Hopp til innhold
X
Innhald

Olav 5.

Olav 5. var konge i Noreg i perioden 1957–1991. 

Olav 5., 2. juli 1903–17. januar 1991, var son av prins Carl av Danmark (Haakon VII) og prinsesse Maud av Storbritannia. Han vart døypt Alexander Edward Christian Frederik, men fekk namnet Olav då faren vart kong Haakon VII av Noreg i 1905.

Kronprins Olav var den første norske tronarvingen som vaks opp i Noreg sidan middelalderen. Olav var einebarn og fekk undervisning i barneåra både på offentleg skule og på slottet, og i ungdomsåra gjekk han reallinja ved Halling skole i Oslo. Han heldt fram på Krigsskulen og studerte statsvitskap, historie og økonomi i England, ved Balliol College i Oxford.

galleri

21. mars 1929 gifta han seg med prinsesse Märtha av Sverige, og dei budde på Skaugum i Asker. Paret fekk tre born: Ragnhild, f. 1930, Astrid, f. 1932 og Harald, f. 1937. Under den tyske okkupasjonen var Olav ein ivrig talsmann for den norske saka i utlandet og vann stor respekt for dette. Kronprins Olav oppheldt seg i London under krigen, saman med faren, kong Haakon.

30. juni 1944 utnemnde den norske eksilregjeringa i London kronprins Olav som forsvarssjef.

Olav overtok då leiinga av dei norske styrkane og samarbeidet med dei allierte. Kronprins Olav var den første i kongefamilien som kom heim til Noreg etter at kringen var slutt 13. mai 1945. Han fungerte då som regent fram til 7. juni, då kong Haakon kom attende til Noreg.

Sjå video frå NRK Skole, der kronprins Olav kom attende til Noreg etter frigjeringa:

Olav V vart konstituert som regent då faren vart sjuk i 1955, og tok over trona då faren døydde 1957. Han vart signa i Nidaros 22. juni 1958 og tok valspråket Alt for Noreg.

galleri


Olav var ein aktiv ambassadør i utlandet og var svært populær blant landsmennene sine. Han vart omtala som folkekongen og hadde eit tett program med reise. Han talte også i generalforsamlinga i FN fleire gonger.

Idrettskongen Olav


Olav var ein aktiv og framståande idrettsutsøvar, han var skiløpar, skihoppar og seglar. Kronprins Olav var berre tre år då han fekk sitt første skipar, eit par ski laga av furu. Karl Roll lærte kronprinsen å gå på ski, og fortalde at eleven var så ivrig at han ikkje ville ta av seg skia då han skulle inn på Slottet og få seg mat, men gjekk på ski gjennom korridorane på Slottet. Olav trente på ski i Slottsparken, på markane ved Bygdø kongsgard og ved Kongssetra. i 1918 meldte han seg inn i skiklubben Lyn og deltok i tre skirenn. Det var ikkje uvanleg å møte kongefamilien på ski i Nordmarka søndagane.

I 1922 deltok han i hopprennet i Holmenkollen, han hoppa 33 meter og fekk stilkarakter 17. Sjå video av Olav då han hoppa i Holmenkollen i 1922:



Kong Olav var ein aktiv seglar og deltok i konkurransar. Han representerte Noreg og vart olympisk meister under sommar-OL i 1928 i Amsterdam, i 6-metersklassen med båten "Norna". Kong Olav var også forbundsdommar i hopp.

Olav 5. var monark i Noreg i 33 år. Kong Olav døydde 17. januar 1991 på Kongssetra i Oslo. I timane og dagane som kom vart slottplassen forvandla til eit hav av lys. Kong Olav er gravlagd i Det Kongelige Mausoleum på Akershus slott i Oslo.

Sjå video frå NRK Skole frå då kong Olav døydde:

Sjå video frå gravferda til kong Olav, der statsminister Gro Harlem Brudtland talte i Oslo Domkyrkje:

Kjelder

Dahl, Hans Fredrik Norge under Olav V, Cappelen 1991
Kleppen, Halvor Skikongen, Det norske Samlaget, 1997
kongehuset.no biografiske opplysingar om Kong Olav V http://www.kongehuset.no/artikkel.html?tid=27605&s...


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.04.2016
Sist oppdatert: 13.09.2017