Hopp til innhold
X
Innhald

Dyveke Ottikesdatter

Dyveke Ottikesdatter, 1491–1517, var dotter av Sigbrit Willums eller Villumsdatter. Ho var elskarinna til Christian II frå 1507 eller 1509.

Forholdet hennar til kongen fekk store politiske konsekvensar då kongen, påverka av dei borgarlege ideala til Sigbrit, vart stimulert til å føre ein anti-adeleg og pro-borgarleg politikk.

Det vekte opprør då Christian lét Torben Oxe, som fekk skulda for at Dyveke var død, halshogge utan gyldig dom. Den aggressive og uforsonlege kursen frå kongen etter at Dyveke døydde, førte på sikt til blodbadet i Stockholm og i 1523 til adelsopprøret som fordreiv han frå trona.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.05.2016
Sist oppdatert: 13.09.2017