Hopp til innhold

Adel

Adel

Adelen var ei samfunnsklasse som hadde arvelege privilegium, eller særrettar. Omgrepet er knytt til standssamfunnet, der adelen og presteskapet var dei to leiande stendene.

Les meir om Adel

Danegjeld

Danegjeld

Danegjeld, namnet på den tributten som dei engelske og franske kongane måtte betale for å inngå fred og sleppe herjingar frå skandinaviske krigarar som var leidde av danekongen.

Les meir om Danegjeld

Gilde

Gilde, nemning på ulike samanslutningar. Gilda hadde opphav i drikkelag som utvikla seg til fastare foreiningar i høgmellomalderen.

Les meir om Gilde

Gropkeramikk

Gropkeramikk, buplassfunn som er kjende frå ei rekkje lokale kulturar frå den yngre steinalderen, spreidd over Danmark, Sør-Sverige og Sør-Noreg.

Les meir om Gropkeramikk

Jarl

Jarl

Jarl er ein gammal nordisk adelstittel. Tittelen er truleg i slekt med nemninga erilaz, som er kjend frå innskrifter i den eldre futharken på runesteinar og amulettar frå romersk jernalder og folkevandringstida.

Les meir om Jarl

Jomsvikingane

Jomsvikingane er namnet som vert brukt om ei mytisk gruppe av leigesoldatar og sjørøvarar søraust i Austersjøen, som skal ha vore verksame frå 960 til 1043. Denne gruppa var tidvis skadeleg for handelen i området og skal difor ha vorte nedkjempa av Magnus den gode. Størst innverknad på norsk historie hadde dei då dei tapte for Håkon jarl i slaget ved Hjørungavåg.

Les meir om Jomsvikingane

Miklagard

Miklagard

Miklagard var det norrøne namnet på Konstantinopel, seinare Istanbul. Fleire vikingar vitja Miklagard, og byen er derfor omtalt fleire stader i dei norrøne sogene. Namnet finn ein òg att på runesteinar.

Les meir om Miklagard

Schoutbynacht

Schoutbynacht [skautbeinakt] (frå nederlandsk), den lågaste admiralsgraden i Danmark-Noreg og Sverige før 1771, då han vart erstatta av konteadmiral.

Les meir om Schoutbynacht

Sysle

Sysle (dansk syssel, av norrønt sýsla, ’gjeremål’), styringsområde i Danmark, Island og Noreg i mellomalderen. 

Les meir om Sysle

Væringar

Væringar

​Væringar (av norrønt væringjar, avleidd av vár, ’løfte’), namn på skandinaviske krigarar, særleg svenske, i Kiev-Rus og Bysants i Austromarriket i vikingtida og høgmellomalderen.
Les meir om Væringar