Hopp til innhold
Kong Haakon, Dronning Maud og Kronprins Olav på ski Bygdø Kongsgård 1907. Foto: A. B. Wilse/Det kongelige hoffs fotoarkiv.
Kong Haakon, Dronning Maud og Kronprins Olav på ski Bygdø Kongsgård 1907. Foto: A. B. Wilse/Det kongelige hoffs fotoarkiv.
X
Innhald

Maud (dronning)

Dronning Maud, norsk dronning 1905–1938, gift med Haakon VII.

Maud Charlotte Mary Victoria, 1869–1938, var norsk dronning og dotter av Edward VII og dronning Alexandra. I 1896 gifta ho seg med søskenbarnet sitt, prins Carl (kong Haakon VII) i Buckingham Palace i London. Dei busette seg i København. Etter folkerøysting tilbaud Stortinget i Noreg Prins Carl den norske trona i 1905. Carl og Maud vart då det nye kongeparet i Noreg i 1905, som Kong Haakon VII og Dronning Maud. Ho vart krona i Nidarosdomen 22. juni 1906. Maud og Haakon hadde eit barn, prins Alexander, som seinare tok namnet Olav V og vart konge i Noreg.

Dronning Maud oppretta Dronning Mauds hjelpefond i 1914. Ho var interessert i friluftsliv og lærte å gå på ski av Fritjof Nansen.

Dronning Maud døydde i London 20. november 1938 og er gravlagd på Akershus slott.

Sjå stumfilmen From Denmark with love der den nyvalde Kong Haakon, Dronning Maud og kronprins Olav kjem til Noreg for første gong, Kristiania 25. november 1905:


Høyr sending frå NRK Dagsnytt 20.november 1938:

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2016
Sist oppdatert: 13.09.2017