Hopp til innhold
Knud den store mottok den største danegjelda frå den enegelske kongemakta.
Knud den store mottok den største danegjelda frå den enegelske kongemakta.
Alberg Haelwegh og Jørgen Holst 1646 i Regum Daniæ Icones Foto: Statens museum for kunst. Falle i det fri.
X
Innhald

Danegjeld

Danegjeld, namnet på den tributten som dei engelske og franske kongane måtte betale for å inngå fred og sleppe herjingar frå skandinaviske krigarar som var leidde av danekongen.

Nemninga er særleg nytta i samband med dei skattane som vart betalte til styrkane til danekongen frå 990-åra, men også om frikjøp frå vikingplyndring før dette.

Frå 991 til 1018 er det rekna ut at den engelske kongemakta ytte 60‒70 tonn i sølv i danegjeld. Den største hevinga av danegjeld fann stad i 1018, då danekongen Knut den store lova å oppløyse angrepsflåten sin mot ei skatteyting på 31 tonn sølv. Dette var svært store inntekter som endra maktgrunnlaget i dei skandinaviske landa og var med på å bidra til seinare statsutvikling.

Etter at vikingtokta tok slutt, heldt dei engelske kongane fram med å krevje danegjeld av folket, slik at gjelda vart ein fast skatt til den engelske krona.

Først publisert: 30.01.2017
Sist oppdatert: 27.02.2017