Hopp til innhold
Dronning Sophie. Foto: Szacinski/Oslo Museum CC BY SA 4.0.
Dronning Sophie. Foto: Szacinski/Oslo Museum CC BY SA 4.0.
X
Innhald

Sophie

Dronning Sophie, dronning i unionen Noreg og Sverige fram til 1905. Ho er oldemor til kong Harald V.

Sophie (i Sverige Sofia), 1836–1913, var norsk-svensk dronning og dotter av hertug Wilhelm av Nassau. I 1857 gifta ho seg med prins Oscar av Sverige, den seinare kong Oscar II.

Kong Oscar II og dronning Sophie vart kruna i Nidarosdomen 18. juli 1873. Sophie var norsk dronning mellom 1872 og 1905, då Noreg var i union med Sverige. Sophie var ofte i Noreg og ferierte om sommaren på garden Skinnarbøl ved Kongsvinger.

Sophie fekk fire born, Gustav, Oscar, Carl og Eugen. Sonen Gustav V vart konge då Oscar II døydde. Dronning Sophie er oldemora til kong Harald V.

Ho var oppteken av sosialt arbeid og tok initiativet til Sophiahemmet i Stockholmn og stiftinga Sophies Minde.


Sofies gate og Sofies plass i Oslo er kalla opp att etter dronning Sophie.

Først publisert: 07.04.2016
Sist oppdatert: 13.09.2017