman med kong Haakon og det meste av regjeringa til Noreg og Oslo. Her blei dei tekne imot av kronprins Olav, som var komen heim tidlegare, ordføraren i Oslo, Einar Gerhardsen, og andre framståande personar frå styresmaktene. Det skjedde 7. juni 1945, ein av dei store dagane i norsk historie.

Kronprinsfamilien attende på norsk jord etter frigjeringa i 1945. Ukjend fotograf. Kjelde: Oslo Museum / oslobilder.no (biletnr. OB.F12570n) CC BY SA 4.0.

Kronprinsfamilien attende på norsk jord etter frigjeringa i 1945. Ukjend fotograf. Kjelde: Oslo Museum / oslobilder.no (biletnr. OB.F12570n) CC BY SA 4.0.

Familien flytta attende til Skaugum etter eit opphald på Bygdøy kongsgard, og om hausten tok prins Harald til på Smestad skole i Oslo. At han, som arveprins, gjekk på ein offentleg skule, var noko spesielt, og ulikt faren, som hadde fått privat undervisning på Slottet.

Prins Harald tok examen artium på reallina ved Oslo katedralskole våren 1955. Etter det gjekk han inn i Forsvaret og tok Krigsskulen for hæren. Han avslutta dei akademiske studiane med to år ved Balliol College i Oxford, der faren òg hadde studert. Faga var statsvitskap, historie og økonomi.

Resten av utdanninga til konge blei teken i det praktiske kongelege livet.

Idrettsmann og administrator

I fritida var Harald ein dugande seglar, og han deltok i tre olympiske leikar, i 1964, 1968 og 1972, utan å nå opp til medalje. Men i VM har han sølv og gull, og mange gode plasseringar i andre store turneringar. Han vann europameisterskapen i havsegling i 2005. Han er kjend som ein streng, men humørfylt skipper på seglbåtane. Han blei heidra med Holmenkollmedaljen i 2007 og Norges idrettsforbunds heiderspris i 2010.

Kong Harald driv òg med anna friluftsliv. Han er ein tolmodig fiskar etter laks og ein ivrig jeger.

Han har dessutan vore aktiv som idrettsadministrator. Han samla til dømes norske konkurranseseglarar i éin organisasjon og fekk dei med i Norges idrettsforbund. Han var òg aktiv i leiinga for OL på Lillehammer i 1994.

Mora, kronprinsesse Märtha, døydde alt i 1954, etter lang tids sjukdom. Prins Harald var 17 år gamal og skulle ta eksamen på katedralskulen det året. Det hadde vore eit spesielt nært forhold mellom mor og son, og Harald har seinare gitt uttrykk for at tida etter bortgangen hennar var ein tung periode for han. Han hadde ingen andre å dele sorga med.

I 1957 døydde bestefaren, kong Haakon 7., og Harald blei kronprins. Då høyrde det til pliktene å møte i statsråd. Etter kort tid måtte han fungere som regent medan kong Olav var på reise.

Ei lang ventetid

I 1967/68 tok det til å versere rykte om at kronprins Harald hadde ein kjærast, og at han ønskte å gifte seg med henne. Men det var eitt problem: Kjærasten, Sonja Haraldsen, var ikkje av kongeleg byrd. Paret visste nok at eit slikt giftarmål ville vere litt av ein revolusjon i monarkiet. Men det synte seg at dei alt hadde vore saman i mange år. Kong Olav var skeptisk til borgarleg giftarmål for kronprinsen, men var i villreie og søkte råd hos politikarane. Regjeringa Borten var rådville rådgivarar og var splitta i saka. Men til sist gjekk dei ikkje imot borgarleg ekteskap. Kronprins Harald sjølv hadde gitt uttrykk for at han, om han ikkje fekk gifte seg med Sonja Haraldsen, måtte vurdere å leve ugift.

Saka blei grundig drøfta i media og blant folk flest utover vinteren 1968. Ville monarkiet tole ei borgarleg dronning? Ville det vere eit høve til å innføre republikk?

Til sist skar kong Olav igjennom og gav sitt ja til giftarmålet, og 29. august 1968 gifta Harald seg med Sonja Haraldsen, som no blei kronprinsesse Sonja.

Kronprins Harald og Sonja framfor Slottet 20.3.1968, dagen etter at dei kunngjorde trulovinga. Foto: Paul A. Røstad, kjelde: DEXTRA Photo / oslobilder.no (biletnr. DEX_PR_000181) CC BY 3.0.

Kronprins Harald og Sonja framfor Slottet 20.3.1968, dagen etter at dei kunngjorde trulovinga. Foto: Paul A. Røstad, kjelde: DEXTRA Photo / oslobilder.no (biletnr. DEX_PR_000181) CC BY 3.0.

Viktige læreår

Dei fungerte frå no som kronprinspar i vel tjue år. For ein komande konge var det viktige læreår. Dei reiste mykje rundt i landet og var òg med på mange reiser utanlands saman med folk frå næringsliv og samfunnsliv elles. Dei fekk to born, prinsesse Märtha Louise, fødd i 1971, og kronprins Haakon Magnus, fødd i 1973.

Då kong Olav døydde 17. januar 1991, blei Harald konge. Han tok det same valspråket som bestefaren og faren: «Alt for Noreg».

Som konge gjekk Harald inn i ein nær 90 år lang tradisjon, utvikla av farfaren og faren. Kongens rolle som den fremste leiaren i staten er fastlagd i Grunnlova, som definerer dei politiske og konstitusjonelle pliktene. Men den symbolske rolla kongen spelar, gir rom for tilpassing til den tida monarken lever i. Å vidareføre og modernisere det norske kongedømet har vore den viktigaste oppgåva for kong Harald og dronning Sonja.

Moderniseringa av det norske kongedømet har òg praktiske sider. Mellom anna har kong Harald og dronning Sonja teke initiativ til restaurering av Slottet, Bygdøy kongsgard og Oscarshall slott. Kong Harald har reist mykje rundt i landet for å møte folket. Han har halde mange talar som har vekt merksemd, både når det gjeld det politiske innhaldet, og når det gjeld reine verdispørsmål. Mest kjend er talen i Kiberg på Varangerhalvøya under den første reisa i Nord-Noreg etter at dei blei eit kongepar. Her kom han med heider til partisanane under krigen og såg positivt på haldningane deira til Russland, med familieband og godt naboskap. Det var rekna som ei oppreisning til folk som var blitt gløymde og haldne utanfor når det galdt innsatsen under okkupasjonen.

Kong Harald i regnskogen i Brasil i 2013. Foto: Rainforest Foundation Norway / ISA Brazil / Det kongelige hoff (fri til redaksjonell bruk).

Kong Harald i regnskogen i Brasil i 2013. Foto: Rainforest Foundation Norway / ISA Brazil / Det kongelige hoff (fri til redaksjonell bruk).

Ein konge for alle

Som faren og farfaren har kong Harald sett det som viktig å bidra til inkludering av ulike grupper i samfunnet. Kong Haakon ville ta imot kongeoppdraget etter ei folkerøysting, og han spela ei rolle då Arbeidarpartiet for første gong fekk regjeringsoppdraget, i 1928. Kong Olav la vekt på samane sine rettar og at det nye etniske mangfaldet i landet måtte møtast med toleranse og inkludering. Det same har kong Harald gjort. Han er ofte meir direkte og tydelegare enn mange politikarar i verdispørsmål. Slik har han teke omsynet til inkludering endå lenger enn kongane før han. Som konge er han med på feiringa av den pakistanske nasjonaldagen. Men han er òg oppteken av andre vanskelege spørsmål i tida. I ein vidgjeten tale i Slottsparken i 2016 under 25-årsmarkeringa av tronskiftet i 1991, sa han: «Nordmenn er jenter som er glad i jenter, gutter som er glad i gutter, og jenter og gutter som er glad i hverandre».

Mange personar i offentleg og privat verksemd og diplomatar i Oslo har gitt uttrykk for at dei er imponerte over kunnskapane til kong Harald og den tydelege interessa hans for mange samfunnsforhold, nasjonalt og internasjonalt. Å vere monark innanfor republikanske rammer, som i Noreg, er ein vanskeleg balansekunst. Kong Harald har gjort det på ein måte som vekkjer respekt hos folk flest. Jamt over 70 prosent av folket er framleis tilhengjarar av monarkiet, og endå fleire er positive til måten personen kong Harald løyser oppgåvene sine på. Derfor er det lite snakk om innføring av republikk i hans tid.

Kong Harald og dronning Sonja (2016). Foto: Jørgen Gomnæs / Det kongelige hoff (fri til redaksjonell bruk).

Kong Harald og dronning Sonja (2016). Foto: Jørgen Gomnæs / Det kongelige hoff (fri til redaksjonell bruk).

Kjelder

Tor Bomann-Larsen: Hjemlandet. Oslo 2016

Bo Bramsen: Huset Glücksborg, bd. 1. og 2. København 1992

John Olav Egeland: «Norge for alle», artikkel i Dagbladet 21.2.2017

Per Egil Hegge: Harald V. Oslo 2006

Jardar Skaadel og Svein Erik Skarsbø: Norske kongar og regentar. Oslo 1998

Først publisert: 24.08.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017