Hopp til innhold
X
Innhald

Sverre Sigurdsson

Sverre Sigurdsson, ca. 1150–1202, var ein norsk konge.

Etter det Sverres saga seier, fortalde mor hans, Gunnhild, at han var son av kong Sigurd Munn og følgjeleg tronarving. Han vart førar for birkebeinarane etter slaget på Re i 1177 og hylla til konge. Etter slaget på Fimreite i 1184, der han slo Magnus Erlingsson, vart Sverre einekonge, men han måtte framleis kjempe mot baglarane og dei geistlege. Sverre Sigurdsson hadde ein eineståande personlegdom og var ein stor talar og ukonvensjonell militær strateg. Han etablerte Sverre-ætta som nytt kongehus.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.04.2017
Sist oppdatert: 05.04.2017