Hopp til innhold
Olav den heilage. Treskulptur som skal framstille Olav den heilage, datert til midten av 1200-talet. Skulpturen stod i Tanum kyrkje i Larvik i Vestfold og høyrer i dag til Kulturhistorisk museum. Kjelde: © 2017 Kulturhistorisk museum, UiO på unimus.no CC BY-SA 4.0 (museumsnr. C11697).
Olav den heilage. Treskulptur som skal framstille Olav den heilage, datert til midten av 1200-talet. Skulpturen stod i Tanum kyrkje i Larvik i Vestfold og høyrer i dag til Kulturhistorisk museum. Kjelde: © 2017 Kulturhistorisk museum, UiO på unimus.no CC BY-SA 4.0 (museumsnr. C11697).
X
Innhald

Olav den heilage

Olav Haraldsson var norsk konge frå 1015 til 1028 og spela ei avgjerande rolle i rikssamlinga og grunnlegginga av kyrkja i Noreg. Han fall i slaget ved Stiklestad i 1030, etter å ha prøvd å vinna att riket. Seinare vart han ein viktig nordisk helgen.

Olav Haraldsson, eller Olav Digre, seinare Olav den heilage, var son av vestfoldskongen Harald Grenske og Åsta Gudbrandsdotter. Ikkje lenge etter at Olav kom til verda tidleg i 990-åra, døydde far hans. Olav voks difor opp hos fosterfar sin, Sigurd Syr, som òg vart far til Harald Hardråde. Som ung samla Olav store rikdomar i viking. Denne rikdomen nytta han seinare til å skaffe seg støttespelarar blant norske stormenn, og slik bygde han seg politisk makt. I utlandet vart han òg kjend med kristendomen, som han seinare gjorde mykje for å innføre i Noreg.

 

Etter fleire år i viking vende Olav tilbake til Noreg i 1015. Her nedkjempa han ladejarlane og vann eit større slag mot norske hovdingar i slaget ved Nesjar året etter. Han vart då teken til konge på tinga rundt omkring i landet og vart slik truleg den første norske overkongen som herska over innlandsområda Trøndelag og Opplanda. Som konge innførte han nye ordningar som letta styringa av riket. Samtidig skal han ha vore kjend for hardstyret sitt. Olav si styringstid var prega av tiltakande strid med fleire norske stormenn og med dei svenske og særleg dei danske kongane.

 

Ufreden med danekongen Knut den mektige hardna til i 1020-åra, og det kom til harde slag. I 1028 hylla motstandarane til Olav Knut den mektige til konge også i Noreg, og han sette Håkon jarl til sin norske underkonge. Olav rømte til Gardarike (i det noverande Russland og Ukraina), men då Håkon døydde året etter, prøvde han å ta tilbake trona. Ved Stiklestad i 1030 møtte han derimot eit overmektig hær, leidd av norske stormenn som støtta opp om danskekongen. Her fekk Olav banesår og fall.

 

Kong Olav innførte ei fast kyrkjeordning i Noreg, påbaud kristendomen som einaste lovlege tru og tvinga igjennom den kristne trua i heidenske område i innlandet. Størst påverknad for utbreiinga av den kristne trua fekk han likevel etter at han var død, som Heilag-Olav, «Noregs evigvarande konge». Myten om Heilag-Olav var òg avgjerande i den vidare rikssamlinga og hos nordmenn flest fram til moderne tid.

(Artikkelen held fram under biletet)

Olav den heilage. Treskulptur som skal framstille Olav den heilage, datert til midten av 1200-talet. Skulpturen stod i Fresvik kyrkje i Vik i Sogn og Fjordane og høyrer i dag til Kulturhistorisk museum. Foto: Eirik I. Johnsen, kjelde: © 2017 Kulturhistorisk museum, UiO på unimus.no CC BY-SA 4.0 (museumsnr. C35142).

Treskulptur som skal framstille Olav den heilage, datert til midten av 1200-talet. Skulpturen stod i Fresvik kyrkje i Vik i Sogn og Fjordane og høyrer i dag til Kulturhistorisk museum. Foto: Eirik I. Johnsen, kjelde: © 2017 Kulturhistorisk museum, UiO på unimus.no CC BY-SA 4.0 (museumsnr. C35142).

I viking

Tidleg i tenåra skal Olav ha fare på vikingferd, først til Gotland, Svitjod (namn på delar av Sverige)  og finske område, seinare til Nederlanda, England og Spania. Men mest var han i England, som del av ein dansk hær, under leiing av den vidgjetne jomsvikingen Torkjell Høge. Her var Olav med på eit åtak på London og raninga av erkebispesetet Canterbury. Herjinga skaffa dei svære inntekter i form av løysepengar mot åtak frå vikingar, såkalla danegjeld, som utgjorde 48 000 pund sølv.

 

Etter dette tok Olav teneste hos kong Ethelred 2 i England. Då kongen måtte flykte frå landet i 1013, etter eit åtak frå danekongen Svein Tjugeskjegg, følgde Olav med til Normandie og vart der hærførar under hertug Rikard 2. Her vart han kjend med kristendomen og lét seg døype. Rikard 2. hadde samla mykje makt over rettsstell, skattlegging, forsvar og trusutøving hos seg sjølv, og dette danna seinare eit førebilete for Olav si eiga kongsgjerning.

 

Då kong Svein Tjugeskjegg døydde i 1014, prøvde Ethelred å vinne tilbake det engelske riket. Olav på si side sette kursen mot Noreg, kanskje for å vinne det norske riket på oppdrag frå Ethelred.

 

Til Noreg

Hovdingslekta ladejarlane hadde styrt Nord-Vestlandet og Trøndelag sidan nedkjempinga av Olav Tryggvason i år 1000. I 1015 sat Eirik og Svein, sønene til Håkon jarl, med makta, som danekongen sine underkongar. Son til Svein Tjugeskjegg, Knut den mektige, kalla då Eirik til England, for at han skulle styre over Northumberland. Son til Eirik, Håkon, vart verande i Noreg, saman med farbroren sin.

 

Same året kom Olav Haraldsson til Noreg med to knarrar og vel 200 mann. Her lukkast han med å ta Håkon til fange, men gav han grid, altså nåde, og sende han til faren i England. Sterkast stod Olav på Austlandet, som fosterson til Ringerike-kongen Sigurd Syr. Sigurd skal ifølgje sogene ha vore etterkomar av Harald Hårfagre, noko som òg vart hevda om far til Olav, Harald Grenske, konge i Vestfold. Den påståtte slektskapen gav Olav tilknyting både i aust og vest og slik ei viss hevd på større delar av riket.

 

Samlinga

Olav prøvde å leggje mykje av landet under seg og nytta rikdomen sin til å skaffe seg støttespelarar. Han fór rundt på norske ting, først til slekta sine område i Opplanda. Med støtte frå fosterfar sin fekk han her tilslutnad frå stormennene, som må ha sett seg lei på dansk og svensk innblanding. Seinare vart han òg hylla av gudbrandsdølane. Større motstand møtte han i Trøndelag og langs kysten nordover.

 

For å vinne makta i nord, samla Olav ein større hær i Vika, og 26. mars 1016 kom det til slag ved Nesjar på kysten av Vestfold, mot Svein jarl, Einar Tambarskjelve og vestlandshovdingen Erling Skjalgsson. Med ein underlegen hær sigra Olav og fekk så si «konungstekja», kongehylling, på Øyratinget. Svein rømte landet, og då han døydde året etter, vart Olav teken til konge også av inntrønderane.

 

Rikskongen

Som rikskonge innførte Olav fleire ordningar for å lette statsstyringa. Han innsette stormenn som lendmenn, styringsmenn, i alle landsdelar, og utpeika så ombodsmenn, kalla årmenn, til å ha tilsyn med lendmennene. Dette skapte ei statsordning som kunne overleve kongen sjølv, og som danna eit bolverk mot utanlandsk innblanding. Hirda skal han ha delt opp i ulike avdelingar, der hirdmennene fekk dei eigentlege hæroppgåvene og dei såkalla gjestene dreiv med vakt og speiding.

 

Mykje av det norske riket var kristna før Olavs styringstid, men under han vart kyrkjeordninga mykje utbygd. På tingmøtet på Moster i Sunnhordland i 1024 bestemte han lovene for kyrkja, saman med hirdbiskopen sin, Grimkjell. Kristendomen vart no einaste lovlege tru, og kristenretten vart gjord gjeldande. Kongen lét så byggje fleire kyrkjer rundt omkring i riket og skaffa prestar til desse kyrkjene.

 

Motstand

Statsstyringa var framleis ikkje sterk nok til at kongen kunne fri seg frå personlege lydnadsband. Då Olav tidvis gjekk hardt fram mot motstandarane sine og la under seg godsa deira, fekk han mange mektige fiendar. Fleire stormenn var òg misnøgde med at makta deira minka under framveksten av rikskongedømet. Og det vekte mykje harme at Olav oppnemnde årmenn av låg byrd til å vakte dei høgætta lendmennene. Forbod mot blot kan likeins ha medverka til gryande opprør.

 

I 1027 drap Olav så det største trugsmålet mot maktstillinga si, vestlandshovdingen Erling Skjalgsson, tidlegare svoger til Olav Tryggvason. Det fekk endå fleire stormenn til å vende han ryggen. Ein av dei var Olavs tilhengjar Kalv Arnesson, som kan ha vore lendmann på Egge og var gift med enkja etter den tidlegare mektige hovdingen Olve, som Olav hadde nedkjempa. Kalv var Olavs kampfelle i slaget der Erling Skjalgsson fall, men han og andre stormenn kjende no stillinga si så trua at dei søkte hjelp hos andre kongar.

 

Sverige og Danmark

Heilt frå byrjinga møtte styret til Olav motstand frå Danmark og Sveige. Jarlane Eirik og Svein hadde vorte gifta inn i dei danske og svenske kongeættene, og Olavs kongedøme utgjorde difor eit trugsmål mot dei grunnfesta banda mellom dei nordiske rika. Svenske stormenn overtydde etter kvart sveakongen Olof Skötkonung om å slutte fred med Olav gjennom giftarmål, men det danske riket heldt fram med å vere eit trugsmål mot det norske riket, slik det hadde vore sidan Harald Hårfagre.

 

Med sitt engelske kongedøme var Knut den mektige ein av dei mektigaste europeiske herskarane på denne tida. I byrjinga av Olav Haraldsson si styringstid hadde Knut derimot nok med å forsvare makta si i England, som han overtok i 1014. I 1018 vart han vald til konge også i Danmark, etter broren Harald. Frå gamalt av hadde danekongane hevda makt også i det søraustlege Noreg. Den utsette stillinga i England gjorde det derimot vanskeleg for Knut å halde oppe krav mot Olav. At Knut hadde sete i England, gjorde også Danmark sårbart for åtak nordfrå, eit trugsmål som ikkje vart borte før danske styrkar slo tilbake ein svensk-norsk hær i 1026.

 

Knut den mektige hadde store rikdomar og auste dei over norske stormenn for å få dei med i kampen mot Olav. I 1028 segla han til Noreg med femti skip og vart vald til norsk konge på Øyratinget. Olav måtte no flykte og drog til svogeren sin Jaroslav i Gardarike. Knut sette Håkon jarl til norsk underkonge, men han døydde året etter. Olav prøvde då å vinne tilbake riket og samla ein hær av svenskar hos svogeren sin, svenskekongen Anund Jakob og opplendingar leidde av Harald Sigurdsson.

 

Stiklestad

«Beisk den sorg, vor hovding hadde for få menner austfrå […] difor sigra bønders hær: dei dobbelt mange var», kvad skalden og stallaren til Olav, Sigvat Tordsson, i «Erfidrápa». På Stiklestad i Verdalen møtte Olav 29. juli 1030 ei samling av inntrønderske bønder og fylkingar frå kysten, leidde av Kalv Arnesson, Hårek frå Tjøtta og Tore Hund. På begge sider var det både kristne og heidningar. Olav skal ha hatt kring 3600 mann, motstandarane to gonger så mange. Det kom til slag. Det skal ha vore kortvarig, for Olav fall tidleg.

 

Før slaget drøymde Olav ifølgje sogene at han kleiv opp til himmelen på ein stige. Same om han verkeleg drøymde denne draumen eller ikkje, byrja her legenda om den heilage Olav. Rett etter at Olav var død, skal folk ha oppsøkt gravstaden ved Nidelva og der opplevd læking og under. Då kista vart graven opp året etter, tolka fleire det dit at hår og neglar hadde vakse. Etter dette mirakelet vart han heilagkåra av biskop Grimkjell.

 

Helgenkongen

«Av di han ville verja trua, drap trua sine fiendar honom med hard hug; men sæl vandra han frå hærlegeret og til himmelkongens ævelege borg.» Slik heiter det i Passio Olavi, forteljinga om Heilag-Olavs mirakel, som skulle lesast under Olavsvaka, midnattsmessa natt til dødsdagen hans, 29. juli. Markeringa, seinare kjend som olsok, tok til få år etter at Olav var heilagkåra.

 

Arven frå den heilage Olav var viktig for den vidare framveksten av kristendomen i Norden, fram til opprettinga av ein norsk kyrkjeprovins med Nidaros som sentrum, der Olavs grav i Nidarosdomen var eit pilegrimsmål. Olavskulten spreidde seg no raskt til England, og etter kvart til resten av Norden og Europa.

 

Mytane om helgenkongen fekk god grobotn også i det politiske Noreg. Knut den mektige innsette son sin, Svein Knutsson, som norsk riksstyrar, og han styrte med hard hand, noko som stilte Olav i eit betre lys. Tidlegare motstandarar, til dømes Tore Hund og Einar Tambarskjelve, angra då på motstanden mot Olav og medverka sjølve til dyrkinga av Heilag-Olav. Etter nokre år vart også Svein jaga frå landet, og Magnus, son til Olav, vart teken til konge i staden. Seinare norske kongar vart salva som etterkomarar etter Olav. Som helgen oppnådde Olav slik endeleg den samlinga som han streva etter i heile styringstida si.

 

Kjelder

Lars Roar Langslet: Olav den hellige. Oslo 1995/1998

Lars Roar Langslet og Knut Ødegård: Olav den hellige. Spor etter helgenkongen. Oslo 2011

Hans Jacob Orning. Norvegr. Norges historie, bd. 1: Frem til 1400. Oslo 2011

 

Peikarar

«Olav Haraldsson», Stiklestad nasjonale kultursenter, stiklestad.no 

«Olav den Hellige», Den katolske kirke, katolsk.no 

Hans Jacob Orning: «Bruken av Olav den hellige i moderne norsk historie», norgeshistorie.no 

«Den store sommerfesten», om Olavsfestdagene, olavsfestdagene.no 

Passio Olavi. Lidingssoga og undergjerningane åt den heilage Olav, omsett av Eiliv Skard, nb.no 

Først publisert: 22.09.2017
Sist oppdatert: 29.07.2019