Hopp til innhold
X
Innhald

Harald Hårfagre

Harald Hårfagre er ein norsk sogekonge som skal ha samla Noreg til eitt rike etter slaget ved Hafrsfjord. Omstenda kring Hårfagre sitt liv og slektskapen til seinare kongar er likevel usikre. Mest truleg var Harald Hårfagre ein vestlandskonge, som i Hafrsfjord nedkjempa andre småkongar.

Harald Hårfagre skal ha vore son av den austlandske småkongen Halvdan Gudrødsson Svarte og den vestlandske kongsdottera Ragnhild Haraldsdotter. Han vert rekna som den første einekongen i Noreg, ifølgje sogeskrivaren Snorre Sturlason. Fødselsåret er ukjent, men han var truleg fødd mellom 848 og 865. Namnet Hårfagre skal han ha fått etter å ha lova å la håret gro fram til heile Noreg var samla.

 

Mytane om Harald Hårfagre er mange og vanskelege å feste lit til. Snorre hevdar at han var av den eldgamle kongeslekta ynglingætta, som hadde styringa over Uppsala, Opplanda og Vestfold. Men dette er truleg oppdikta, for slik å gi seinare norske kongar retten til austlandske område. Likeins er slektskapen mellom Harald Hårfagre og seinare norske kongar, medrekna den kongeætta vi har i dag, truleg ikkje sann. Etter Harald Gråfell, soneson av Harald Hårfagre, fekk dei trønderske ladejarlane styringa i Noreg, og seinare utfordrarar til kongemakta, Olav Tryggvason og Olav Haraldsson, kom frå andre småkongeætter.

 

Harald Hårfagre kiva med fleire vestlandshovdingar for å utvide maktområdet sitt, heilt frå han etterfølgde far sin. Etter kvart rådde han over fleire kongsgardar, venteleg tekne frå desse hovdingane. Vi kjenner til Utstein, Fitjar, Alrekstad, Seim og Avaldsnes. Desse gardane segla han mellom og gjorde dei slik til knutepunkt i riket sitt. I innlandet hadde han lendmenn, som sytte for landefred, men som hadde ei svært uavhengig stilling. Han skal òg ha utnemnt fleire jarlar, eller underkongar, for å styre i sin stad. I nord samarbeidde han med ladejarlen Håkon Grjotgardsson, for slik å kontrollere heile kyststripa. Den store hendinga i Harald Hårfagre si samling av Noreg skal ha vore slaget mot fleire småkongar ved Hafrsfjord.

 

Harald Hårfagre spelar slik ei avgjerande rolle i skildringa av framveksten av det norske riket, og sjølv om hendingane er usikre, viser dei korleis maktområda vart større og færre i denne epoken av norsk historie. Gjennom plyndringsferder over havet skaffa norske hovdingar seg rikdomar, som så vart nytta til å kjøpe seg lojalitet. Maktsamlinga følgde ei fleire hundre år lang utvikling og fall saman med eit svekt press frå danskane i sør. Styringa til Hårfagreætta vart seinare utfordra, då trykket frå den danske kongemakta vart sterkare. 

Kart som viser knutepunkta i Harald Hårfagre sitt rike, samt Hafrsfjord, der slaget stod. Frå nord og sørover finn vi Seim, Alrekstad, Fitjar, Avaldsnes og Utstein. Sør for Utstein ligg Hafrsfjord. Ein veit ikkje nøyaktig kor slaget i Hafrsfjord fann stad. På kartet er det markert kor Hafrsfjorden ligg, og plasseringa for monument «Sverd i fjell», som er reist til minne om Harald Hårfagre og slaget ved Hafrsfjord. Trykk på markeringane for å sjå stadnamna. Zoom med å skrolle med musa, eller bruk knappane nede til høgre i kartet. 

Rikssamlinga

Halvdan Svarte skal som ung ha arva både faren sitt rike i Opplanda og morfaren sitt rike i Agder og så ha lagt under seg nye småkongedøme på Austlandet. Då han gifta seg med dotter til sognekongen Harald Gullskjegg, fekk han makt også på Vestlandet. Desse områda skal han så ha gitt vidare til son sin, Harald, som heldt fram med å utvide riket, i aust og så i nord. Snorre dikta soga om at kongsdottera Gyda ikkje ville ekte Harald før han hadde samla heile Noreg. Han lova å la håret gro fram til då. Etter samlinga fekk han vakkert hår og tilnamnet Hårfagre.

 

Opplysingane rundt Harald Hårfagre og rikssamlinga er svært usikre, delvis heilt oppdikta. Mest truleg har Harald hatt maktområdet sitt på Vestlandet, frå Sogn og sørover til delar av Agder. Truleg var Avaldsnes hovudsetet. Det var slik at maktområda vart færre og større i Noreg i hundreåra fram til første del av vikingtida. Riket til den frankiske keisaren Karl den store på 700-talet vart eit føredøme, godt kjent for nordiske herskarar. Dei mektigaste norske småkongane knytte òg band til europeiske herskarar og fekk slik flotte gjenstandar å byggje og vise makt med. Hovdingar frå Avaldsnes var førande i utviklinga, og Harald skal ha knytt sterke band til den skotske kong Adalstein.

 

Frå vestlandskysten kunne Harald enkelt dra i viking, og på den måten tilegina han seg rikdomar til å skaffe seg støttespelarar med. Han knytte fleire mektige menn til seg, mellom anna håløygjarlen Håkon Grjotgardsson, og han fekk dermed makt i Trøndelag og Nord-Noreg. Samtidig skal han ha fare omsynslaust fram mot dei som ikkje ville love han truskap. Sogene fortel at Harald kravde inn skattar med hard hand i Opplanda, sette fyr på gardar i Trøndeleg og truga gjenstridige vestlandske hovdingar med kvesting og død.


Video frå NRK Skole: «Harald Hårfagres erobringer», sendt 1992.

 

Mange mytar

Forteljinga om Harald Hårfagre vart seinare viktig både i styrkinga av opphavet til den norske kongeslekta og i forsvaret for ein norsk rett på Vika, området kring Oslofjorden. Herredømet til Harald vart difor blåst opp, og historiene om han overdrivne. Den mest opplagde myten var at Harald, då kalla Dovrefostre, voks opp hos jotunen Dovre i Dovrefjell, men òg slektskapen med seinare norske kongar var truleg oppdikta. Hardstyret til Harald vart òg overdrive i islandske soger, for slik å grunngi utvandringa til Island. Slike forteljingar vart seinare nytta i nasjonsdannande historieskriving på 1800- og 1900-talet.

 

Noko som styrkjer tvilen om sanningsgraden i historia om Harald Hårfagre er at dei fleste forteljingane om han vart skrivne om lag tre hundre år seinare. Den einaste samtidige kjelda ein kan feste lit til, er eit kvad, «Haraldskvæði» («Haraldskvadet»). Her vert Harald kalla son av Halvdan, men får òg tilnamnet Luva. Nokre historikarar har difor stilt spørsmål ved om kvadet viser til Harald Hårfagre. Andre har vist til at namnet Hårfagre kan ha vore gitt til Harald Hardråde, slik det vert nytta i engelske kjelder. Opphavet hans er òg mykje omstridd, og dei danske namna Harald og Halvdan har leidd somme historikarar til å peike på dansk avstamming.

«Harald Hårfagre i slaget ved Hafrsfjord» (1870), måleri av Ole Peter Hansen Balling. Eigar og foto: Nasjonalmuseet CC BY-NC 4.0.

«Harald Hårfagre i slaget ved Hafrsfjord» (1870), måleri av Ole Peter Hansen Balling. Eigar og foto: Nasjonalmuseet CC BY-NC 4.0. Sjå måleriet i større format.

 

I kjølvatnet av Hafrsfjord

«Haraldskvæði» handlar mellom anna om slaget ved Hafrsfjord, som ifølgje Snorre var det siste og avgjerande slaget i rikssamlinga. Tidslinja i Harald sine hærferder er derimot usikker, og likeins er det usikkert når slaget stod. Det har vore tidfesta til ein stad mellom 872 og 885. Dessutan er det like sannsynleg at Harald måtte forsvare maktområdet sitt mot ei samling av danske og austlandske hærstyrkar, som at var han som gjekk til åtak.

 

Danske herskarar hadde mykje makt over Vika, området kring Oslofjorden. Mot slutten av 800-talet minka derimot det danske nærværet, og på grunn av indre danske stridar og eit sterkare trugsmål frå karolingarane i sør. Samtidig vende no den danske kongemakta åtaka sine heller vestover, mot England. Noko nytt dansk åtak etter Hafrsfjord ser ikkje ut til å ha kome. Tilsvarande verkar ikkje Harald Hårfagre å ha angripe Vika. Harald gifta seg òg med den danske kongsdottera Ragnhild, som må ha medverka til fred med danskane.

 

At Harald Hårfagre etter Hafrsfjord rådde over eit område som dekte det moderne Noreg, og endå meir, med Bohuslän i aust og Orknøyane og Shetland i vest, er såleis lite truleg. Gjennom samarbeid med stormenn og hovdingar og utnemningar av lokale ombodsmenn kunne han likevel hatt styring med større område, langt borte. Harald skal dessutan ha ekta fleire kvinner og slik ha slutta fred med og knytt band til regionale herskarar.

 

Hårfagreætta

Skal vi tru sogene, gav dei mange ekteskapa Harald Hårfagre mange born, som sikra makta vidare etter at han døydde kring år 930. Med dronning Ragnhild fekk han Eirik, som dermed hadde høgast byrd av sønene. Harald utnemne difor Eirik til overkonge etter seg. Men Eirik hamna i strid med fleire av brørne sine, som han sigra over og drap. Difor skal han ha fått tilnamnet Blodøks. Framferda gjorde at han vart mislikt, og han vart fordriven av ein annan av sønene til Harald, Håkon Adalsteinsfostre, seinare Håkon den gode.

 

Håkon lukkast lenge med å halde på makta i vest og stå imot åtak frå sønene til Eirik, mykje på grunn av slektskapen til den sterke vestlandshovdingen Horda-Kåre og etterkomarane hans. Til slutt lukkast likevel Eirikssønene med dansk hjelp å sigre over Håkon og ta makta i Noreg, kring år 960. Dei rauk i si styringstid til gjengjeld uklare med danskekongen Harald Blåtann. Den siste av dei, Harald Gråfell, vart drepen i eit bakhald av danekongen og Håkon ladejarl kring 970.

 

Kjelder

Sverrir Jakobsson: «'Erindringen om en mægtig Personlighed'. Den norsk-islandske historiske tradisjon om Harald Hårfagre i et kildekritisk perspektiv», Historisk Tidsskrift, nr. 1, 2002

Torgrim Titlestad: Harald Hårfagre, i serien «Sagakongene». Oslo 2010

Hans Jacob Orning. Norvegr. Norges historie, bd. 1: Frem til 1400. Oslo 2011

 

Peikarar

Snorre Sturlason: Kongesogur. Soga um Harald Haarfagre, omsett av S. Schjött, 1900  

Hans Jacob Orning: «Harald Hårfagre – en vestlandskonge», norgeshistorie.no, Universitetet i Oslo

Først publisert: 15.11.2017
Sist oppdatert: 15.11.2017